Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm i Albir – ¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio en Albir!

frokost

Klokka er 0835. Unni er gått te skulen, om femten minutt går Kitty Karina.

¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio! .. Det betyr noko som dette:  Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm. Kva er så meininga bak denne tittelen? Det får du lesa litt seinare!

No er me i nytt hus! Herleg å bu sentralt og nær skulen. Det er to min til skulen og 8 minutt til sentrum! Herleg! I går hjelpte eg avgarde CS-Silje til Benidorm, ho skulle til Granada og skulle reise i området før ho dreg tilbake til Noreg om to veker. Rydda ut av restane i huset og i går – slik at dagen i dag har gått med til å støvsuge og vaske. 3 timar med fysisk arbeid…puh. Dokumentera med ein liten video som eg legg ut så fort eg får han inn på maskina…..

Eitt anna filmprosjekt eg arbeider med er jo filmen om Kitty Karina  i Spania. Det går framover her og, men eg er ennå ikkje sikker på om det vert noko som når offentlegheita gjennom TV eller liknande distribusjonskanalar.

I dag gjorde jeg nye filmopptak i gymmen med KK i hovudrolla!

I dag gjorde eg nye filmopptak i gymmen med KK i hovudrolla!

Bennys dorm - Benidorm - huset me bur i no.

Bennys dorm - Benidorm - huset me bur i no.

Og her er bassenget som Kitty Karina er så avhengig av. Utfor døra vår.

Og her er bassenget som Kitty Karina er så avhengig av. Utfor døra vår.

Huset me nå lever i heiter Bennys Dorm. Det er oppkalla etter ein viss Benny i Olsenbanden. Eitt viss  ordspel med nabobyen Bennidorm les me og. Det er faktisk karakteren Benny, alias Sverre Holm som budd i huset her frå det var nytt for 16-17 år sidan. Litt interessant at det skulle kome ein filmmann frå Noreg her no …..i dette huset igjen.

Som om ikkje det var nok, så fekk eg og ein epost i går om dei kunne syne eit utdrag frå filmen «Stå på!» som er var med å laga i 1976 samen med kolleger frå Oslo.  I e-posten frå NB heiter det mellom anna:

Vi ønsker gjerne å ha med et utdrag fra "Stå på!" i denne sammenheng, og
håper på et ja fra deg/dere. Du/dere vil selvsagt bli behørig kredittert og
invitert. Utstillingen vil være åpen for alle (gratis) her på NB, Solli
plass (januar-mars 2010).

«Stå På» er den fyrste versjon av filmen «Tvers igjennomen Lov til Seier» og  handla om Hammerverk-konflikten på syttitalet og filmen skal brukast i ein 100års kavalkade om den norske filmhistorien. Dette synes eg var gjevt!

Días ocupados – Travle dagar

Nok eit lengre opphald frå skriveverksemda mi! No har det skjedd ein del som er verd å ofre nokre ord på. Det har vore travle dager i det siste!

1. Me har feira eit 26års jubileum.
2. Me har vore på tur igjen.
3. Me har hatt overnattingsbesøk (fleire faktisk).
4. Nye opptak til filmen.
5. Me har startar flyttinga – igjen.

For dei som lurde på kva som var så spesielt med 22. oktober 1983, så var det dagen då eg og Unni Elisabeth møtte kvarandre.  Ein fin middag vart det i Alfaz del Pi, sjølv om eg nok kunne ha funne ein stad med litt betre mat…

I helga var med på tur.  Me køyrde Kitty Karina og ei venninne (Silje går i 6 kl på den norske skulen) til Terra Michica. Dette er ein fornøyelsepark på line med Kongeparken, men tre gonger større. Her sette av jentene kl. 12, så sette me nasen mot fjella bakføre.

Koselig kveld men litt kjedelig mat på restauranten i Alfaz

Koselig kveld - kjedelig mat

Unni i fiiin stas!

Unni i fiiin stas

Koselege Finestrat openbara seg i eit mektig fjelllandskap.  Som fleire byar i området, mellom anna Polop og Guadelest er og Finestrat verd eit besøk om du vil se flott natur, gamal spansk arkitektur og oppleve noko anna enn shopping, strandliv og bading.  Finestrat ligg like bak (vest) for det store Puig Campana som me etter oppmoding frå ein ven (Richard Steffensen) har planar om å bestige! Det er 1408 meter høgt. Den er snøkledd somme tider på vinteren, men me må prøva å kome oss opp ein dag utan snøver! I Finestrat fann me ein brukt butikk…. Der blei me ei lita stund.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Finestraat og Puig Campana, 1408 m.o.h.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Idyllisk, ikkje sant? Her er det fleire hus til salgs no.

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her er det flotte paret i den fine byen!

Her bur det norske folk.

Her bur det norske folk.

Faleg katt!

Faleg katt!

Etter eit par timar i fjella, køyrde me til Benidorm, der me ikkje gjorde anna enn å ligge på stranda til sola forvann bak skyskraparane. Då var jentene klare for å bli henta med Tacos og privat skodespel i heimen!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Benidorm. Stygg by med ein fin solnedgang!

Nye gjester i huset?

Nye gjester i huset?

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Silje og Kitty Karina skiftar ham!

Dei siste to dagane har me og hatt ei norsk jente frå Larvik på besøk i huset. Silje Jacobsen heiter ho, er 28 år utdanna lærer og reiser Spania rundt for å lære seg språk folk og kultur. Eg invitera henne via Couchsurfing. Det er et sosialt netteverk for folk som liker å reise og oppleve folk der dei bur. Dette ville eg og  gjerne prøve, og har allereie fått kontakt med spanske vener som eg skal halde kontakten med framover.  Magne Risa er ein ihuga CS-mann! Han har mange spanande reise-erfaringar. Les kommentarfeltet hans på denne lenka.

På mondag var me på kunst-vernissage med Siri frå Larvik

På måndag var me på kunst-vernissasje med Silje frå Larvik

No har eg pakka igjen. Me er på flyttefot til nok ein bustad. For dykk som har lese bloggen min jamt og trutt vil veta at med har fått oss ein mindre bustad. Me leiger av eit par frå Skien, eit hyggeleg tannleikar/sjukepleiarar som har dette huset i omlag 10 år. Huset er tidlegare eigd av  ein norsk skodespelar. Han er kjend for ein av de mest namngjetne  filmroller i norsk filmhistorie. Kan nokon gjette det? Skal skrive om han seinare når er syner fram huset for dykk. Eg fekk og ei spesiell e-post i dag som knyter meg og til norsk filmhistorie! Fylg med seinare!

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde me ei ny økt med opptak på skulen.

På måndag hadde med og opptak av Kitty Karina sin klasse på skulen. Dei hadde eit prosjekt i samband med FN-dagen og hadde mellom anna framføring av dette for SFO-elevar. Kitty Karina si gruppe hadde eit sers kreativt innslag!

I dag tyrsdag slengde inn eit par koffertar og ryggsekker med eigendelar. Trur eg blir ferdig til torsdag, då kan eg vaske ut huset. Eg reknar med å gjere dette aleine, ettersom Unni Elisabeth og Kitty Karina er på skulen…

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!

Et par lass med rabe i bilen, så var alt på plass!