La visita – besøk

Falke reiste i går. Me køyrde han til flyplassen og han for til Norge. I farten gløymde han pengeveska si, så den må me sende i posten. Det blei stille når han reiste, men ikkje lenge. Cristina frå Valencia kom om kvelden for å vere her til sundag. Ho kom i 23 tia med bil og blei teken mot som den fyrste gjesten i huset vårt, utanom Falke då. Cristina var ei kjekk jente, 28 år, boande i den nærmaste storbyen, Valencia, ca 1,5 time med bil herfrå.

Cristina fekk ein pakke med ting ho hadde gløymt i Norge i mai

Cristina fekk ein pakke med ting ho hadde gløymt i Norge i mai

Ho budde i nabolaget vårt i Schancheholen i nærare 1,5 år. Ho var leige buar hos Gunnar Torstensen og arbeidde i Point of Peace og i ein barnehage i Stavanger.  Ho måtte dra tilbake til Spania i mai og er no arbeidsledig samen med 4 millionar andre spanjolar….

Cristina var med oss i dag på internasjonal dag i Alfaz del Pi, der fleire titals nasjonar hadde framsyning av aktiviteter og selde mat frå sine heimland. Nett som i Bjergsted på 17. mai. Det var ein kjekk oppleving, sjølv om me og har fått regnet til oss her i Spania nå.

Cristina og Unni Elisabeth ser på folkeleik frå Valencia

Cristina og Unni Elisabeth ser på folkeleik frå Valencia

Cristina vil lere meir norsk. Me vil lere spansk, så då har me ein fin avtale, så me skal halde kontakten i dette året i Spania. Ho er ei åpen jente med godt humør som me vil trivast godt med trur eg. Ho kjem frå mellomklasse i Valencia med mor som arbeider som professor i psykologi ved universitetet i V. Faren er pensjonert bankmann. Ho er den eldste blant 5 søsken.

Cristina snakkar med lokale dansarar frå Valencia

Cristina snakkar med lokale dansarar frå Valencia

DSC_8079

Dansarar på scenen med lokale drakter.

cristina

Skjalg synst det var kjekt å bli kjent med ein spanjol. Cristina skal me nok se meir til.

DSC_8089

Om tre veker vil ho me skal kome til henne i sumarhuset til faren i Denia, ein 45 minutters tur frå Alfaz. Før ho reiste tilbake til Valencia, fekk ho spansk/norsk mat som Unni Elisabeth og eg hadde laga. Eg trur ho lika det.

DSC_8090

Tags: , , ,

4 Responses to “La visita – besøk”

  1. Ahh. Såg veldig hyggeleg(t) ut! :-)

    So må eg finna ut kor tid eg skal gjera spaniavitjingi mi eg då.

  2. skjalg says:

    Ja, kjem du før den 1.11 bur me framleis i det store huset, etter denne dato har me plass til 2-3 maks om gongen. Og så må du jo ta dykkarsertifikat her…

  3. Eg hev dykka fyrr so vidt eg. Men det vil eg godt. Trudde det tok meir enn ein dag då.

  4. [...] valde å køyra til Valencia, det vart mykje billegare enn buss. Cristina (som pappa hev skrive um fyrr) fann oss på togstasjonen. Ho bur i ein nasjonalpark utanfyre Valencia; i ein av eit par litt [...]

Leave a Reply