Ein personleg ytring – Una proclamente privado

datoklokke17grader

Det er jo veldig kjekt å vere i eit land som har slike temperaturar i oktober. Eg går framleis barføtt i kjippkjappane mine, med kortbukse og korterma skjorte, og me skriv altså 14. oktober.

Mest to månader i Spania framkallar ein del tankar kring livet her i den spanske kulturen.  Aasny, mi syster, skreiv ein kommentar i går der ho spurte om nokre detaljer om å bu her Eg kan jo dele nokre    personelge erfaringar så langt.  Det er ikkje som å vere heime i Stavanger, det er sikkert og visst. Dei daglege rutinane er sjølvsagt ansleis for meg personleg. Eg har ikkje noko fast og konkret arbeid å ta tak i kvar dag, sjølv om eg brukar nokre stunder kvar dag der eg sjekkar epost, ordnar med praktiske og økonomiske ting i leigeprosjekta våre og  skriv litt på eit manuskript og går på postkontoret for å sjå i boksen me leiger der.  Dei daglege spaserturane i byen Albir, på stranda og tilbake til huset vårt gjer meg nokre små blikk i eit og anna liv frå utsida.

Morgonsteming i dag 14. oktober - langs stranda mot Altea.

Morgonstemning i dag 14. oktober - langs stranda mot Altea.

Mange av dei som bur her utanom dei spanske er tydeleg pensjonistar frå Nederland, Sverige, Norge og England. Dei møter eg dagleg på mine vandringar til byen. Treff på eit og anna par med born som er på besøk. Det er roleg her, folk held på med sitt. Plutseleg kjem dei ein (hollandsk/svensk?) husfar ravande full i gate med sint kone  og  gråtande barn på slep. Det er nokre med store alkoholproblem her, det ser eg og. Eg treff nokre av dei på butikken, tidleg morgon for å kjøpe seg sin liter med vin, øl eller sprit, men det er ikkje påfallande. Kanskje ikkje meir enn i Noreg.

Nå har eg sett desse på stranda i snart 2 månader - eg måvel slå følge snart?

Nå har eg sett desse på stranda i snart 2 månader - eg måvel slå følge snart?

Ein ting som har overraska meg litt er at det faktisk er ein del einslege norske ungdomar her. Nokre som lever samen med besteforeldre/onklar/tanter i kortare eller lengre tid.  Dei kan ha forskjellige grunner for dette, men det er nokre føresette som har sendt ungane vekk frå» problem» heime i Noreg.  Ein tilsett i Helsestasjon for ungdom (drive av sjømannskyrkja og Blå kors) fortalde meg at det og er ungdom i alderen 16-18 som bur her aleine på hybel. Dei går på på vidaregåande skule her i Spania. Det er fleire enn tidlegare som oppsøkjer helsestasjonen med behov for hjelp. Dei taklar ikkje livet så greitt, det var  kanskje ikkje så problemfritt så dei trudde då dei drog her til Spania  åleine…..  Dette er noko å tenke på, noko nytt som me får høyre meir om i dei komande åra, trur eg.

Ein gong i veka kjem DAG OG TID til meg i postboksen. Den dagen sit eg på kafe lenge!

Ein gong i veka kjem Dag og Tid til meg i postboksen. Den dagen sit eg på kafe lenge!

Me høyrer og ser kva som skjer i Noreg. Me har norske TV-kanalar me og! Det set iallefall Kitty Karina pris på.  Eg for min del kan jo lese nyheter på nett, men det eg set mest pris på er den avisa som kjem ein gong i veke til postboksen vår!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *