Ein mistenkjeleg mann…

Ein mistenkjeeg mann dukka opp på torsdag Han kom til porten utfor huset vårt og ville selje abonnement på is-levering. Det var det han sa, på sin gebrokken engelsk. Eg tenkte det ikkje då, men der ei vanleg måte å for folk me uærelege føremål å gjere seg kjent på ein potensiell plass for eit innbrot! Så nå trur med at denne mannen har vært inne i huset vår i går og teke nokre ting…men me alle fire var heime. Desse tinga var så viktige at me leita i flire timar på å finne dei.

Bilen me brukar er den litle kvite som er innesperrara.

Det var nøklane til huset og til bilen me leita etter! Jo tjuvane hadde tatt desse (reservenøklar) og brillene mine (!). Med nøklar til hus og til bil, ville det no vere fritt fram for dei ubudne å forsyna seg her. Det sette oss i alarmmodus, eg fekk tak i ein kjetting med hengjelås som eg kunne festa på jernporten foran inngangsdøra. Bilen fekk med sikra med å få naboen til å setja sin bil bak vår. Då kunne me sova trygt den siste natta! I dag har eg ringt huseigar, bestillt låsesmed og tinga ekstranykjel til bilen (den ligg på eit kontor i byen)…….

No rett føre me dreg på flyplassen kan eg skrive slutten på historia. Kanskje ikkje overaskande.

Så kom dei fram til slutt...

Nøklane kom fram. Då me tok den siste gjennomgang av koffertane vår…fann me fyrst bilnykkjelen i min koffert, på botn.  Husnykjel fant me i ein av KK sine kortbukser som ho alstå hadde pakka ner i kofferten sin.

Moralen er: ein må ikkje svare på spørsmål frå selgarar som kjem på døra her i Spania. det uroar sjela, men….Hald orden på nøklane, men ikkje for godt.!

...og så var det berre å vente til bussen kjem....Greitt med internett då!

2 Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *