Ei veke med fiksing og fiksing.

God arbeidsstilling....

God arbeidsstilling….

Her er eg igang med arbeidet. Det har vore ganske lett å få leigd ut leilegheita vår her i Spania. Etter kun ein månads annonsering på Finn har det blitt kontraktar heilt fram til utgangen av mars.

CalendarPalantino

Det er eit rush av norske (og nordeuropeeiske) pensjonistar som vil sørover når haustveret kjem med sure nordavind og regntunge dagar. Reknar med å ta ein tur att til juletider (eit par dagar) og til påske.

Innkjøp til bustaden.

Innkjøp til bustaden.

I tillegg til arbeidet med å leige ut, har eg og teke dei siste formelle grep for overtakinga, slik som kontraktar for vatn, gass, straum og internett. Det er viktig å få desse på plass, få alle betlingssystemer automatiserte, slik at ein slepp å henge på kvar månad for alt som skal betalast.

DSC_0023.resized

Flotte kostymer på krigerske damer og menn .

Det er blitt tid til andre ting og. Eg har kome videre med tannleikjaren min, slik at implantater argerike kostymer. og resten av fiksinga skal vere på plass i morgon.  Ellers så har det vært fiestas i Altea med denne katolske festen som markerer kampen mellom dei kristne og muslimane på 800-talet.

DSC_0020.resized

Paella, den beste spanske retten, synes eg.

No går det mot slutten av veka, og eg dreg til Palma del Mallorca. Det går eit direktefly frå Alicante på laurdag, der eg betalar 240 kroner for å møte Unni Elisabeth, Eimund og Åshild. Det blir ei veke i ein del av Spania me ikkje har vitja før.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *