Her er leilegheita på hjørnet i fjerde etasje, med uteområde i forgrunnen.
Utsikten er god. Mot sør, sol det meste av dagen.
Stua med TV og kabel for norske kanalar + ca 30 internasjonale.
Stue, spiseavdeling og kjøkkenet i enden av leilegheita.
Houvudsoverom med god dobbeltseng og direkte inngang til eige bad.
Sekundærsoverom med to senger. Den eine kan skyvast under den andre for betre plass.
Dette er det eine av dei to bada.
Og dette er det andre – tilhørande sekundær-soverommet.
Kjøkken er lyst og oversiktleg. Det er installert gasskomfyr.
Utsikt mot sør frå balkong. Her har du sol heile dagen.
Bak leilegheita er det butikkar og mange servicebedrifter.
Mot nord er nærmeste nabo ein golfbane.
Strandpromenaden i Albir går heilt til Altea, ca 3 km lenger nord.
Hallo. Kan vera interessert i leige av den aktuelle bustaden ein eller annan gong i 2016. Er godt kjend i Albir, vore der mange gonger saman med kona mi. Er nett no i ei sorgtung tid, då kona mi døydde i november. Kan bli mykje kjensler som kjem att når eg kjem til Albir, men har lyst til å dra ned dit neste år likevel. Dottera vår arbeidde på den norske institusjonen Reuma-Sol oppe i Alfaz for nokre år sidan. Korleis ligg det an med eventuell leige til våren? Bur på Bømlo, Hordaland.
God jul!
Hei!
Du er hjarteleg velkomen til å nytta vår bustad i Albir. Send meg ein direkte E-post, så ordnar me det.
S O