Marrakech ei anna verd – Marrakech un otro mundo

Kaotiske, sjarmerende og fargerike Marrakech er ei oppleving som ein seint gløymer!

Så har med teke turen over Middelhavet til Afrika. Kontrasten er stor. Marrakech ligg midt inne i Marokko ved foten av Atlasfjella og har 350.000 innbyggjarar. Marrakech er kjent som den «raude byen» som er knytt til dei mange raude bygningane og den raude 24 km lange bymuren som er inntakt. Her er det kaotisk, vilt, eksotisk, pulserande, støyande, fattig og fargerikt.

Kitty Karina lika litt luksus på Mirage Royal Hotel i Marrakech!

Reisa frå Albir blei noko kaotisk. Og lang. Me starta frå huset vårt omkring kl 9.30. På veg opp til hovudvegen blei me stoppa av politiet i ein halv time. Unni hadde teke ein spansk ein, ein sving der med kryssa den kvite lina i midten av vegen. Samstundes leita eg etter mobilen i lommene mine, så eg hadde løsna sikkerhetselen (eg har den på elles i 99,9%), så det vart bot på 63EU! Fin start på dagen! Framme på Alicante flyplass, gjekk innsjekking og avreise bra med Ryanair. I Marrakech forsvann den eine kofferten for oss og me bruka lang tid i kø på «lost luggage»-kontoret. Eg tok meg nokre turar i ankomsthallen og på ein av turane fann eg kofferten! Den hadde falle av transportbelte og låg bak utanfor synsvidde… Den venlege bussjåføren på rute 19,  tok oss med til sentrum. Han hoppa like godt av førarsetet og ned på fortauet og forklara oss vegen til hotellet! Snakk om service! Me var trøytte då me kom oss inn på rommet. Det vart ei lang reise frå Spania. Me bruka 7 timar på den korte turen… Meste av tida gjekk med i køar og venting. Frå Alicante til Stavanger tek det berre 5 timar- med venting. Eg trur me tar toget på neste tur – til Madrid!

Ein tur inn i gamlebyen er ei tidsreise. Her gjekk med rundt omkring i basarane og på det opne matmarknaden, Djemaa el Fna, kor det var 100vis av utekafeear eller restaurantar der maten blei laga ved borda. Det var flott og spanande å sjå på, maten smaka ok, men ein veit ikkje korleis ein vil reagera på mathygiena før dagen etter! Det var ikkje den standarden som Unni set etter mange år i Mattilsynet! Eg merka eg hadde ete noko som laga lydar i magen!

Det fantastiske kveldmarkedet med retaurantene i Souq er eit spande skue!

Turen ikring basarane, Souq, er jo alltid spanande. Eg ser no mest på folkelivet, Unni Elisabeth og Kitty Karina kunne mest ikkje gå forbi ein einaste butikk utan å gå inn og sjå, så me brukte resten av kvelden der i det fargerike kaoset. På det fine hotellet som me hadde tinga for to netter, er me i anna verd. Luksus er det kort og godt. Me unnte oss to dagar her som ei gåve til Unni sin fødedag som var den 18. februar.

Kitty Karina

Kitty Karina, litt skremd i kveld - var nok ikkje førebudd på det kaotiske livet i gamlebyen!

Dag to tok me oss inn i gamlebyen med det yrande og kaotiske livet som ein berre må oppleve sjølv. Det er umogeleg å skrive rettvist om luktene, lyden, fargane, menneska, fattigdomen, gleda og fortvilingi. Byen Marrakech er nok og lik andre arabiske storbyar på mange måtar, men det er noko spesielt med den flate bytopografien, der ingen bygningar er høgare enn 30 meter. Byen ligg og på eit heilt flat slette. Det er berre moskeane som stikk opp over byhorisonten. Husa i gamlebyen er bygd i eit forvirrande labyrintmønster som det tar lang tid å finne ut av. Dette gjorde at me bruka kart heile tida.

Det var folk

Det var folk overalt som sat på bakken og diskutera, drakk te, med kvarandre.

Så sant me stansa opp meir enn 30 sekund for å konsultera kartet, så var dei der og skulle geleide oss fram til bestemmelsesstaden.  Det var ein stor frustrasjon for Kitty Karina at desse hjelparane  kom i dusintal. Og alle skulle dei betaling. Det hende fleire gonger at den eine guten som skulle hjelpa oss var blitt til tre-fire personar då me kom fram, og alle ville sjølvsagt ha pengar! Kitty Karina lika ikkje måten dei snakke til henne på, og eg kan forstå at ho blei litt uroa somme tider. Det lyset håret hennar vekkje stor merksemd blant dei mørke unggutane og mennene. Me snakka ein del om dette før me reiste. Ho har nok oppleva eit skikkeleg kultursjokk!

Dei aller fleste som ville vise oss vegen ville ha betalt. Men desse to ville berre hjelpe.

Seinare møtte me Ahmed og sonen Mohammed som me blei meir kjent med de neste dagane. Han var ein hjelpsom mann, som sjølvsagt og ville ha pengar for jobben sin (han var faktisk ein guide og pensjonatvert). Han var ærleg og då er det greit.

Me hadde bomma på datoar på bestilling av hotellet vårt, så me starta i feil ende av skalaen. Det ville ha vært betre om Kitty Karina hadde fått dei siste to i luksus!

Ahmed og sonen Mohammed blei vår guid i Marrakech og omegn dei neste dagane.

Ahmed visa oss 4 forskjellige gjestehus, som variera veldig i pris. Frå dei enklaste til dei som var like gode som luksushotellet. Med falt til slutt for eit som og Kitty Karina lika. Unni Elisabeth og eg måtte strekkja oss langt for dette, for billeg er det ikkje i våre augo. 55EU for eit rom med 3 senger. Då var det ein stad som me lika alle saman. Riaden, som er namnet på dei marrokanske husa, var eigd av ein sveitsisk/senegalesisk  mann som snakka fransk, engelsk og arabisk. Hyggjeleg var han og dei to kvinnelege lokale hjelparane.

Det var visst ikkje så gale å bu i ein riad heller. Ingenting å sei på komfort!

Ein riad er eit gjestehus med alle rom bygd kring ein åpen plass.

Den neste dagen gjekk me kilometervis i labyrinten Marrakech. Ein kan sei kva ein vil om eigen sans for retning og stad, men her trur eg alle ville ha gått seg vekk før eller seinare! Dei tronge gatene var tette med folk og mopedar som kom farande i uhyggeleg fart! Ein måtte ha augo både framme og bak! Unni vart råka av ein moped, som køyrde over foten hennar! Det gjekk godt.  Ahmed leia oss frå plass til plass. At han hadde avtale med nokre butikkar var greit nok for oss, så fekk me sitje i ro, drikke te og pruta! Det blei nokre fine ting me hadde lyst å kjøpa til huset vårt heime i Noreg.

Stor interesse for sko er noko som Kitty Karina har arva etter Unni, ikkje meg!

Esel er eit godt bruka køyretøy i dei tronge gatene i byen. Lastebilar er for store!

Heime hos Ahmed fekk me skikkeleg koskos med geitekjøt. Det var den beste eg har smaka. Kitty Karina og Unni Elisabeth lika han og. Fatima, Ahmed si kone, hadde laga han. Skikkeleg koseleg å bli invitera heim til ein marrokansk familie og sjå korleis dei bur og lever!

Fatima er berber og voks opp i ein landsby i Atlasfjella. Ahmed er oppvakse i Marrakech.

Fatima stelte den beste koskos som ein kan tenkje seg.

Fint av Ahmed å invitere på tradisjonell arabisk middag heime hos seg.

Namnam Koskos!

Namnam Koskos!

Den tredje dagen var turdag til Atlasfjella, ca 100 km frå Marrakech. Ahmed hadde ordna med bil. Ein 1976modell Mercedes 220, taxi. Sjåføren var ein ven av familien tenkjer eg, hadde køyrd 30 år i byen! Det var ei sann oppleving å sjå han i trafikken med hovudet ut av vindauga veiftande med handa mot dei som ikkje køyrde som han ville! 

Trangt i bilen! På det meste var me 5 i baksete i Mercedesen. Sju i alt i bilen.

Den gode gamle Mercedesen hadde gjort mange turar den, 769.722 kilometer! På turen fekk med med oss tradisjonell arabisk handtverk og landbrukssproduksjon. Me kom oss opp i fjella, der enkelte av toppane i Atlasrekkja er opp mot 4000 meter høge. Det var nydeleg ver, ei skikkeleg vårsteming med sommertemperatur, grøne trer og blomar i full blomstring.

Damene her knekker nøtter og sortere dei for bruk til forskjellige oljeprodukt.

Noko av nøttene vart kverna og blei til ei kremliknade olje til mat.

Og tilslutt var det å prøve olje, mat og te.

Mektige Atlasfjella med snø på toppane. Snøsmeltinga er komen godt i gang.

Staden me enda opp i var ei tradisjonell turistfelle, der dei ikkje hadde hatt noko restriksjonar på korleis ei tek vare på naturen. Det er eit paradoks me har sett i Vietnam, Filippinene og Taiwan. Det er dei kommersielle kreftene får fritt tak, øydelegg dei det det så sårt og er avhengige av!

Vatnet renn frå fjella der snøsmeltinga er i gang.

Me tok ein liten tur oppover ei av de små sideelvene, der me fekk vassa litt i vatnet.

2 Comments

  1. Hei,- det var skikkelig kjekt å lese reisebrevet fra Marrakesh,- fikk lyst å ta en tur dit! Ikke så lenge til jeg ser dere – til tross for kjempe fine reisebrev,- det er ingenting som slår muntlig fortellerglede – ser frem til terrasse fiesta i Alfaz 🙂
    op

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *