Lyset og mørket – Luz y oscuriad

Skjalg, skjeggebuven, har ikkje hatt tid til å barbera seg sidan Marrakech!

Det går opp og ned. Det gjeng framåt og attende, det kjem lys og det kjem mørkje. Alt sving i syklusar. Heile livet er ein syklus. Eg laga ein film om dette i 1993. Det hette sjølvsagt «Syklus».

Villajoyosa ligg sør for Benidorm. Ein gamal fiskarlandsby me vitja med Odin og Helene.

Eg har hatt mykje energi og eg har vore totalt tømd for det same. No hadde eg jobba og stått på så mykje at eg ikkje hadde overskot til å skrive på sia mi. Det lengste opphaldet sidan er byrja i august. 75 % av arbeidet dei siste vekene har gått med til å administrera huset og leigeheita i Stavanger, samt huset vårt i Kviteseid. Me fekk plutseleg stopp på utleige av Stavanger Brygge og huset i Schancheholen! Samstundes var det og tomt i Kviteseid. Nå er utleige ein føresetnad for at eg kan vere her i Spania. Eg har for tidi ikkje andre inntekter. Det eg håpar på er jo å selje historia mi «Ville Venn».

Og så kom Odin og Helene på vitjing igjen. 10 dagar i mars. Dei er flinke å reise dei!

No har me ordna oss nye leigetakarar begge plassar og eg kan konsentrera meg om skrivinga mi. Det ser eg fram til. Det er det som betyr mest for meg no. Historia er ein filmsoge om ei ung jente som slit med vanskelege tilhøve i heimen, ho får etter ei dramatisk hending greie på at ho har ein annan far enn den ho har budd saman med i 17 år og startar ei detektivjakt for å finne sitt biologiske opphav. Det finn ho i Spania.

Villajojosa med mange smale gater der du ikkje vil køyre med bil..

Sidan me kom frå Marokko har me hatt vitjing av Odin og Helene. Dei kom 2. mars og reiste den 13. mars. Det var kjekt å ha dei på vitjing og det er andre gongen dei er her. Fyrste gongen hadde dei ikkje sjekka at eg var heime i Noreg. Odin og Helene er flinke til å koma seg rundt og var to dagar i Barcelona. Her fekk dei sjå verknader etter snøstorm…Men dette skriv vel Odin om på sia si Velmont.

No er det tid å bade igjen. Meiner Kitty Karina...

Dagane vert lengre og lengre her og. Morgonen vert lysare og lysare. Det vert varmare og varmare og Kitty Karina syntes det var på tide å starte badesesongen! Den 15. mars hoppa ho i bassenget. Trur ikkje det var så veldig varmt, men på terrassen var det kring 22 grader.

Det fyrste badet sidan november i bassenget vårt!

Og no er det berre å vente på fleire vikingar frå Noreg som tør å hoppe i bassenget vårt. Det vert nok varmare det når Eimund og Åshild kjem her i mai!

Godt og varmt på terassen i vårsola.

Odin og Helene i Spania

Dagen er torsdag og eg og Helene hev vore i landet sidan sundag. Det vert fire netter. Dei tri fyrste i Albir der mamma, pappa og Kitty Karina bur, denne seinaste hjå Christina i Valencia.

Fyrste dag

Me kom oss til Albir med buss frå flyplassen, men han køyrde gjennom Benidorm fyrst. Makan til stygg plass hev eg aldri sett fyrr! Det såg so blodharry ut at det nesten vart ein attraksjon i seg sjølv. Pappa hev skrive um det same fyrr, men eg innsåg ikkje kor høgt byen låg på stygg-skalaen.

DSC_5375

Møtte mamma på strandpromenaden og traff KK framfyre TV-en og pcen hennar heime. Pappa hadde funne ut at han skulle hengja i Noreg nett den víka eg og Helene kunne koma. Langt i frå ideelt. Fær koma attende ein gong han er her. Det var seint, me hang litt ute med mamma og åt pizza.

Andre dag, Guadalest

Helene symjer

I gamle dagar bada eg aust og vest, same kva temperatur. Eg hev vorte feigare på mine eldre dagar, og der Helene prøvde symjebassenget eit par rundar nøydde eg meg med å sjå på. Veret er varmt på dagane, litt småkjøleg på kveldane (lett genser). Bassenget er direkte kaldt (fyrr du dristar deg uti, sjølvsagt).

DSC_5422

Me reiste sjølvsagt til Guadalest som me vart kjend med frå pappa sitt innlegg. Me køyrde feil på veg burt. Etter GPS-en sende oss køyrande feil veg uppetter ein einvegs-køyrd veg, storte me ikkje lengre på han. So me fylgde skilt som viste seg å vera ein slags gamal-gamal veg til Guadalest. Skiltingi der var visst ikkje heilt stabil helder, nei. Me fekk oss ein lang tur i spania sine fjelldalar upp og ned. Det gjorde ikkje stort.

DSC_5380

Då me svingde inn synast eg at eg kjende noko av plassen att. Endå sterkare då me kom til ein butikk der ein del av butikken låg uti lause lufti. Då me gjekk inn porten til fortet kjende eg meg so totalt att at eg turde segja det høgt. Eg var der då me hang i Torriveja for mange år sidan. Den gong då kaupte eg ein sprettert, det gjorde eg no òg.

DSC_5416

Guadalest er ein flott plass, eg kann ikkje forstå kvifor ikkje fleire vil sjå slik ut. Attende til Albir tok me ein heilt ny veg so GPSen forstod ingen ting og kom med dei sjukaste forslagi heile tidi. Han er spesielt ivrig på å taka U-svingar på allslags sjuke plassar. Eg forstå no kvifor folk stundom gjer dei raraste ting på vegen, dei høyrer berre på den vesle stemma i hovudetfrå GPS-en.

Lurte på kor ho forsvann, men tok ho på fersken i «vindaugehandling» i ein butikk

Lurte på kor ho forsvann, men tok ho på fersken i «vindaugehandling» i ein butikk

Tredje dag, Alicante

Dagen etter var me i Alicante, og det var eit sant helvete å køyra rundt for å finna parkeringsplass. Då me endeleg fann ein, viste det seg at det var soneparkering i heile byn. Doh. Reiste til eit kaupesenter, der var det gratis. På kvelden bowla me med KK. Helene vant (jeje).

Fjerde dag, Valencia

Me valde å køyra til Valencia, det vart mykje billegare enn buss. Cristina (som pappa hev skrive um fyrr) fann oss på togstasjonen. Ho bur i ein nasjonalpark utanfyre Valencia; i ein av eit par litt malplasserte blokkar midt inni skogen. Ingen gateljos der og eit ljodnivå eg trur til og med pappa hadde vore godt nøgd med.

DSC_5460

Etter eg og Helene hadde vore på art and sciences museum (med dei flotte bygningane du truleg ser på kort frå byen) åt me ute med Cristina. Me starta på ein tradisjonell tapasplass der me delte ein spansk omelett (egg+potet) medan me fann ut kvar me skulle eta hovudretten.

Me gjekk på House of Sushi, som hadde høgkvalitets sashimi til prisen av låg i Noreg og sers billig maki. Sidan eg no er ekte vegetarianar (ikkje fiskeveggis, som synast å vera det normale), åt eg futomaki med shiitake og noko-anna, agurkmaki og avokadomaki.

Viss du nokon gong er so heldig å få vitja Cristina kann eg ikkje gjera anna enn å varmt tilrå det. Koselegare vertskap kjenner eg ikkje til. Diverre tok eg ikkje stort med bilete i Valencia, me var for upptekne me å gjera ting. So eg hev ikkje eit einaste bilete av Cristina, men eg fann eit i arkivet frå denne sida:

DSC_8090

Det var òg godt å sova, ei god hard seng (den eg hev i Oslo er alt for mjuk) i japansk stil (låg!), utruleg stille (nasjonalparkstille 😉 ) og myrkt slik du ikkje fær i byen.

Femte dag, andre dag i Valencia

So drog me på den usedvanleg daude stranda. Det kann hava noko med at tvo ting:

  1. Det var ein torsdag
  2. Klokka var rundt 10

So ikkje alt for yverraskande. Eigentleg.

Men me lærte noko nytt. Då me kom attende frå strandturen stod det ein bil parkert bak vår bil! Me vart fylgjeleg ganske sett ut. Korleis i alle dagar skulle me få bilen vår ut når det stod ein annan bil rett bak han på tvers?

Eg spurde ein eldre spanjol ved hjelp av internasjonalt kroppsspråk spanjol. Han gjekk ut av bilen sin og dytta problembilen. Vips – bilen flytta seg! Folki som parkerer slik set dei i fri og utan handbrekk. Herleg. Eg flytta eit par biler til me hadde plass til å rygga ut. Alltid lurt på korleis slikt fungerte. Me gjer ikkje slikt i Noregs land.

Forresten hev dei alkoholfri øl yveralt her, ikkje som i Kroatia. Dessutan hev dei øl med eple og øl med sitron, eg tykkjer det er knallgodt! Det er ikkje som saft elder brus, men øl med ein litt annleis smak. Nett no sit eg og ventar på at Helene skal verta ferdig med all shoppingi. Eg et Happy Hippo’s og drikk Clausthaler Lemon midt i sentrum. Båe tvo tyske, so ikkje so mykje spansk-produsert nett no.

Etterpå prøvde me å gå i dyreparken (som me plar), men det var skitdyrt, so det droppa me. So møtte me Cristina til slutt. Me fekk ete middag saman, og kost oss litt til fyrr me sette nasa heimetter. Ein time og eit kvarter seinare var me heime. Turen Valencia-Albir er ganske lang, men med supermotorvegar so gjeng det fort.

So var det soving, ein dag til att i Albir og so heim att. Det hev gått alt for fort, likevel kjennest det veldig lengje ut. Nett som alle gode reiser/turar.