Spania 1968
Spansk landsby, Andalucia. Rundt siesta-tid. Eg høyrer høg skjerande kvinnestemme. Borti gata ser eg ein mann og kvinne og ein gut på 5-6 år kome ut frå ein bar. Kvinna kledd i stakk, mannen i arbeidskler, ein gardbrukar ser det ut til. Han går ustødig, er openbart rusa. Kvinna snakkar høg og fort, slår på mannen sin der dei går bort etter. Den vesle guten heng etter den andre handa til mora, han gret…
Spania 2010
Etter å ha budd i Spania i snart 5 månader så har eg gjort mine observasjonar om skilnader på norsk og spansk kultur. Me opplever den spanske kulturen med lever med sia av spanske menneske og observerer litt av spansk kvardag. Eg har skrive om nokre av dette før, men no er det tida inne til å skrive om menneskje, det spanske menneskje eller nærare bestemt, den spanske kvinna! La mujer española.
Spania er merkt av eit langt tidsrom med konservativ styring frå 1936 til 1975. Dette har sett tydeleg merke på land og folk! Fredrico Franco styrte Spania med jernhand.
Denne fascistiske politikken som militærdiktatoren stod for var saman med den katolske kyrkja si sterke stilling ein viktig faktor for å halde dei strenge konservative rammene på plass. Innan familielivet var det tydeleg. Kvinna sin plass skulle vere i heimen å stelle med hus og born og mannen var ute på markene og stadig i landsbyens bar. Synleg – som familiens patriark. Det var dette eg hadde som svake minne frå min fyrste tur til Spania i 1968. Det var eit samfunn som var styrt av militæret, politiet og kyrkja. Alle tydelege mannsbastionar.
Den katolske kyrkja si styringa av familielivet gjekk langt utover det me opplevde i andre delar av Europa på denne tida. Til dømes var ikkje prevensjon og familieplanlegging på den offentlege agendaen i Spania. Familielivet var berre ein privatsak, som kyrkja fekk ta seg av. Dei store endringane kom etter 1975 (Franco døydde same året som med hadde FN sitt kvinneår). Spania har gått veldig langt på sers kort tid. Dette kan ei sekulær politisk venstreside ta mykje av æra for. Det spanske sosialistpartiet har hatt ei klar haldning til den politiske, økonomiske og kulturelle utviklinga i landet sidan åttitalet. Dette har tent dei spanske kvinnene spesielt, som er gått frå å vere blant dei mest undertrykte i Europa på 60talet til å vera blant dei mest frigjorde i dag.
Som all god og positiv utvikling har også denne ei mørk bakside. T.d har den registera valden mot kvinner auka. I fylgje det spanske likestillingsdepartementet blir 30% av alle drap i Spania knytta til partner-relasjonar. Mest alle desse drapa er utførd av menn. Kan dette ha noko med at utviklinga har gått for snøgt? Er kontrasten frå den fascistiske tida med Franco for stor? Har t.d den spanske mannen hatt problem med å sjå og akseptera utviklinga?
Kvinnene er på veg fram. Dei markerer seg på stadig fleire område, nett som i Noreg. Kvinnelige sjefar og forretningskvinner er meir vanleg. Går det for snøgt for den spanske mannen? Har han ikkje klart endringane som likestillinga har ført med seg? I dag er likestilling i arbeidslivet i Spania 43% og Norge 49%. Det kan sjå ut som om den spanske mannen er i utakt med kvinnene sine, sidan han må ty til fascistisk valdeleg machokultur!
Spania 2010
I politisk styring er Spania omlag likt med Noreg, likestillingsprosenten er 36. Kvinnene er blant dei mest likestilte i Europa, og dei er og blant dei mest kvinnelege synes eg. Den spanske kvinna er oppteken av si feminine side og veit å framheve den. Det merkar eg i måten dei ter seg og kler seg. Dei framhevar de feminine trekk med å vere motebevisste. Eg får eitt inntrykk av at dei spanske kvinnene ser meir kvinnelege ut fordi dei kanskje er så bevisste deira eiga kvinnelege identitet. Framveksten av likestilling mellom kjønna har understreka dette. Og mannen, han heng etter. Han går framleis på bar og drikk, treff likesinna menn som diskuterer fotball og dei umogelege kvinnene sine! Eller er det ikkje slik? Skal sjå meir på tilhøve mellom dei spanske kvinnene og mennene deira seinare.
Del to av den spanske kvinna(!) kjem etter min neste tur til Noreg.