FALLAS EN VALENCIA – UNA FIESTA ESPECTACULAR!

Unni lika seg i festen i Valencia.

Store figurar overalt i Valencia. Denne er 10m høg!

Det har vært Fallas i Valencia i ei heil veke. Fallas er ei festveke for cataloniarane i Comunidad Valencia til ære for Saint Joseph. Kvart år på denne tida er heile byen engasjert i førebuingane til den store paraden og presentasjon av dei flotte figurane som vert brente den nest siste helga i mars kvart år. Det blir dagar med mykje røre og mykje bråk!

Skaparglede med fine detaljar på figurane! Mange har satire som tema!

Figurane var henta frå eventyr, kvardagsliv og politikk i Catalonia.

Provinshovudstaden Valencia ligg 145km nord for oss. Det tek oss kun 1,5 time å reise på den snøgge motovegen AP7. Det er ein betalingsveg, men riksveg 332 (som er den gamle stamvegen mellom Malaga og Barcelona) tek oss dit gratis, med  litt lengre tid. På fredag kom med oss inn til byen kl. 14.00 og med blei som venta ståande å stange i kø den siste halvtimen. Alle skulle jo inn til sentrum! Vel, med kom oss inn i eit parkeringshus og ut i gatene.

Eit par hundre tusen menneskje i gatene. Trongt å kome seg fram!

Det small fælt rundt oss! Små og store gutar sprengde små og store bomber. Iflg Unni var jentene og med på notene, eg såg ingen. Fyrverkeri gjekk til vers og laga ein kakofoni av bråk. Lydnivået var frykteleg høgt! Ei norsk nyttårsfeiring er berre eit vorspeil samanlikna med dette. Klokka var kun 15, det var lyst, så me såg ikkje mykje til ljoset frå fyrverkeriet! Overalt på større plassar ibyen sto det små, og store figurar. Skikkeleg flotte var dei, med motiv henta frå kvardag, frå eventyr og kjendisverda og frå aktuelle politiske hendingar siste året. Eit og anna religiøst motiv såg me og. Det var like fylt i gatene som i Stavanger sentrum under opninga av ST2008. Svart av folk. Det vil seie det var nokre fargerike damer med dei tradisjonelle catalonske bunadene. De var flotte å sjå! Dei fleste damene var og flotte å sjå på..

Dei catalonske bundadene var ei fryd for auga!

Folk lagar seg kostyme. Her ei flaggermus og ein klovn!

12 timar med fest tek på for unge bein!

Utruleg mykje arbeid for å pynta byen. Og overalt kunne me kjøpe Curros!

Me hadde snakka med Cristina på telefonen  og skulle møte henne seinare ein stad i gamlebyen. Me fann ut at me måtte avstå denne gongen og og helle vitja henne ein gong me hadde betre tid. Det blei for kaotisk og for seint for oss. Klokka ti på kvelden sette dei fyr på figurane. Det small og knitra, folk klappe og jubla. Dette hadde dei venta på lenge! Dei seier at brenninga er ein tradisjon som banar vegen for ein ny start. Svart røyk velta ut av dei fargerike figurane og opp mot den svarte himmelen. Her var det mykje farlege gassar kan eg tenkje meg! Figurane var nok ikkje laga av miljøvenleg materiale! Me skulle heim same natta, parkeringshuset stengde kl 24.00 så me køyrde ut av byen. Me gjekk glipp av sjølve klimakset på feiringa. Det var trist, men det er berre 363 dagar til neste feiring startar!

Dei flotte figurane vart brente om kvelden den 19. mars!

Så brann dei opp alle figurane mellom 22.00 og 02.00...

Lyset og mørket – Luz y oscuriad

Skjalg, skjeggebuven, har ikkje hatt tid til å barbera seg sidan Marrakech!

Det går opp og ned. Det gjeng framåt og attende, det kjem lys og det kjem mørkje. Alt sving i syklusar. Heile livet er ein syklus. Eg laga ein film om dette i 1993. Det hette sjølvsagt «Syklus».

Villajoyosa ligg sør for Benidorm. Ein gamal fiskarlandsby me vitja med Odin og Helene.

Eg har hatt mykje energi og eg har vore totalt tømd for det same. No hadde eg jobba og stått på så mykje at eg ikkje hadde overskot til å skrive på sia mi. Det lengste opphaldet sidan er byrja i august. 75 % av arbeidet dei siste vekene har gått med til å administrera huset og leigeheita i Stavanger, samt huset vårt i Kviteseid. Me fekk plutseleg stopp på utleige av Stavanger Brygge og huset i Schancheholen! Samstundes var det og tomt i Kviteseid. Nå er utleige ein føresetnad for at eg kan vere her i Spania. Eg har for tidi ikkje andre inntekter. Det eg håpar på er jo å selje historia mi «Ville Venn».

Og så kom Odin og Helene på vitjing igjen. 10 dagar i mars. Dei er flinke å reise dei!

No har me ordna oss nye leigetakarar begge plassar og eg kan konsentrera meg om skrivinga mi. Det ser eg fram til. Det er det som betyr mest for meg no. Historia er ein filmsoge om ei ung jente som slit med vanskelege tilhøve i heimen, ho får etter ei dramatisk hending greie på at ho har ein annan far enn den ho har budd saman med i 17 år og startar ei detektivjakt for å finne sitt biologiske opphav. Det finn ho i Spania.

Villajojosa med mange smale gater der du ikkje vil køyre med bil..

Sidan me kom frå Marokko har me hatt vitjing av Odin og Helene. Dei kom 2. mars og reiste den 13. mars. Det var kjekt å ha dei på vitjing og det er andre gongen dei er her. Fyrste gongen hadde dei ikkje sjekka at eg var heime i Noreg. Odin og Helene er flinke til å koma seg rundt og var to dagar i Barcelona. Her fekk dei sjå verknader etter snøstorm…Men dette skriv vel Odin om på sia si Velmont.

No er det tid å bade igjen. Meiner Kitty Karina...

Dagane vert lengre og lengre her og. Morgonen vert lysare og lysare. Det vert varmare og varmare og Kitty Karina syntes det var på tide å starte badesesongen! Den 15. mars hoppa ho i bassenget. Trur ikkje det var så veldig varmt, men på terrassen var det kring 22 grader.

Det fyrste badet sidan november i bassenget vårt!

Og no er det berre å vente på fleire vikingar frå Noreg som tør å hoppe i bassenget vårt. Det vert nok varmare det når Eimund og Åshild kjem her i mai!

Godt og varmt på terassen i vårsola.

Spania-Noreg-Spania Espana-Noruega-Espana

Eg har noko redusert kapasitet for tidi. No meiner eg ikkje mi mentale tilstand, sjøl om den kan vere låg somme tider. Nei her er det dei ytre omstende som har teke tak. Ein kan jo diskutera om det er min reduserte kapasitet som har ført meg hit, det får dykk vurdere! Det har seg nemleg slik at eg er utan min datamaskin og KAMERA for tidi. Begge ligg i Noreg, hos syster mi Siv i Breivik. Eg klara å gløyme ei veske med maskina og fotoapparatet i bilen, då Kitty Karina og eg hasta ut til flyplassen den 14. februar!

Det var ei stor overrasking for Ylva å møte Kitty Karina på veg til skulen den 8. februar!

Me har vore 7 dagar i Noreg den andre veka i februar. Dette var ei julegåve frå Unni og meg til Kitty Karina. Ho gjekk i den gamle klassen sin på Auglend Skule og der var mange som blei «øvegidde» då de såg Kitty Karina der! Me var sers seine denne morgonen me reiste heim att, klokka var faktisk 05.40 då me sprang inn dørene på flyplassen og skulle dra tilbake til Spania. Me skal visst vere 1 time før, men me fekk plass på flyet 4 minutt før dei stengde utgangen. No sit eg altså med Kitty Karina sin Mac og skriv, men alle dei viktige filene ligg på min maskin i Noreg! Sidan eg har vore så påpasseleg med å ta kopiar av det eg skriv på (filmmanus og rekneskap) så har eg klara å fortsette dette arbeidet. Eg kopiera og alle bileta eg tok i Noreg på Altibox sin tjenar, så der har eg alle mine 4720 bilete frå Spania liggande! Derfor kan eg vise dykk eit bilete frå turen i Noreg på sia mi. Det har ikkje vore særleg med andre aktivitetar, så det er ikkje blitt tatt så mykje bilete som vanleg. Eg tar normalt mellom 50 og 100 bilete til dagen. Eg brukar Unni Elisabeth sit kamera, men det er ikkje godt nok for meg… Og no dreg me til Marocco i dag! Eg får gjere det beste ut at det med hennar kamera.

Eg har som nemnt fått skrive på manuset mitt med arbeidstittelen «Ville Venn». Ei ungdoms-soge  som eg skal fortelje meir om seinare i vår. Den 2. mars kjem datamaskin og kamera attende saman med Odin og Helene. Dei kjem på ny vitjing og blir hos oss i 10 dagar. Det ser me veldig fram til!

Valencia una ciudad espectacular

Me har hatt planar om å dra til Valencia heilt sidan me kom til Spania. Odin og Helene var her for nokre månader sidan, eg hadde tenkt å vitja Cristina, men ho har vært svert opptatt med arbeid, sjukdom i familien osb. Derfor bestemte me oss for ein dagstur, drog kl 12 og var attende kl 22 i Albir. Det er berre 153 kilometer, så me må ta ein eller fleire turar seinare. Me MÅ jo dra dit 20.mars! Då har me 4 dagar med FALLAS. Den kan me ikkje gå glipp av…..

Puente Monteolivete

Museo de las ciencias

Mueso del las ciencias

Puente Monteolivete

Kulturhuset Palacio del las Artes

Dette minner litt om en stor båt

Palacio des las artes

Galeria  L» Oceanogracico

Definane var fantastisk flinke. Aldri sett slikt før eg....

Akvariet med tropiske fiskar.

Glassmanet

Spesiellt "å gå på" havbotnen saman med fiskane!

Fyrste gong er hev sett levande hai! Det var ei stor oppleving!

Det var lite folk i akvariet på denne tida av året. Lett å ta gode bilete.

Akvariet var det flottaste eg har vitja. Dei underjordiske anlegga var imponerande, akvaria var store og romma mykje eg aldri har sett før. Litt spesielt, anlegget ligg faktisk i ei gammal elvelei. Valencia vart råka av ein kraftig flaum i 1957 og som følgje av dette valde ein å drenere og lage ei ny elvelei. Den nye leia, der elva Turia no går, ligg utanfor byen.

Alt i alt ein innhaldsrik ettermiddag i ein særs spanande by som eg vil skriva meir om neste gong me vitjar Valencia! t.d. i slutten av mars.

Kalde dagar i Spania (?!) Dias frio en España (?!)

Me reiste frå Noreg til varme Spania, jo, men det har vore kaldt her og dei siste dagane! Det må me stå med! Me kan ikkje halde på illusjonane lengre, sanninga må fram! Før eller seinare ville vel nokre av dykk avsløra oss! Det er ikkje varme Spania. No er det kalde Spania må eg vedgå. Det svinge svært frå den kaldaste natt til den varmaste dag. Inne har me berre elektrisk straum til oppvarming.

Inne er det 13 grader, ute er det 16 grader! Kaldt til frukost på fredag!

Straum er dyrt i Spania (tre gonger så dyrt som Noreg) og spanjolane nyttar ikkje dette til oppvarming. Peisen har me prøva, men det er slik som med dei fleste peisar heime, mest til pynt. Eg kjøpte meg gass i dag. 13,5 kilo propan til 11,95 EU (90kr). Eg er lurer kor lenge den kan brenne i den gassomnen eg fann i kjellaren.

Eg fann ein gassomn i kjellaren. Det er det spanjolane nyttar. El er for dyrt.

Dei varmaste dagane, som no onsdag, kallar på uteaktivitetar som lesing på stranda!

Siste veke har det svinga frå 5 grader til 22 på terrassen, der eg sit så titt eg kan. Me har og nytta fine (kalde) dagar til små turar i nærleiken. Det er det blitt litt lite av dei siste vekene. Me har no tatt spaserturane våre kvar dag i Albir eller Altea. Varme dagar tar med turen ut og set oss til å lesa bøkene våre ute. Unni Elisabeth har nett lese Arnhild Lauveng si «I morgen er jeg alltid en løve» (om schizofreni) og les no ei bok av Kate Moss. Eg held på med den spanske forfattaren Antonio Munoz Molina «Serad», roman om forfylgde landflyktige europearar. Skal gå igang med eit spansk historieverk snart.

Kalde men fine dagar for sykkelturar! Unni Elisabeth mellom appelsintrea i Alafaz de Pi.

Me legg etterkvart planar for lengre utflukter til Valencia og Alicante og andre meir fjerntliggjande stader i dei to neste månadene. Me fer sjå. Eg har eit stort ynskje å sjå att nokre av dei plassane eg var med min far, Steinar, i september 1968, då me sykla Spania rundt. Eg var berre 15 år, men minnes ein god del frå denne sykkelturen.

Polop er ein fin landsby som eg har besøkt fleir gonger! I bakgrunnen, Berninafjella.

No er det tida for hausting av appelsinar! I bakgrunnen med snø, Berninatoppen 1.129 moh.

Me leita etter bonden og ville fortelja han at han må henta inn appelsinane sine!

Dadlane er ikkje mogne ennå, men dei bugnar frå palmane overalt!

Varmt dette..Unni...!

På uterestaurant i Altea søndag..

Og tilslutt for dei som ventar på mine utgreiingar om den spanske kvinna: Eg har ikkje gløymt dette. Fyrste utgåve ligg på maskina, det er et stort og omfattande felt eg gjer meg inn på! Eg har nokre tankar om den spanske mannen óg, så fylg med!

Ei fotoreise til Noreg (del 1). Uno viaje fotografico a Noruega

14 dagar i Noreg har eg vald å fortelje med bilete. Det skjedde så mykje, så derfor vert det mest interessant for dykk å sjå bileta. Håper dykk vert nøgd med det! Desse strekkjer seg frå 19. desember til 23. desember. Resten kjem til veka.

Me var fyrste utenlanske fly som landa på Sola på 8 timar! Norwegian sirkla over Sola flyplass i mest ein halvtime før me fekk landa!

Mye snø. Den stoppet flyet vårt i mange timer.

Me måtte vente i mest 2 timar på taxi, men Falke og Willy henta bagasje med lastebil!

Det hadde falt mykje snø. Odin reddar trea i heime i Schancheholen

Me måtte finne oss meir klede heime, kven hadde trudd det sko bli vinter i Noreg?

Kitty Karina har lengta mykje etter søte katten sin, Simpli!

Flott med vinter i Stavanger. For ein gong skyld blei det kvit jul!

Tacomiddag hos Merete. Det var KK som bestemte den menyen!

Falke med på middag men på vakt. Hadde nett redda ein bil under eit tre!

Hunden til Merete er ei fin og underleg bikkje!

Me budde på Stavanger Brygge som stod tom nett no! Op på frokostbesøk!

Me hadde folk på graut i SB og middag ein dag - ellers så vart med invitera kvar dag!

Falke, Buster og Betina nyt graut frå kokken Unni Elisabeth

Om kvelden den 20ende var me hos Cate og Jan Morten.

Den lauksuppa var GOD! Bra jobba Jan Morten!

Kompressor til spikerpistolen! Utan skikkeleg verktøy.... Flott golv!

Tirsdagen vitja me OP på nye loftet! Stilig!

Her blir det vel berre gallaantrekk frametter....

Fine lykter som Falke skal bruke i militæret!

Kjekkt å vere på Stavanger brygge saman med ungane!

Det var fleire av slekta som kom innom. Her er Kjartan på vitjing.

Det kom mange innom dei fyrste dagane. Her Kjartan.

Mykje fototaking. Kitty Karina er og fotograf i familien!

Jens Buster var innom og fekk julegraut. Randi jobba på kvelden.

Me hadde folk på graut i SB og middag ein dag - ellers så vart med invitera kvar dag!

Godt

Godt med julegraut. KK, Kritian og Kjartan.

Unni fekk gaver i Amerikapakken! Den har ho fått i 27år!

Gode venninger og nære kusiner! Kitty Karina og Åsne i finstas!

Mor og datter i skjønn forening. No vert det julefest!

Odin er oppteke av alternative gåver. Eit heimestrikka slips var ein vinnar!

Julekvelden er me nesten alle samla hos Siv.

Rita og Siv stod for maten. Odin kom med eigen nøttesteik! Han er vegetarianar!

To kjekke karar. Me er veldig glad i dei to her!

Gry, Hanna og Unni Elisabeth ventar forventningsfullt på pinnekjøttet.

Smykke

Unni fekk smykke frå Skjalg. Det gjorde stor suksess!

Odin fekk nok ei gåve han trong!

Sokkar er ein vinnar! Dei får eg god bruk for neste vinter i Noreg!!

Steinar sine optical illusions var populære denne kvelden!

Dei optiske illusjonane vart studera heile kvelden!

Ein av gjestene gjekk ut av sitt gode skinn!

Veldig populært med massasjeolje og godluktolje for denne karen her!

Vin frå Spania. Flyboren årgangsvin! Gry undersøkjer kvitvinen frå Unni og Skjalg

Rapp fekk visst ikkje noko gave han....

Utslite vertskap. Iallefall dei yngste! Siv ser ut som ho kan ta ein kveld til!

Å ta vare på minne – El cuidado de los recuerdos

Kanskje det viktigaste innlegget mitt dette:

Denne sia les du frå din datamaskin, men ho ligg eigentleg på ein maskin i USA. Det skal vere ein trygg måte å lagre sine digitale dokument og bilete. Dei som passar på servaren I USA tar stendig (fleire gonger til dagen) kopi av dine data og kan om ynskjeleg gje deg kopi av alt du har der (ord og bilete) når du treng det. Dei vil sjølvsagt og legge alle dine ting på plass att om det skulle skje noko med maskinane deira (straumbrot, harddisk-krasj, hacking osb).

Sørg for å ha kopi av biletefilene dine på fleire maskinar!

Sørg for å ha kopi av biletefilene dine på fleire maskinar, om du har det.

Fleire av dykk tar digitale bilete. Det er ei utvikling som det er vanskeleg å stå i mot. Me er derfor meir og meir avhengige av datamaskinane våre, og at dei til ei kvar tid virkar! Det er ikkje alltid dei gjer! Ein gjennomsnittleg datamaskin har ein harddisk som varer i 4-5 år. Det er ikkje lenge! Dersom du samlar alt du skriv og alle bilete på denne kan du rekne med at det forsvinn i løpet av nokre år! OM DU IKKJE TAR KOPI! Dette har  gjeve mange  negativ oppleving og ein dyrkjøpt røyndom!

Datamaskinar varer ikkje evig! Pass på å ta backup!

Datamaskinar varer ikkje evig! Pass på å ta backup!

Vår son Odin,  skulle ha ei god rutine på desse aktivitetane med hans studier og arbeid i dataverden. Men det er diverre slik som med skomakaren og sonen sine sko, dei er ikkje av beste sort… Odin har mista mykje av sine datafiler i haust. I  oktober byrja Acona, den sentrale servaren vår i Schancheholen å skranta.

Acona og den øydelagte disken

Acona og øydelagd disk.

Mine filmar vert kopiera!

Mine filmar vert kopiera!

Det var houvud-platelageret  (hardisken)  som song på siste verset!  Odin hadde ikkje tatt kopi av denne på lang tid! Her var det mykje som fór sin veg. Odin skriv sjølv om det ….«Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.» … . Eg (Skjalg) hadde og mykje liggande der, det meste eg har lagra av dokument sidan 1988.  Men eg hadde teke kopi av alt saman i august 2008. Og dette ligg på ei anna maskin heime i Schancheholen! Odin kan kanskje redde noko frå den øydelagt disken, det var det er prøvde å hjelpa ham med då eg var i Noreg sist. Her er eg ved saka si kjerne. Kopiering av verdfulle data. Backup som det heiter på dataspråket. Det må ein berre lage seg rutinar på! Det er igjen veg utanom! Ellers så gjeng det veldig gale. Det er fleire måtar å gjere dette på. Eg skal gje dykk nokre tips etter eigen røyndom.  Eg har 4 eksterne harddiskar. Dei fleste av desse brukar eg arbeide mitt som filmarbeidar. Eg har lagra dei hos syster mi no. Desse diskane er kopi av filmfiler som allereie er laga og kopiert til DVD, eller andre diskar. Det er kopi over alt. Sikkert.

Datamaskina mi hos Dag Bjørnsen i september. Merk alle diskane.

Datamaskina mi hos Dag Bjørnsen i september. Merk alle diskane.

dvd

Ei plate med 2000 bilete!

400 tusen bilder!

400 000 bilete!

Dei private bileta mine som eg har teke sidan 2004 (då me fekk fyrste digitalkamera i hus) er lagra på Unni si maskin og på maskina heime (den om ikkje er øydelagt) Bileta er og lagra på fleire diskar og DVDar. Slik har me og gjort for Unni sine 5000 bilete frå 2004 og mine siste 2876 bilete frå Spania. For å vera heilt sikker så har eg laga eit par  til Unni som ligg her, og eit par som ligg på DVD i Schancheholen.

Viktig å ha bilete fleire plassar!

Ha bilete fleire plassar!

Eg tok óg ekstra kopi av hennar bilete på ei anna datamaskin i 2008. Ein anna  lagring som er sikker er å leggje bileta ut på offentlege servarar. Det gjorde eg (i tillegg) her om dagen på Altibox heime i Noreg.  Dei tek godt vare på dine bilete (se øverst). Det er gratis opp til 5GB (ca 2500 bilder). Alle bileta frå websia mi ligg der (270 bilete). Eg har planar om å legge opp alle dei 2876 bileta der og men det tar mange timar med opplasting frå ei treg internettline her i Spania. Fleire nettstadar (t.d. fotobutikkar på nett) har tilbod om lagring av dine bilete. Trygdingsselskap har og tilbod om dette. Det er mykje skrive om desse tinga på internett. VG har ein fin artikkel om dette. Og Tv2 hjelper deg har gode råd om lagring av bilete.

Unni sin datamaskin er 5 år gammel. Hardisken kan gå når som helst!

Unni Elisabeth sin datamaskin er 5 år gamal. Den kan kollapse når som helst!

Og neste gang blir det eit innlegg om kvinner! Eller meir – spanske kvinner….. Følg med!

Kviteseid Kunstforening har no opna i huset vårt!

Siste innspurt for nokre veker sidan.

Siste innspurt for nokre veker sidan.

Galleriet og døra mot kontoret.

Galleriet og døra mot kontoret.

I dag er det opning av det gamle butikklokalet vårt i Kviteseid – Port Arthur. Det er rett nok pussa opp mykje. Me har sørga for eit heilt nytt toalett midt i lokalet og måla alle vegger. Medlemmer i laget har stått for mykje arbeid, fiksa lys og lagd golv, pussa vinduskarmar,  montert vedovn osb. Lokalet er no ferdig og det vert opning av kunstutstilling med mellom anna Heidi Naper, Hilde Sundt og Gunnar Torvund. Synd eg og Unni Elisabeth ikkje kan vere der! Det er skrive om hendinga i NRK Telemark og Varden. OG dykk må ikkje gløyme å sjå på bileta mine i MITT GALLERI. Send meg gjerne nokre kommentarer på bileta. Det set eg veldig pris på! Om eitt år, kan hende eg stiller ut bileta mine i Kviteseid Kunstforening sine lokale i huset vårt i Kviteseid!?!

OPPDATERA: Bjørgulv, vår snille nabo og ven har sendt desse MMS-bileta frå laurdag:

Utstillingen, MMSfoto Bjørgulv Ruud

MMSfoto Bjørgulv Ruud

MMSfoto av Bjørgulf Ruud

MMSfoto av Bjørgulv Ruud

MMSfoto Bjørulv Ruud

MMSfoto Bjørulv Ruud

Opningstider for Kunstforeningen finn du på: sida til Kviteseidbyen.