Me har fått vårt fyrste besøk av vener frå Noreg (dei frå familien har vore her før). Det er Jan Erik og Signe frå Våland som har teke turen her og nyt varmen, fin natur, godt venskap samt god mat og vin i 4 dagar.
Middelhavet er sånn cirka middels temperert for norske vikingar
Jan Erik og Signe trivdes godt i den gamle byen Altea i dag.
Gamle menn i passiar i garasjen
Gjenspeilet
Denne bilen har eg veldig lyst på! Det er ein Citroen Traction 1954 modell.
...eller denne 2CVen.
Signe
Unni Elisabeth
Jan Erik
Jan Erik hadde vore i Benidorm i 1975 og var fascinert etter nytt besøk.
På opplevingstur i Guadelest
Nokre tankar om å bu og leve på ein ny stad
Nok ei vitjing er over for denne gong! Det er alltid noko trist når folk reiser heim att. Me har ikkje så mange vener her i Spania. Det tek tid å byggje seg eitt nytt liv ein annan stad. Me har jo ikkje akkurat tenkt på det, me er liksom meir på ei lengre reise, der med ikkje bevegar oss så mykje! Slikt følast det. Eg vert rastlaus og litt nedstemt somme tider. Då må eg finna på noko, ta meg sjølv i nakken og då går det jo godt! Me er svært glade i venene våre i Noreg og vil nok setje ennå meir pris på desse og opplevingar med gode vener i framtida.Vitjing av vener slik som Jan Erik og Signe no sist, betyr mykje for oss, me ser korleis det er å ha god og nære vener. Opplevingane mine på dei to korte turane i Noreg har og synt meg kor verdfulle menneskje er for kvarandre, det er fantastisk å bli teken imot med hus og seng slik eg har opplevd, takk til dykk for det!! Ein føler seg kanskje ekstra «heimlaus» når ein ikkje kan bu i eige hus i eigen by, i eige land….
Vel, det var nokre personlege synspunkt eg ville dele med dykk som les på sia mi.
Og her nokre kvardagsbilete frå den ny bustaden vår.
Me har nett hatt ei veke med Fiesta... Men spanjolane skyt opp fyrverkeri heile tia!
Kitty Karina er glad for dei nye skoa sine!
Mikal og Silje går og på skulen her i Albir og er og frå Stavanger!
Mikal og Kitty Karina har trynevrengt Silje
APPELSINHAUSTEN!
Kitty Karina plukkar appelsiner i bakgarden vår!
Appelsiner i bolle!
Appelsiner i bolle!