Benidorm er byen alle likar eller hatar! Det er ein stygg by, men har sjarm. Den er harry og den er kulturell. Den er internasjonal, men veldig britisk. På kvart gatehjøre finn du engelske pubar, restaurantar og engelske pensjonat, butikkar og hotell. Engelskmennene har reiste til denne byen i 50 år for å feriere. I dag er det nedgangstider i England og britane er ikkje så mange som før. Dei sel feriebustadene. Det er hundrevis av leiligheter til salgs i byen og dei er halvparten så dyre som her i Albir. Eit rykte seier at det er så billeg å bu her at engelske sosial myndigheiter sender trygda hit fordi dei slepp unna med lågare bukostnadar og sparar pengar på statsbudsjettet! No på vinteren er det sjølvsagt ikkje så mange som bur her, men dei synes dei som er er.
Det er mange pensjonistar med gåstol, elektriske trehjulingar og på eigne bein. Stundom ser med nokre som badar og, dei er nok meir friske enn gjennomsnittet. Året gjennom reiser det 4.000.000 turistar til Benidorm. Det bur berre 40.000 her, men til ei kvar tid er det 400.000 menneske her på besøk i turistsesongen.
I byrjinga av 50talet var Benidorm senter for tunfisk i Spania og hadde omlag 3.000 innbyggjarar, så endringa har vore formidabel! No er han kjend som partybyen. På kveldstid er det liv overalt. Me ser med brune barar, dansekneiper og drikkebuler fylde med folk frå heile Europa i alle aldrar, men fleirtalet er nok eldre folk på denne tida av året. Me fant oss ein dansebar med godt vaksne folk. Eg såg ei jente på 20 mellom dei 150 som var i lokalet. Heile kvelden vart det dansa og sunge i Sinatra Bar. Ein engelsk avdanka popsongar og ei ditto dame haldt stemninga oppe med svisker frå tri titals årgangar. Fleire av gjestene kom med kostyme. Ein gjeng var indianarar. Ein annan gjeng engelsk damer var kledd som politikvinner med handjern om armen. Dei dansa alle samen og er var den einaste hanen på dansegolvet. Dei ville til og med ha bilete av meg når stod saman med dei tvilsame politikvinnene!
Benidorm er ein interessant by verdt ei nærare studie med antroposofiske brille. Eg tenkte eg skulle sjå nærmare på byen når eg har fått tatt nokre fleire bilete og snakke med fleire folk.