På djupt vatn, i Middelhavet – En aguas profundas! Falke og Skjalg dykkar!

Husk du kan trykje på bileta. Ein gong, store, ein gong til ennå større!

Oppdatera torsdag kl. 13.58: Sjå Falke med beviset!

Åshild og Eimund reiste og det blei stille. Falke har vært her ei veke. Kosa seg i varmen og med kontrasten til det strenge soldatlivet på Skjold i nord Noreg. Han har vært stille, det vil seie han har lese mykje den siste tida!

I stua

På hotell-terrassen

Me tinga dykkarkurs for han, så har har nytta høvet til å førebu seg vel. Frykteleg vel. Han les og les, strekar og fargar i boka si om dykking. Han har snart lesa og fargelagd heile den 260 sider lange læreboka, så eg trur han tek kurset denne veke med den største lettsamd. Dei siste dagane har eg sitt han lese ute og inne, på kafear, parkar, om kvelden dagen og natta! Nå den karen har bestemt seg for noko så går det slik! Det er både sikkert og visst!

På benken

På cafe....litt trøtt!

Kurset Falke tek er det same som eg to omlag 22 år sidan! Har har ikkje dykka sidan den tida, så eg må friske opp kunnskapen min og gjere eit dykk eller to slik at eg er «kompatibel». Det er det som no står for tur. Falke han har lese seg opp og eg må vel be han eksaminere meg litt på teorien, tenkjer eg!  I dag tirsdag, så har han fyrste dag med undervisning og pratisk dykking. Han fekk seg et prøvedykk i Calpe for nokre månader sidan, då han vitja oss sist i septemeber. Det ga meirsmak, så no tek han Padi sitt ordinære sertifikat og tørrdraktsertifikat, som han og kan nytta i Norge (over heile verda).

Det er viktig med instruksjon før første dykket.

Det er et nokså omfattande kurs Falke skal gjennom. Det er ein del teori (boka er på 260 sider) Det er mykje sikkerheit og prosedyrar som skal innøvast og det er mykje utstyr å halde greie på.

Instruktøren.

Ventil

Ventilluft.

Munnstykket.

Teori er viktig!

Teori er viktig!

Instruktøren heiter Guido og er frå Tyskland. Han har drive  Greenwich Diving i mellom Calpe og Altea i 4 år. Dei har ein fin heimeside, kikk inn der. Der ligg og fleire bilete frå vårt dykk den 19. mai! Falke sitt PADI kurs går over 4 dagar. Det er eit intensivt kurs som krev mykje lesing på kort tid og dei tek 4 dykk med instruktør. Fyrst Open Water Diving og så Tørrdraktkurs. Han må ha begge desse kursa for å dykke i Noreg -der det er så kaldt i vatnet! Siste kurset er mest teori, eit dykk med tørrdrakt og eksamen på fredag. Eg har desse formalitetane og trong berre oppfrisking. Eg fekk prøva meg på mitt fyrste dykk i dag! Fyrste dykk på 22 år!! PADI-sertifikatet mitt er frå 1988 – to år før Falke vart fødd.

Sertifikatet frå 1988

Livstidsdokument!

Våren 1988 gjekk eg på kurs hos Siddis Dykkeskole, Eg hugsar me dykka ved Helgøysund den gongen. Det var med ei viss forventning at eg tok på meg utstyr og tok dei fyrste instruksjonar frå Guido, den tyske læraren. Etter at me drog ut med dykkarbåten, blei me delt i to grupper med kvar vår instruktør. Engelsk Goeff var med oss (Falke, eg og Terje – ein annan nordmann).

Nesten klar for 12 meters djup.

Uti vatnet måtte eg justere maska mi fleire gonger. Me fann ut at den var i det minste laget. Det kom vatn inn heile tida. Etter at dette var gjort gjekk me ned til 10 meter der me gjorde fleire øvingar, slik som vatn i maska, ta av maske, miste og finne pusteventil.

Ok! ..(foto: Melissa)

Skjalg til v. (foto: Melissa)

Obligatoriske øvelser som er viktig å drille på for sikkerheit. Falke han er 20 år snart tar alt naturleg for fyrste gong (forresten han dykka jo her i Calpe i september i fjor), gamle Skjalg er 56 og klara seg godt i vatnet (meinar han sjølv!) Fyrste dykket var roleg men med noko famlande bruk av balansejusteringa med luftventilen. Eg gjekk litt for mykje opp og ned den fyrste halvtimen.  Etterpå gjekk alle øvingar som smurt på tolv meters djup.

Falke han trivs i vatnet, den vannpolo-guten som han er.

Det andre dykket tok vi etter ein halvtimes pause ombord i dykkarbåten. Då for eg i vatnet med Guido og eit tysk par. Det vart 45 minuttar med nærmast perfekt dykking. Me padla rundt omkring på botn nedfor dei bratte klippene mellom Altea og Calpe. Her var det flotte fargerike fiskar og fin vegetasjon på botn. Eg hadde problemer ein gong, med blybelte som ville ned på baken. Eg fekk hjelp til å stramme det rundt livet igjen. Det er herleg å føle denne vektlause tilstanden til kroppen, berre sveve mellom vatnskorpa og botn.

Skjalg etter andre dykket. Berre gode følelser!

No blir det berre å oppfordra Odin, Unni Elisabeth og Kitty Karina til å prøva seg. Kanskje nokre av venene våre? Er det nokon som blir med på neste dykk?

Falke på veg opp etter sit 4de dykk. På fredag får han utvida PADI-sertifikat

Månefisken var lett å fange i vannskorpa! Geoff kyssar fisken...

Her er beviset. Open Water Diver. Falke hadde eit resultat på 94,5% på prøva!

Kitty Karina i Spania – Chica de Noruega en España

Kitty Cat

Då Unni Elisabeth og eg snakka om å dra til Spania for eit par år sidan, var eitt av dei mest usikre momenta Kitty Karina si haldning til dette moglege opphaldet. I 2007, då me fyrst diskutera dette var det ikkje serleg sannsynleg, men eitt år seinare blei planane nemnt for Kitty Karina. Me hadde venta ei negativ reaksjon, men ho vart tvert om! No har med vore her snart 5 månader og Kitty Karina er på veg mot tenåra. Ho blir 13 år den 17. juni.

Kitty Karina er alltid i farta....

Og ho vil ikkje heim! Ho trivest så godt at ho helst vil bli eitt år til! På skulen går det bra, ho likar og klarer seg godt i alle fag, og ho er den einaste i familien som kan litt spansk når me kjem heim til sumaren! Ho har 2 timar på skulen og to timar spansk etter skuletid. Unni og Skjalg er ikkje så flinke, me har ennå ikkje kome oss på noko kurs!

Under vann er ho ofte, sjølv om det er ei stund sidan no!

Tida her i Spania var vore utviklande og spanande for Kitty Karina. Ho er blitt ven med mange nye (jenter og gutar).  Venene er berre blitt norske, diverre…. Me lever i eit norsk miljø med alt for lite dagleg kontakt med spanjolar. Dette er noko eg prøvar å gjere noko med, har et par spanske vener der eg søkjer kontakt med familie og deira sosiale nettverk.

Aktiv jente som er flink med fotballen... Ballen er allereie utanfor bilete!

Kitty Karina ville i byrjinga prøve å spele fotball saman med norske/spanske i klubbar her i Albir, men det var vanskeleg å få til. No er det helst fotball på skulen. Me ser på nett at det er framleis er stor aktivitet hos SIF-jentene -97, det blir kjekt å sjå att dei seinare dette året!

Data nerden som held kontakten med vener i Norge og Spania.

Ellers så er det mange av Kitty Karina sine vener i Noreg (og Spania) som har kontakt på nettet via Msn og Skype og Fjesboka. Åsne, Ylva, Helene, Pia, Ellen og Gunhild er der støtt og stadig, så ho nyttar ein del tid på kveldane på den kjekka datamaskina som ho tok over (kjøpte) frå Falke. Det blir og litt kontakt med Falke og Odin. Falke dreg i militæret i dag, torsdag, så han får me ikkje ny kontakt med før slutten av februar! Odin har nett flytta frå Oslo til Bergen, saman med kjærasten sin . Odin har si eiga bloggside.

Filmstjerne... vel, det er mest ein dokumentasjon av Kitty Karina sitt opphald i Spania.

Kitty Karina sitt liv i Spania vert filma av Skjalg. Det er eit lite prosjekt som med vonar kan visast til andre enn familien. Det vart kanskje litt tøft for Kitty Karina å vere midtpunktet i ein dokumentar om hennar liv, så me er ikkje sikre på om ho vil dette lenger. Så med planlegg å endre litt på struktur og innhald i dette prosjektet. Me får sjå kva det blir til!

Den kjekkaste aktiviteten på kjøkkenet for Baker Kitty K!

Ellers er Kitty Karina med på det meste heime i huset vårt i Tita, Albir. Ho tek sin tørn med vasking, rydding og andre gjeremål som høyrer familielivet til. Det hender at ho baker og slår skikkeleg til med favoritten Brownies!

Å vaske opp er ikkje det kjekkaste av Kitty Karina sine aktivitetar.

Det gjøremålet ho slit mest med, som dei fleste kan eg tenkja meg, er oppvasken. Det er ikkje serleg «automatisk», nei. Men det går med stundom uproblematisk akkompagnert med eigenlaga song til arbeidet!

Trøytt om morgonen!

Den største utfordringa er å få ho opp om morgonen! Det er vel eit problem nokon og ein kvar kjenner, både born, tenåringar og vaksne! Spesielt om vinteren, også her i Spania! Eg, derimot er oppe no.. kl 6 om morgonen, og skriv!

Ein fjortis kjedar seg i butikken!

I tillegg til morgon-trøtte så er ho i ferd med å bli ein skikkeleg «fjortis». Du kjenner dei? Til tider skikkeleg sløv. Himlar med augo når mor og far gjer noko eller seier no teit! Gjeng i «slow motion». Skal ha på seg lua si inne, det er visst tøft! Protesterer mot dei mest opplagde ting. Er skikkeleg tøff i trynet ovanfor føresette når vener er i nærleiken.  Men så kan ho samstundes gje oss dei næraste og mest koselege små og store stunder i saman med oss og. Ho er på veg mot tenåra det er sikkert! Eg trur dei fleste kjenner typen på sitt eige born!

Av og til er Kitty Karina sint jente. Og då kan det se slik ut!

Dykking i Calpe med Falke – Club Natucio

Falke har dykka med fullt utstyr i dag.. Eg har vist han litt rundt, gått promenaen til Altea der me spiste paella. Han tykte vel om Altea, gamle byen. . Medan eg drog til byen, og henta mi vekeavis, Dag og Tid i postboksen sat Falke på den nye datamaskinen sin og tok livet med ro. Men seinare på dagen drog me til Calpe der han brukte eit par timar med instruktør for å dykka . Det var nok veldig spannande for han. Eg har sjølv eit Padi-sertifikat 1986 men treng ein time med instruktør for å få det autorisera på nytt. Eg får vel gjere det seinare i vinter tenkjer eg… .Den spanske instruktøren blei imponert av Falke.

falkedykk1

Falke og instruktør som ikkje kunne anna enn spansk..

3 minutt med instruksjon og så var det under vatnet

3 minutt med instruksjon og så var det under vatnet

Falke i sitt rette element, 5 meter under overflata.

Falke i sitt rette element, 5 meter under overflata.

Ei fin oppleving er over for denne gong

Ei fin oppleving er over for denne gong

Det er ikkje alt som fungarar som me vil her i Spania. Som eg har skrive før så skjer ikkje ting så fort og effektivt som me e vane med i Noreg. T.d. så har no det trådlause nettet me fekk installert for ei tid tilbake vore utan samband. Me har sett det fleire gonger og no sist i dag var sambandet vekke i 14 timar. Når det fungerar så har me ei line som gjer oss mellom 850 kbs og 1 mbs. Me har ei antenne på huset som tek mot signalane frå fjellet opp føre Albir.

Parabolen som me får internett frå

Parabolen som me får internett frå

Og i morgon er det marknad i Alfaz d`pi. Har og invitert Cristina frå Valencia til oss for helga. Og på laurdag reiser Falke. Det vert litt trist.