FALLAS EN VALENCIA – UNA FIESTA ESPECTACULAR!

Unni lika seg i festen i Valencia.

Store figurar overalt i Valencia. Denne er 10m høg!

Det har vært Fallas i Valencia i ei heil veke. Fallas er ei festveke for cataloniarane i Comunidad Valencia til ære for Saint Joseph. Kvart år på denne tida er heile byen engasjert i førebuingane til den store paraden og presentasjon av dei flotte figurane som vert brente den nest siste helga i mars kvart år. Det blir dagar med mykje røre og mykje bråk!

Skaparglede med fine detaljar på figurane! Mange har satire som tema!

Figurane var henta frå eventyr, kvardagsliv og politikk i Catalonia.

Provinshovudstaden Valencia ligg 145km nord for oss. Det tek oss kun 1,5 time å reise på den snøgge motovegen AP7. Det er ein betalingsveg, men riksveg 332 (som er den gamle stamvegen mellom Malaga og Barcelona) tek oss dit gratis, med  litt lengre tid. På fredag kom med oss inn til byen kl. 14.00 og med blei som venta ståande å stange i kø den siste halvtimen. Alle skulle jo inn til sentrum! Vel, med kom oss inn i eit parkeringshus og ut i gatene.

Eit par hundre tusen menneskje i gatene. Trongt å kome seg fram!

Det small fælt rundt oss! Små og store gutar sprengde små og store bomber. Iflg Unni var jentene og med på notene, eg såg ingen. Fyrverkeri gjekk til vers og laga ein kakofoni av bråk. Lydnivået var frykteleg høgt! Ei norsk nyttårsfeiring er berre eit vorspeil samanlikna med dette. Klokka var kun 15, det var lyst, så me såg ikkje mykje til ljoset frå fyrverkeriet! Overalt på større plassar ibyen sto det små, og store figurar. Skikkeleg flotte var dei, med motiv henta frå kvardag, frå eventyr og kjendisverda og frå aktuelle politiske hendingar siste året. Eit og anna religiøst motiv såg me og. Det var like fylt i gatene som i Stavanger sentrum under opninga av ST2008. Svart av folk. Det vil seie det var nokre fargerike damer med dei tradisjonelle catalonske bunadene. De var flotte å sjå! Dei fleste damene var og flotte å sjå på..

Dei catalonske bundadene var ei fryd for auga!

Folk lagar seg kostyme. Her ei flaggermus og ein klovn!

12 timar med fest tek på for unge bein!

Utruleg mykje arbeid for å pynta byen. Og overalt kunne me kjøpe Curros!

Me hadde snakka med Cristina på telefonen  og skulle møte henne seinare ein stad i gamlebyen. Me fann ut at me måtte avstå denne gongen og og helle vitja henne ein gong me hadde betre tid. Det blei for kaotisk og for seint for oss. Klokka ti på kvelden sette dei fyr på figurane. Det small og knitra, folk klappe og jubla. Dette hadde dei venta på lenge! Dei seier at brenninga er ein tradisjon som banar vegen for ein ny start. Svart røyk velta ut av dei fargerike figurane og opp mot den svarte himmelen. Her var det mykje farlege gassar kan eg tenkje meg! Figurane var nok ikkje laga av miljøvenleg materiale! Me skulle heim same natta, parkeringshuset stengde kl 24.00 så me køyrde ut av byen. Me gjekk glipp av sjølve klimakset på feiringa. Det var trist, men det er berre 363 dagar til neste feiring startar!

Dei flotte figurane vart brente om kvelden den 19. mars!

Så brann dei opp alle figurane mellom 22.00 og 02.00...

Valencia una ciudad espectacular

Me har hatt planar om å dra til Valencia heilt sidan me kom til Spania. Odin og Helene var her for nokre månader sidan, eg hadde tenkt å vitja Cristina, men ho har vært svert opptatt med arbeid, sjukdom i familien osb. Derfor bestemte me oss for ein dagstur, drog kl 12 og var attende kl 22 i Albir. Det er berre 153 kilometer, så me må ta ein eller fleire turar seinare. Me MÅ jo dra dit 20.mars! Då har me 4 dagar med FALLAS. Den kan me ikkje gå glipp av…..

Puente Monteolivete

Museo de las ciencias

Mueso del las ciencias

Puente Monteolivete

Kulturhuset Palacio del las Artes

Dette minner litt om en stor båt

Palacio des las artes

Galeria  L» Oceanogracico

Definane var fantastisk flinke. Aldri sett slikt før eg....

Akvariet med tropiske fiskar.

Glassmanet

Spesiellt "å gå på" havbotnen saman med fiskane!

Fyrste gong er hev sett levande hai! Det var ei stor oppleving!

Det var lite folk i akvariet på denne tida av året. Lett å ta gode bilete.

Akvariet var det flottaste eg har vitja. Dei underjordiske anlegga var imponerande, akvaria var store og romma mykje eg aldri har sett før. Litt spesielt, anlegget ligg faktisk i ei gammal elvelei. Valencia vart råka av ein kraftig flaum i 1957 og som følgje av dette valde ein å drenere og lage ei ny elvelei. Den nye leia, der elva Turia no går, ligg utanfor byen.

Alt i alt ein innhaldsrik ettermiddag i ein særs spanande by som eg vil skriva meir om neste gong me vitjar Valencia! t.d. i slutten av mars.

Odin og Helene i Spania

Dagen er torsdag og eg og Helene hev vore i landet sidan sundag. Det vert fire netter. Dei tri fyrste i Albir der mamma, pappa og Kitty Karina bur, denne seinaste hjå Christina i Valencia.

Fyrste dag

Me kom oss til Albir med buss frå flyplassen, men han køyrde gjennom Benidorm fyrst. Makan til stygg plass hev eg aldri sett fyrr! Det såg so blodharry ut at det nesten vart ein attraksjon i seg sjølv. Pappa hev skrive um det same fyrr, men eg innsåg ikkje kor høgt byen låg på stygg-skalaen.

DSC_5375

Møtte mamma på strandpromenaden og traff KK framfyre TV-en og pcen hennar heime. Pappa hadde funne ut at han skulle hengja i Noreg nett den víka eg og Helene kunne koma. Langt i frå ideelt. Fær koma attende ein gong han er her. Det var seint, me hang litt ute med mamma og åt pizza.

Andre dag, Guadalest

Helene symjer

I gamle dagar bada eg aust og vest, same kva temperatur. Eg hev vorte feigare på mine eldre dagar, og der Helene prøvde symjebassenget eit par rundar nøydde eg meg med å sjå på. Veret er varmt på dagane, litt småkjøleg på kveldane (lett genser). Bassenget er direkte kaldt (fyrr du dristar deg uti, sjølvsagt).

DSC_5422

Me reiste sjølvsagt til Guadalest som me vart kjend med frå pappa sitt innlegg. Me køyrde feil på veg burt. Etter GPS-en sende oss køyrande feil veg uppetter ein einvegs-køyrd veg, storte me ikkje lengre på han. So me fylgde skilt som viste seg å vera ein slags gamal-gamal veg til Guadalest. Skiltingi der var visst ikkje heilt stabil helder, nei. Me fekk oss ein lang tur i spania sine fjelldalar upp og ned. Det gjorde ikkje stort.

DSC_5380

Då me svingde inn synast eg at eg kjende noko av plassen att. Endå sterkare då me kom til ein butikk der ein del av butikken låg uti lause lufti. Då me gjekk inn porten til fortet kjende eg meg so totalt att at eg turde segja det høgt. Eg var der då me hang i Torriveja for mange år sidan. Den gong då kaupte eg ein sprettert, det gjorde eg no òg.

DSC_5416

Guadalest er ein flott plass, eg kann ikkje forstå kvifor ikkje fleire vil sjå slik ut. Attende til Albir tok me ein heilt ny veg so GPSen forstod ingen ting og kom med dei sjukaste forslagi heile tidi. Han er spesielt ivrig på å taka U-svingar på allslags sjuke plassar. Eg forstå no kvifor folk stundom gjer dei raraste ting på vegen, dei høyrer berre på den vesle stemma i hovudetfrå GPS-en.

Lurte på kor ho forsvann, men tok ho på fersken i «vindaugehandling» i ein butikk

Lurte på kor ho forsvann, men tok ho på fersken i «vindaugehandling» i ein butikk

Tredje dag, Alicante

Dagen etter var me i Alicante, og det var eit sant helvete å køyra rundt for å finna parkeringsplass. Då me endeleg fann ein, viste det seg at det var soneparkering i heile byn. Doh. Reiste til eit kaupesenter, der var det gratis. På kvelden bowla me med KK. Helene vant (jeje).

Fjerde dag, Valencia

Me valde å køyra til Valencia, det vart mykje billegare enn buss. Cristina (som pappa hev skrive um fyrr) fann oss på togstasjonen. Ho bur i ein nasjonalpark utanfyre Valencia; i ein av eit par litt malplasserte blokkar midt inni skogen. Ingen gateljos der og eit ljodnivå eg trur til og med pappa hadde vore godt nøgd med.

DSC_5460

Etter eg og Helene hadde vore på art and sciences museum (med dei flotte bygningane du truleg ser på kort frå byen) åt me ute med Cristina. Me starta på ein tradisjonell tapasplass der me delte ein spansk omelett (egg+potet) medan me fann ut kvar me skulle eta hovudretten.

Me gjekk på House of Sushi, som hadde høgkvalitets sashimi til prisen av låg i Noreg og sers billig maki. Sidan eg no er ekte vegetarianar (ikkje fiskeveggis, som synast å vera det normale), åt eg futomaki med shiitake og noko-anna, agurkmaki og avokadomaki.

Viss du nokon gong er so heldig å få vitja Cristina kann eg ikkje gjera anna enn å varmt tilrå det. Koselegare vertskap kjenner eg ikkje til. Diverre tok eg ikkje stort med bilete i Valencia, me var for upptekne me å gjera ting. So eg hev ikkje eit einaste bilete av Cristina, men eg fann eit i arkivet frå denne sida:

DSC_8090

Det var òg godt å sova, ei god hard seng (den eg hev i Oslo er alt for mjuk) i japansk stil (låg!), utruleg stille (nasjonalparkstille 😉 ) og myrkt slik du ikkje fær i byen.

Femte dag, andre dag i Valencia

So drog me på den usedvanleg daude stranda. Det kann hava noko med at tvo ting:

  1. Det var ein torsdag
  2. Klokka var rundt 10

So ikkje alt for yverraskande. Eigentleg.

Men me lærte noko nytt. Då me kom attende frå strandturen stod det ein bil parkert bak vår bil! Me vart fylgjeleg ganske sett ut. Korleis i alle dagar skulle me få bilen vår ut når det stod ein annan bil rett bak han på tvers?

Eg spurde ein eldre spanjol ved hjelp av internasjonalt kroppsspråk spanjol. Han gjekk ut av bilen sin og dytta problembilen. Vips – bilen flytta seg! Folki som parkerer slik set dei i fri og utan handbrekk. Herleg. Eg flytta eit par biler til me hadde plass til å rygga ut. Alltid lurt på korleis slikt fungerte. Me gjer ikkje slikt i Noregs land.

Forresten hev dei alkoholfri øl yveralt her, ikkje som i Kroatia. Dessutan hev dei øl med eple og øl med sitron, eg tykkjer det er knallgodt! Det er ikkje som saft elder brus, men øl med ein litt annleis smak. Nett no sit eg og ventar på at Helene skal verta ferdig med all shoppingi. Eg et Happy Hippo’s og drikk Clausthaler Lemon midt i sentrum. Båe tvo tyske, so ikkje so mykje spansk-produsert nett no.

Etterpå prøvde me å gå i dyreparken (som me plar), men det var skitdyrt, so det droppa me. So møtte me Cristina til slutt. Me fekk ete middag saman, og kost oss litt til fyrr me sette nasa heimetter. Ein time og eit kvarter seinare var me heime. Turen Valencia-Albir er ganske lang, men med supermotorvegar so gjeng det fort.

So var det soving, ein dag til att i Albir og so heim att. Det hev gått alt for fort, likevel kjennest det veldig lengje ut. Nett som alle gode reiser/turar.

La visita – besøk

Falke reiste i går. Me køyrde han til flyplassen og han for til Norge. I farten gløymde han pengeveska si, så den må me sende i posten. Det blei stille når han reiste, men ikkje lenge. Cristina frå Valencia kom om kvelden for å vere her til sundag. Ho kom i 23 tia med bil og blei teken mot som den fyrste gjesten i huset vårt, utanom Falke då. Cristina var ei kjekk jente, 28 år, boande i den nærmaste storbyen, Valencia, ca 1,5 time med bil herfrå.

Cristina fekk ein pakke med ting ho hadde gløymt i Norge i mai

Cristina fekk ein pakke med ting ho hadde gløymt i Norge i mai

Ho budde i nabolaget vårt i Schancheholen i nærare 1,5 år. Ho var leige buar hos Gunnar Torstensen og arbeidde i Point of Peace og i ein barnehage i Stavanger.  Ho måtte dra tilbake til Spania i mai og er no arbeidsledig samen med 4 millionar andre spanjolar….

Cristina var med oss i dag på internasjonal dag i Alfaz del Pi, der fleire titals nasjonar hadde framsyning av aktiviteter og selde mat frå sine heimland. Nett som i Bjergsted på 17. mai. Det var ein kjekk oppleving, sjølv om me og har fått regnet til oss her i Spania nå.

Cristina og Unni Elisabeth ser på folkeleik frå Valencia

Cristina og Unni Elisabeth ser på folkeleik frå Valencia

Cristina vil lere meir norsk. Me vil lere spansk, så då har me ein fin avtale, så me skal halde kontakten i dette året i Spania. Ho er ei åpen jente med godt humør som me vil trivast godt med trur eg. Ho kjem frå mellomklasse i Valencia med mor som arbeider som professor i psykologi ved universitetet i V. Faren er pensjonert bankmann. Ho er den eldste blant 5 søsken.

Cristina snakkar med lokale dansarar frå Valencia

Cristina snakkar med lokale dansarar frå Valencia

DSC_8079

Dansarar på scenen med lokale drakter.

cristina

Skjalg synst det var kjekt å bli kjent med ein spanjol. Cristina skal me nok se meir til.

DSC_8089

Om tre veker vil ho me skal kome til henne i sumarhuset til faren i Denia, ein 45 minutters tur frå Alfaz. Før ho reiste tilbake til Valencia, fekk ho spansk/norsk mat som Unni Elisabeth og eg hadde laga. Eg trur ho lika det.

DSC_8090