Siste dag mykje å gjere – Dure día mucho ocupado

Ein liten meditasjonstund med kaffi før dagen startar!

Ein liten meditasjonstund med kaffi før dagen startar!

Eg er og av det slaget som utset det meste til slutten. Vil no ha det behageleg lengst mogeleg og derfor blir det alltid sers travelt på slutten. Var trøytt etter Kviteseidturen, men fekk vitja Ketil og Bodil.

Ketil og Bodil

Ketil og Bodil

Dei har nett flytta i nytt hus og skal ha sin tradisjonelle haustfest om nokre veker. Der har me alltid vore, synd me ikkje kan vere med denne gongen! Bodil hadde nett vore i USA og sett på førebyggjande arbeid i kriminalomsorgen. Seinare måtte eg berre ta ein roleg kveld og samle krefter for siste dagen.

Fredag vart det mykje køyring fram og tilbake med mor sin bil. Schancheholen, Storhaug, Breivik. Eg reparera datamaskin heime, Acona denne servaren til odin har kollapsa, er freista å flytte HDen til ein ny maskin og sette denne opp på nettet. Så kan Odin ordna resten frå Oslo.

Acondisken hadde krasja, så eg måtte hjelpe til.

Acondisken hadde krasja, så eg måtte hjelpe til.

I Breivik kopiera eg 50 DVDar. «Hva er det med Monica» er ein film om tidleg tegn ved psykisk lidelse. Denne filmen produsera eg for nokre år sidan, den går ut i store opplag.

Rapp og Skjalg i arbeid

Rapp og Skjalg i arbeid

Måtte og sørge for å kopiera alle filmopptaka frå Spania over på ein HD. Dette fekk eg hjelp til hos Avit der eg kjøpte kamera mitt. Det var 64GB med HDV-opptak så det tok si tid. Nå veit eg korleis eg kan gjere det heime i Spania. Dumpa opptak på 1TB-disken me har. Måtte og slette 5686 bilete frå 2004-2009 for å bruke denne disken – men hadde kopiera han til Macen min som står hos Siv, og laurdag morgon lage eg og 4 DVDar med alle Unni Elisabeth sine digitale sine bilete. (mykje teknisk snikksnakk her!).

Scener vert overførte til HD

Scener vert overførte til HD

Kvelden kom og denne dagen…Måtte kjøpe ein LANkabel og DVDar på Clas Olson, mat til mor og middag til vertskapet og meg, Klokka sju spiste Siv og eg enkel  spagetti med pakistansk saus før eg strauk på dør til viting hos Gry og Odd Rune. Eit glas vin og rett til møte med Helene Stenhaug. Ho er ein elev eg har fylgd opp dei siste 3 åra. Eit skrivetalent i filmverden. Ho har planar om å taka Odin og meg med på sin fyrste profesjonelle film (kanskje neste år?). Møtestad er er Sjokoladepiken,,, Der er det godt å snakke, rolege omgivnader, kjekke folk! Men eg såg ikkje Dag i kveld! Det var frykteleg kaldt, – frykteleg kaldt å gå heim i austavinden!

Og No –  Hola Espana!

Fire grader

Fire grader

3 Comments

  1. Hei- kjekt at du involverte Rapp i arbeidet ditt. Han blir mer og mer empatisk. Nå e an tett ved Åsnes side,nesten like slakk som hu(39.03 i feber)…

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *