I dag regnar det. Mykje regn. Men det er varmt, kring 18 grader. Eg sit heime i dag. Har nett hatt meg min daglege tur til posten, stranda, butikken. I går sjekka eg yr, korleis ver det ville bli her. Regn då og, men det synte seg å ver litt betre enn vervarselet… Tok meg ein tur til Altea med sykkelen.
Tok ein mindre veg, ein eg tidlegare hadde spasera, men fann ut etter to kilometer at den vare steng, av veg-arbeid. Dei bygg dobbeltspor her og, som Stavanger. og har fått bevilga 1,7 milliardar kr frå EU for å bygge sporet mellom Altrea og Benidorm, ein strekning på kring 12 kilometer. Vel, eg trilla rund i private gardar og hagar (!) for å kome meg over på rimelegvis, men det var gjerde , buskar og murar over alt. Måtte kapitulera og snu, sykle dei 2 kilometrane tilbake. Då opna slusene seg frå himmelen. Gjett om denne karen blei blaut!
Ein god dusj gjorde underverk, slik at eg kunne starte på middagen for kvelden. Me hadde to vaksne og ei jente på besøk. Den eine av dei vaksne var lærarar på skulen der Unni Elisabeth jobbar, mannen hennar var lærar på skulen i Alfaz del Pi, 5 kilometer frå der me bur. Dottera deira på femten hadde budd heile skuletida si i Spania, men eg fekk inntrykk av at dei ikkje hadde spesielt mykje med dei spanske å gjere. Det er vel eit problem, av generell art her. Dersom ein ikkje går hardt inn for å lera seg spansk, blir ein isolert, eller for å sei det slik: ein blir berre kjend i det norske nettverket. Gjestene våre hadde budd her i 10 år, fleire av ungane hadde og gått på norske skular. Me fekk mykje verdfull informasjon om korleis med skal få eit ennå betre opphald her i Spania.
Regnet hølje ned framleis utanfor stovevindauget. Eg kikkar over på den andre sia, der det er ein noko uvanleg forretning. Eg har lagt merke til ein grønn butikk like ovanfor der me bur. Den er pynta med eit lys-skilt med ei nokså velkjend plante. Den er grøn og liknar mistenkjeleg på denne grøne plante som det er forbode å planta i Noreg. Jo dykk har gjetta rett – det er ein butikk som sel cannabis! Eller for å vere presis, butikken sel utstyr for å dyrke planta sjølv! Det er lovleg å plante og bruke cannabis sjølv her i Spania, men det er ulovlege å selje planta til andre.
Den næraste naboen vår.. har me aldri sett. Denne bur 10 meter frå oss og har støtt kler hengande ute til tørk. Merkeleg nok er det ikkje dei same kleda som heng derheile vegen. Derfor må det vere nokon som skiftar dei ut… Eg veit ikkje, men noko lysskye må dei vere, for på 60 dagar har me ikjje sett eit mennesker der! Eg ser dei er gode kundar av den lokale cannabisbutikken. Saman med leikeapparater og nyvaska kler står det fleire cannabisplanter i godt hald. Det ser ut som det er småungar som frekventerer huset etter alle leikeapparata å døme, men på to månader har me ikkje sett ein unge. Men klesvasken tek nokon ofte, og plantane får vatn – det kan sjølv eg sjå! Men ikkje eitt menneske på 2 månader! Mystisk! Kanhende dei sit inne heile dagen og røykjer plantedamp??