Vårløysinga i Granada! Primavera en Granada!

Så har med drege til Granada igjen.  Hovudstaden i provinsen med same namn. Byen ligg ved fjellrekkja Sierra Nevada med toppar opp mot 3500 meter. Det var mellom anna her i desse fjella, eg og far min sykla i 1968. Det eg hugsar mest frå denne byen var sjølvsagt det fine palasset/borgen Alhambra – Det raude borgen, som det heiter oversett frå arabisk. Det er blitt ein skikkeleg turistmaskin sidan 1968, det er sikkert og visst. 2 millionar vitjar Alhambra kvart år. Men eg ser dei treng store inntekter for å halde dette så flott som det me såg no.

Alhambra borgen eller slottet fotografert den 4. april då me var der sist.

Me vitja Alhambra i påsken, Semana Santa, den største religiøse hendinga i Spania. Då var det mykje folk der. Tusenvis i gatene med de spesielle figurane og prosesjonane med kristusfiguarar. Dette såg me i Sevilla, Cordoba og i Granada. Me hadde planar om å vitje Alhambra sist gong, men fant for seint ut at me måtte tinga billett på førehand. Denne gongen fekk me hotellet til å gjere det for oss.

Denne hagen hugsar eg godt frå vitjing i 1968. Har film av meg herfrå.

Alhambra er eit viktig monument frå historisk tid som viser kulturelle og religiøse retningar gjennom byggestil frå midten av trettenhundretalet og fram til syttenhundretalet. Mykje av interiøra er utsmykka med flotte utskjæringar i STEIN, omtrent som me ser for oss ein detaljert tapet med blomster eller ornament.

Fontene

Alhambra ei eit stort område med bygningar og parkar i forskjellig storleik.

Falke innramma i mauriske ornamenter.

Utskjeringane er imponerande handtverk. Me såg dei også i Sevilla og Cordoba, som og er byar merkte av den store påverknaden frå arabisk (maurisk) kultur. Det var flott å sjå, men ikkje så imponerande som me hadde førestilt oss. Det var vel så fint Sevilla og Cordoba.
Hagane derimot var utsøkte og spesielle. Eg trur eg ikkje har sett like nokon stad i verda. Og me kom på det rete tidspunktet og. På våren, då alle blomster og trer er metta i sine mest intense fargar. Det var ei syn å sjå og ikkje minst var lukta av alle blomane ei spesiell oppleving!

Snakk om edens hage. Her gnistra fargane rundt om oss og for ei deilig lukt!

,Kitty Karina var måteleg lite interessera. Ho meiner ho allereie har sett dette før (!). Falke fylgjer med, oppteke av historie etterkvart. Han har vært det sidan me var i Kina i 2004. Ekstra interessant for han var alle dei spesielle trea som var rundt omkring i dei mange hagane.

Dette romantiske motivet kunne jo brukast til ein veggpryd kanskje?

Falke han studera dei mange trea med sit profesjonelle aboriskblikk!

Falke såg på planter og tre med sitt profesjonelle aboristblikk!

Me såg jo byen og. Den var finare enn sist gong. Då budde me like ved ein motorveg og me såg mest store bustadblokker rundt oss. Denne gongen vitja me eit hotell nærare gamlebyen og Alhambra-slottet. Rundt oss var det berre fine hus gamle som nye, og flotte parkar!

Unni var med meg og handla to fine lamper maurerlamper.

Coscos er sjølvsagd mat når ein reiser til slike gamle mauriske plassar.

Unni og Sierra Nevada.

Hotellet

Hotellrommet.

Valmuer på vegen.

Turen attende til Albir var på 485 kilometer.

Blomtereng, våren er her.

Det gjekk raskt unna. Me fekk eit lite uhell undervegs, då vindusruta på venstre ikkje ville kome opp. Det var vindusheisen som hadde streika. Det vart tur heim med mykje vind i håret ! Vegen mellom Granada og Alicante byr på mykje fint og kontrastfylt landsskap. Og eg meiner dette må vere den finaste årstida åsjå denne delen av Spania! Uten tvil!

Og så eit lite farvel (eller på gjensyn) med dette bilete frå ein av dei mange fontenane i byen:

Hasta Pronto Granada.

Og ei lita oppmoding til sist! Kom med kommentarar (trykk på comments nedfor her) om det er noko dykk vil uttrykkje om bileta eller kva eg skriv om! De er visst berre familien vår som har skrive i det siste! Set veldig pris på å få nokre ord frå andre og, me lurer og korleis det går med dykk i Noreg – i Bergen, Stavanger og Oslo.

Días ocupados – Travle dagar

Nok eit lengre opphald frå skriveverksemda mi! No har det skjedd ein del som er verd å ofre nokre ord på. Det har vore travle dager i det siste!

1. Me har feira eit 26års jubileum.
2. Me har vore på tur igjen.
3. Me har hatt overnattingsbesøk (fleire faktisk).
4. Nye opptak til filmen.
5. Me har startar flyttinga – igjen.

For dei som lurde på kva som var så spesielt med 22. oktober 1983, så var det dagen då eg og Unni Elisabeth møtte kvarandre.  Ein fin middag vart det i Alfaz del Pi, sjølv om eg nok kunne ha funne ein stad med litt betre mat…

I helga var med på tur.  Me køyrde Kitty Karina og ei venninne (Silje går i 6 kl på den norske skulen) til Terra Michica. Dette er ein fornøyelsepark på line med Kongeparken, men tre gonger større. Her sette av jentene kl. 12, så sette me nasen mot fjella bakføre.

Koselig kveld men litt kjedelig mat på restauranten i Alfaz

Koselig kveld - kjedelig mat

Unni i fiiin stas!

Unni i fiiin stas

Koselege Finestrat openbara seg i eit mektig fjelllandskap.  Som fleire byar i området, mellom anna Polop og Guadelest er og Finestrat verd eit besøk om du vil se flott natur, gamal spansk arkitektur og oppleve noko anna enn shopping, strandliv og bading.  Finestrat ligg like bak (vest) for det store Puig Campana som me etter oppmoding frå ein ven (Richard Steffensen) har planar om å bestige! Det er 1408 meter høgt. Den er snøkledd somme tider på vinteren, men me må prøva å kome oss opp ein dag utan snøver! I Finestrat fann me ein brukt butikk…. Der blei me ei lita stund.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her bur det norske folk.

Her bur det norske folk.

Faleg katt!

Faleg katt!

Etter eit par timar i fjella, køyrde me til Benidorm, der me ikkje gjorde anna enn å ligge på stranda til sola forvann bak skyskraparane. Då var jentene klare for å bli henta med Tacos og privat skodespel i heimen!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Nye gjester i huset?

Nye gjester i huset?

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Dei siste to dagane har me og hatt ei norsk jente frå Larvik på besøk i huset. Silje Jacobsen heiter ho, er 28 år utdanna lærer og reiser Spania rundt for å lære seg språk folk og kultur. Eg invitera henne via Couchsurfing. Det er et sosialt netteverk for folk som liker å reise og oppleve folk der dei bur. Dette ville eg og  gjerne prøve, og har allereie fått kontakt med spanske vener som eg skal halde kontakten med framover.  Magne Risa er ein ihuga CS-mann! Han har mange spanande reise-erfaringar. Les kommentarfeltet hans på denne lenka.

På mondag var me på kunst-vernissage med Siri frå Larvik

På måndag var me på kunst-vernissasje med Silje frå Larvik

No har eg pakka igjen. Me er på flyttefot til nok ein bustad. For dykk som har lese bloggen min jamt og trutt vil veta at med har fått oss ein mindre bustad. Me leiger av eit par frå Skien, eit hyggeleg tannleikar/sjukepleiarar som har dette huset i omlag 10 år. Huset er tidlegare eigd av  ein norsk skodespelar. Han er kjend for ein av de mest namngjetne  filmroller i norsk filmhistorie. Kan nokon gjette det? Skal skrive om han seinare når er syner fram huset for dykk. Eg fekk og ei spesiell e-post i dag som knyter meg og til norsk filmhistorie! Fylg med seinare!

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde med og opptak av Kitty Karina sin klasse på skulen. Dei hadde eit prosjekt i samband med FN-dagen og hadde mellom anna framføring av dette for SFO-elevar. Kitty Karina si gruppe hadde eit sers kreativt innslag!

I dag tyrsdag slengde inn eit par koffertar og ryggsekker med eigendelar. Trur eg blir ferdig til torsdag, då kan eg vaske ut huset. Eg reknar med å gjere dette aleine, ettersom Unni Elisabeth og Kitty Karina er på skulen…

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Rolege dagar – Los dias tranquillos

Det er nokre dagar sidan eg skreiv på sia mi. Eg er jo litt usikker omkring kva som er verd å skrive om. Livet her i Spania er ikkje alltid like interessant. Vår kvardag er vel ikkje meir interessant enn andre sine kvardagar, så er tenkjer og lurer på om det eg skriv er noko å lesa for andre enn familien? Eller kva meiner dykk som les? Ser av statistikken at det er  i snitt 15 menneske innom kvar dag og ser på sidene. Det meste på ein dag har vore 53! Kven er det? Det hadde vore kjekt å få nokre tilbakemeldingar på denne kommentarlenkja nederst på kvart innlegg.  Det har eg skrive før.  Du kan og sende meg ein e-post på post@skjalg.no.
Det har vore nokre dagar med stille liv, me har besøkt nok ein kollega frå Randaberg vgs her i Alfaz.  Hadde ein nydeleg middag hos Marit Steinsland og mannen som har eigen hus her i Alfaz.  Dagen etter hadde Kitty Karina fri frå skulen, då tok me oss ein tur med bilen. Utan kart og uten GPS………..
Køyreturen opp i eit gårdstun!

Køyreturen opp i eit gardstun!

Me skulle finna eit ridesenter og køyrde oss vekk i skog og fjell og hamna inne i eit høgst privat gardstun. Det var ein fin tur med mykje flott natur. Tilbake gjennom den fine dalen  stoppa me i Polop, ein liten fjelllandsby med intime tronge gater og og stor sjarm.

Polop er ein fin  gamal fjelllandsby med mykje spanande å sjå.

Polop er ein fin gamal fjelllandsby med mykje spanande å sjå.

Polop er ein by som ikkje mange besøker. Det er synd, for den fortener betre der ein kan få ei oppleving av ro i sjela utan den turistpresset det er i andre byar her. Små murhus med fine fargar. Hus som er bygde inn i fjellveggen er spesielt  for fleire gamle byar i denne delen av Spania.

Dei tar seg godt av husa sine i byen her!

Dei tar seg godt av husa sine i byen her!!

Å gå rundt i desse små byane, sitte på kafe og nyte det nære og folkelege, vekke frå biltrafikk og masseturisme er balsam for sjela. Det meiner iallefall eg. Det kan vere ei prøve å ha med seg ein 12åring på dette, det må eg leggje til! Kitty Karina ville helst heim att til datamaskinen ho! Nokon som kjenner seg att?

Var dette eitt hus eller eit fjell med vindu?

Var dette eitt hus eller eit fjell med vindu?

Større Paella har ikkje eg sett!

Større Paella har ikkje eg sett!

I byen Polop hadde dei denne dagen skipa til feiring av den katalanske nasjonaldagen. Som fleire av dykk veit så er Catalonia ein autonom region i Spania med eige indre sjølvstyre. Dei har og sin eigen nasjonaldag som er den 9. oktober. I byen hadde dei gjort klart til folkefest med den største Paellaen eg nokon gong har sett!

Det er 100 Drikkefontene i Polop. På same plassen!

Font els Xorros. Det er 221 drikkefontene i Polop. Dei er rundt heile plassen bak meg.

Resten av helga var me i Sant Juan de les Terreos, som me og vitja førre helg! Me blei så glade i denne plassen og landskapet kring byen, at me reiste likebeint attende. Me tok inn på Calypso Hotel, som me fekk anbefala av Einar då me var hos dei sist. Staden var eit inspirerande kjennskap, me flotte strender og annleis natur og gamle sære bygningar i strandkanten! Sjå bilete.

Mange orginale sumarhus på stranda i San Juan del Terreros!

Mange orginale sumarhus på stranda i San Juan del Terreros!

Fin detaj frå hus i strandkanten

Fin detaj frå hus i strandkanten

Frå balkongen i hotel Calypso

Frå balkongen i hotel Calypso

Hotel Calypso er ein koseleg stad å bu. Det vart bygd i 1960 for den spanske gryande turismen. I  dag var det omtrent som den gong. Lite hadde endra seg. God sjarme, gamalt og slitt, to stjerner – nett som me likar det.

Bedre kan ein ikkje ha det. Hotellet vårt i bakgrunnen! 10.oktober!

Bedre kan ein ikkje ha det. Hotellet vårt i bakgrunnen! 10.oktober!

Hotellet låg rett på stranda. Rommet var likeeins rett med sjøen. Palmebladene sveipa golvet på terrassen. Her kunne me sitje og lese i bøkene vår med palmesus og bølgebrus!

Den største palmsskogen i Europa. 400.000 palmer i Elche.

Den største palmeskogen i Europa. 40.000 palmer i Elche.

På veg heimover på sundagen køyrte med innom Elche, som mellom anna er kjend for alle sin palmeskog. Faktisk ein av kun to slike i Europa! Palmeskogen vart planta av fønikarane i år 300 Fkr og vatningssystemet er det same som blei bygd av maurarane omkring år 900.

Ein sjelden palmeskog i byen Elche - Elx

Ein sjelden palmeskog i byen Elche - Elx

Og så var me på heimlege trakter igjen!

Og så var me på heimlege trakter igjen!

Kommentarar er velkomne – Takk!

Me har vært her ein månad. Eg har skrive nest kvar dag og nokre av dykk har lese, det veit eg. Det hadde vært kjekkt å få nokre tilbakemeldingar. Kva skjer hos dykk i Noreg? Nederst på kvart innlegg står det «no comments» eller «… comments». Trykk på den, så kan du skrive i det feltet som kjem fram. Det set med stor pris på!

Nokre stemningar frå morgonturen i dag!

Morgonsol frå den eine verandaen.

Morgonsol frå den eine verandaen.

Kvar dag treff eg desse som driv taichi på stranda.

Kvar dag treff eg desse som driv taichi på stranda.

Stille vatn på strand

Stille vatn på strand