Det er anna trafikk-kultur her i Spania. Det er sikkert. Alle køyrer fortare, dei køyrer tettare, parkerer tettare, bryr seg ikkje om trafikkskilt eller raudt lys. De sydlandske temperament er tydeleg. Falke hadde ein elddåp i Barcelona, men han lika å vere oppe i kaoset han! Eg køyrer med hjarte i halsen anten eg sit på sykkelen eller i bilen. Me kjøpte ein sykkel for to veker sidan.
Den blir flittig brukt til og frå skulen, men det er eit sjansespel! Det finst ikkje noko særleg med sykkelstiar (med unnatak av promenaden langs sjøen – for mosjons-syklistar), og vegen til skulen er fylt med hål og høge kantar. Her om dagen måtte eg lappe sykkelhjulet for det slit veldig når både Unni Elisabeth og Kitty Karina sit på same sykkel med tunge sekkar på ryggen!
Lysfest i Altea
På kvelden torsdag var me i Altea. Der har me lysfest denne veka. På torget i gamlebyen var det skodespel på catalansk. Me forstod ikkje mykje av det verbale men fekk med oss at det hadde ei religiøst innhald. Medan me såg på stykket, spiste me veldig god paella, den må eg jo prøve meg på heime tenkjer eg!
[…] skjer jo, men ein har jo praktiske hender som fikser slike bagatellar! Og slike bagateller oppstår støtt og stadig. Eg har eit kjekkt og praktisk verktøysett med meg frå Noreg! A man has to do what a man has to […]