Fleire minner frå siste Noregs-tur

Det er mange minne eg ikkje får skrive om og mange bilete er aldri får bruka. Det er litt dumt, men det er berre å skrive og leggje dei ut. Lage ei interessant soge og lage eit innlegg. De får eg gjere…dette er mest for dei nærmaste vener og familie, berre så det er nemnt.

Eg fekk henta Åsne, Siv, Steinar og Gry på flyplassen. Dei kom frå Rita i California.

Eg ser det er ein fast skare av brukarar som les sida mi det er desse er eigentleg skriv for. Nokre få slengarar kjem det utanfrå, men dei fleste kjenner jo meg, Unni eller Kitty Karina.

Eg sit og ser på NRK. Me har faktisk NRK-kanalar her. No sender dei ein fersk dokumentar om vulkanen Eyjafjallajökull. Den siste turen blei mykje lengre enn planlagt. Alle veit vel grunnen til det. Eg var i Noregs frå 8. april til 23. april, ei veke lengre enn planlagd.

Cate snakkar med Unni

56-årsfeiring

Ringdans OP og Oy

Olav Petter skulle vere med ,men han måtte avlyse turen sin til Spania fordi han ikkje var sikker om han kom seg heim att til arbeidet sitt i Nordsjøen. Me var i Kviteseid på hans 57.årsdag  Ti år sidan OP var der sist. Eg feiraåremålsdagen min den 19. april saman med Todd, Oy og OP. Koseleg det. Noko eg og sette veldig pris på var kinoturen eg hadde med søstrene mine. Eg trur det må vera fyrste  gong at me alle har gått på kino saman! Me såg den morosame filmen «Ein ganske snill mann». Magne Risa, den kjende globetrottaren var og heime og eg vitja han den 20. april.  I den lille raude bua si viste eg han den nye datamaskinen eg kjøpte dagen før. Jo, eg måtte jo ha meg ei bursdagsgave og det vart ein ny berbar maskin som eg sjølvsagt har installera Linux Ubuntu på.  Det var berre surt å måtte betale 1000 kroner ekstra for eit OS (Windows Vista) eg berre skulle sletta!  Magne han var og ramma av flystansen. Magne han venta på fly til Chengdu i Kina. Ein spanande by Unni eg, Falke og Kitty Karina vitja i 2004. Han ville vidare til Tibet på denne nye jernbanen over tundraen, 3500 meter over havet… Den jernbanestrekninga som ligg høgast i verda. Unni vert nok «misunneleg» når ho les det!

Mange sitt kontor

Bua til Magne

Kjekt å vere på besøk hos han igjen, i det litle huset på Risa. Etter nokre dagar på overtid begynte eg å bli rastlaus. Eg nytta høve til å gjere litt arbeid og,  finne på noko eg kunne tene pengar på – og det gjorde eg. Det blei ein månad ekstra til Spaniabudsjettet det…

Aasny, Gry, Skjalg og Siv såg Ein ganske snill mann. På kino saman alle sysken for fyrste gong!

Hanna og Skjalg. Ho vert 92 på måndag den 26. april og held seg godt!

Det er ny veke snart. Men fyrst vert det helg. Me ser fram til laurdag. Då får me besøk frå Stavanger. Det er Eimund og Åshild som kjem. Det gler me  oss mykje til. Dei skal vere her hos oss i 4 dagar, så skal dei ta resten av veka i Alicante. Og på onsdag kjem det nok eit besøk som me alle tri har venta lenge på…

Kitty Karina i Spania – Chica de Noruega en España

Kitty Cat

Då Unni Elisabeth og eg snakka om å dra til Spania for eit par år sidan, var eitt av dei mest usikre momenta Kitty Karina si haldning til dette moglege opphaldet. I 2007, då me fyrst diskutera dette var det ikkje serleg sannsynleg, men eitt år seinare blei planane nemnt for Kitty Karina. Me hadde venta ei negativ reaksjon, men ho vart tvert om! No har med vore her snart 5 månader og Kitty Karina er på veg mot tenåra. Ho blir 13 år den 17. juni.

Kitty Karina er alltid i farta....

Og ho vil ikkje heim! Ho trivest så godt at ho helst vil bli eitt år til! På skulen går det bra, ho likar og klarer seg godt i alle fag, og ho er den einaste i familien som kan litt spansk når me kjem heim til sumaren! Ho har 2 timar på skulen og to timar spansk etter skuletid. Unni og Skjalg er ikkje så flinke, me har ennå ikkje kome oss på noko kurs!

Under vann er ho ofte, sjølv om det er ei stund sidan no!

Tida her i Spania var vore utviklande og spanande for Kitty Karina. Ho er blitt ven med mange nye (jenter og gutar).  Venene er berre blitt norske, diverre…. Me lever i eit norsk miljø med alt for lite dagleg kontakt med spanjolar. Dette er noko eg prøvar å gjere noko med, har et par spanske vener der eg søkjer kontakt med familie og deira sosiale nettverk.

Aktiv jente som er flink med fotballen... Ballen er allereie utanfor bilete!

Kitty Karina ville i byrjinga prøve å spele fotball saman med norske/spanske i klubbar her i Albir, men det var vanskeleg å få til. No er det helst fotball på skulen. Me ser på nett at det er framleis er stor aktivitet hos SIF-jentene -97, det blir kjekt å sjå att dei seinare dette året!

Data nerden som held kontakten med vener i Norge og Spania.

Ellers så er det mange av Kitty Karina sine vener i Noreg (og Spania) som har kontakt på nettet via Msn og Skype og Fjesboka. Åsne, Ylva, Helene, Pia, Ellen og Gunhild er der støtt og stadig, så ho nyttar ein del tid på kveldane på den kjekka datamaskina som ho tok over (kjøpte) frå Falke. Det blir og litt kontakt med Falke og Odin. Falke dreg i militæret i dag, torsdag, så han får me ikkje ny kontakt med før slutten av februar! Odin har nett flytta frå Oslo til Bergen, saman med kjærasten sin . Odin har si eiga bloggside.

Filmstjerne... vel, det er mest ein dokumentasjon av Kitty Karina sitt opphald i Spania.

Kitty Karina sitt liv i Spania vert filma av Skjalg. Det er eit lite prosjekt som med vonar kan visast til andre enn familien. Det vart kanskje litt tøft for Kitty Karina å vere midtpunktet i ein dokumentar om hennar liv, så me er ikkje sikre på om ho vil dette lenger. Så med planlegg å endre litt på struktur og innhald i dette prosjektet. Me får sjå kva det blir til!

Den kjekkaste aktiviteten på kjøkkenet for Baker Kitty K!

Ellers er Kitty Karina med på det meste heime i huset vårt i Tita, Albir. Ho tek sin tørn med vasking, rydding og andre gjeremål som høyrer familielivet til. Det hender at ho baker og slår skikkeleg til med favoritten Brownies!

Å vaske opp er ikkje det kjekkaste av Kitty Karina sine aktivitetar.

Det gjøremålet ho slit mest med, som dei fleste kan eg tenkja meg, er oppvasken. Det er ikkje serleg «automatisk», nei. Men det går med stundom uproblematisk akkompagnert med eigenlaga song til arbeidet!

Trøytt om morgonen!

Den største utfordringa er å få ho opp om morgonen! Det er vel eit problem nokon og ein kvar kjenner, både born, tenåringar og vaksne! Spesielt om vinteren, også her i Spania! Eg, derimot er oppe no.. kl 6 om morgonen, og skriv!

Ein fjortis kjedar seg i butikken!

I tillegg til morgon-trøtte så er ho i ferd med å bli ein skikkeleg «fjortis». Du kjenner dei? Til tider skikkeleg sløv. Himlar med augo når mor og far gjer noko eller seier no teit! Gjeng i «slow motion». Skal ha på seg lua si inne, det er visst tøft! Protesterer mot dei mest opplagde ting. Er skikkeleg tøff i trynet ovanfor føresette når vener er i nærleiken.  Men så kan ho samstundes gje oss dei næraste og mest koselege små og store stunder i saman med oss og. Ho er på veg mot tenåra det er sikkert! Eg trur dei fleste kjenner typen på sitt eige born!

Av og til er Kitty Karina sint jente. Og då kan det se slik ut!

Å ta vare på minne – El cuidado de los recuerdos

Kanskje det viktigaste innlegget mitt dette:

Denne sia les du frå din datamaskin, men ho ligg eigentleg på ein maskin i USA. Det skal vere ein trygg måte å lagre sine digitale dokument og bilete. Dei som passar på servaren I USA tar stendig (fleire gonger til dagen) kopi av dine data og kan om ynskjeleg gje deg kopi av alt du har der (ord og bilete) når du treng det. Dei vil sjølvsagt og legge alle dine ting på plass att om det skulle skje noko med maskinane deira (straumbrot, harddisk-krasj, hacking osb).

Sørg for å ha kopi av biletefilene dine på fleire maskinar!

Sørg for å ha kopi av biletefilene dine på fleire maskinar, om du har det.

Fleire av dykk tar digitale bilete. Det er ei utvikling som det er vanskeleg å stå i mot. Me er derfor meir og meir avhengige av datamaskinane våre, og at dei til ei kvar tid virkar! Det er ikkje alltid dei gjer! Ein gjennomsnittleg datamaskin har ein harddisk som varer i 4-5 år. Det er ikkje lenge! Dersom du samlar alt du skriv og alle bilete på denne kan du rekne med at det forsvinn i løpet av nokre år! OM DU IKKJE TAR KOPI! Dette har  gjeve mange  negativ oppleving og ein dyrkjøpt røyndom!

Datamaskinar varer ikkje evig! Pass på å ta backup!

Datamaskinar varer ikkje evig! Pass på å ta backup!

Vår son Odin,  skulle ha ei god rutine på desse aktivitetane med hans studier og arbeid i dataverden. Men det er diverre slik som med skomakaren og sonen sine sko, dei er ikkje av beste sort… Odin har mista mykje av sine datafiler i haust. I  oktober byrja Acona, den sentrale servaren vår i Schancheholen å skranta.

Acona og den øydelagte disken

Acona og øydelagd disk.

Mine filmar vert kopiera!

Mine filmar vert kopiera!

Det var houvud-platelageret  (hardisken)  som song på siste verset!  Odin hadde ikkje tatt kopi av denne på lang tid! Her var det mykje som fór sin veg. Odin skriv sjølv om det ….«Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.» … . Eg (Skjalg) hadde og mykje liggande der, det meste eg har lagra av dokument sidan 1988.  Men eg hadde teke kopi av alt saman i august 2008. Og dette ligg på ei anna maskin heime i Schancheholen! Odin kan kanskje redde noko frå den øydelagt disken, det var det er prøvde å hjelpa ham med då eg var i Noreg sist. Her er eg ved saka si kjerne. Kopiering av verdfulle data. Backup som det heiter på dataspråket. Det må ein berre lage seg rutinar på! Det er igjen veg utanom! Ellers så gjeng det veldig gale. Det er fleire måtar å gjere dette på. Eg skal gje dykk nokre tips etter eigen røyndom.  Eg har 4 eksterne harddiskar. Dei fleste av desse brukar eg arbeide mitt som filmarbeidar. Eg har lagra dei hos syster mi no. Desse diskane er kopi av filmfiler som allereie er laga og kopiert til DVD, eller andre diskar. Det er kopi over alt. Sikkert.

Datamaskina mi hos Dag Bjørnsen i september. Merk alle diskane.

Datamaskina mi hos Dag Bjørnsen i september. Merk alle diskane.

dvd

Ei plate med 2000 bilete!

400 tusen bilder!

400 000 bilete!

Dei private bileta mine som eg har teke sidan 2004 (då me fekk fyrste digitalkamera i hus) er lagra på Unni si maskin og på maskina heime (den om ikkje er øydelagt) Bileta er og lagra på fleire diskar og DVDar. Slik har me og gjort for Unni sine 5000 bilete frå 2004 og mine siste 2876 bilete frå Spania. For å vera heilt sikker så har eg laga eit par  til Unni som ligg her, og eit par som ligg på DVD i Schancheholen.

Viktig å ha bilete fleire plassar!

Ha bilete fleire plassar!

Eg tok óg ekstra kopi av hennar bilete på ei anna datamaskin i 2008. Ein anna  lagring som er sikker er å leggje bileta ut på offentlege servarar. Det gjorde eg (i tillegg) her om dagen på Altibox heime i Noreg.  Dei tek godt vare på dine bilete (se øverst). Det er gratis opp til 5GB (ca 2500 bilder). Alle bileta frå websia mi ligg der (270 bilete). Eg har planar om å legge opp alle dei 2876 bileta der og men det tar mange timar med opplasting frå ei treg internettline her i Spania. Fleire nettstadar (t.d. fotobutikkar på nett) har tilbod om lagring av dine bilete. Trygdingsselskap har og tilbod om dette. Det er mykje skrive om desse tinga på internett. VG har ein fin artikkel om dette. Og Tv2 hjelper deg har gode råd om lagring av bilete.

Unni sin datamaskin er 5 år gammel. Hardisken kan gå når som helst!

Unni Elisabeth sin datamaskin er 5 år gamal. Den kan kollapse når som helst!

Og neste gang blir det eit innlegg om kvinner! Eller meir – spanske kvinner….. Følg med!

Todos los dias – Kvardag

Kvardagen kjem no etterkvart sigande for oss og her i Spania. Temperaturen har og falle mykje i det siste frå 32 grader i midten av september til 24-26 grader no. Enkelte dagar har det vært mykje regn, styrtregn faktisk og kaldt – kring 18 grader. Me sit ein del heime alle saman. Falke er her no og så me køyrer litt rundt i omgivnaden for å blir betre kjend. Var ein tur i Calpa, ein by 15 min frå Alfaz. Her besøkte me eitt dukkarsenter kor Falke fekk bestillt time til torsdagen. Eigaren var godt kjend i Stavanger og hadde dei siste 3 åra gjort basehopp frå Kjerag 30 gonger!

Falke gler seg til å dukka i Calpe på torsdag

Falke gler seg til å dukka i Calpe på torsdag

Kitty Karina trivest veldig godt! Ho likar seg på skulen og har fått fleire nye vener. Så trur eg hu og har fatta spesiell interesse for ein gut i klassen! Ho er mykje på internett, snakkar med venene sine i Stavanger og dei ho har i klassen. Falke hadde med seg sin gamle Macbook Pro som KK har kjøpt av han.

Me sit alle på kvar vår datamaskin på kveldane og surfar, les, ser på film, snakkar med folk heime… Faktisk er me godt utstyrt nett no. Eg talde faktisk 6 datamaskiner! Eg tok med meg ein gamal trådlaus router frå Noreg som eg kobla opp mot den trådlause nettlina og nå sit me på kvar vår maskin og surfar i veg!

Me e godt utstyrt for kontakt med omverda!

Me e godt utstyrt for kontakt med omverda!

Unni sjekkar Fjesboka.

Unni sjekkar Fjesboka.

Skjalg har lånt ein liten berbar datamaskin av Odin

Skjalg har lånt ein liten berbar datamaskin av Odin

Det er og gått tid med til besøk i butikkar. Her om dagen var me i ein stort supermarknad som heitte Carrefour. Det var omlag 4 gonger større enn Obs på Mariero. Nå som me hadde bil, fekk me endeleg med oss alle dei varene med trong!

Kitty Karina hadde ikkje så mykje kler med seg, så ho fekk kjøpe seg noko nytt.

Kitty Karina hadde ikkje så mykje kler med seg, så ho fekk kjøpe seg noko nytt.

Godt å få bilen ner til Spania. Det har letta kvardagen ein del det...

Godt å få bilen ner til Spania. Det har letta kvardagen ein del det...