Parkering i Spania – Estacionamiento

Skjalg lukeparkerer. Trongt her ...Eller kva synes du?

Eg har øva meg på lukeparkering. Fleire gonger. Her i Spania er det vill vest i parkering. Her set ein bilen frå seg overalt. Spesiellt populært er fotgjengerfelt og fortau. Men aller mest parkerar ein i rundkjøyringar! Det er så vanleg at eg trur mest det er lovleg?

Rundkjøring er fine store og gode og parkere i!

Lukeparkering er ein kunst. Det er mange som er flinke til å få bilen inn på små plassar. Odin fant ut då han var i Valencia, at spanjolane sette bilen i fri og hadde handbremsen av – då dei parkera i byen. Det var berre å skuve bilen foran og bak – så vips hade du plass til bilen! Det var jo ikkje mogeleg å gjere i ein bakke då!

Hjørne på vegen er ein favoritt!

Dobbeltparkering for den late...

Denne karen var heldig, fekk ei åtvaring frå politioffiseren! Han flytta bilen...

...men han køyrde berre rundt hjørnet og parkera på handicap-plassen!!!

Overalt står det bilar i vegen med katastrofelyset blinkande. Eg venta i går i eit av dei travlaste kryssa PÅ fotgjengarfeltet og venta på at bilen framfor skulle køyre…. Det gjorde han ikkje – så etter 10 sekund tuta alle bak meg. Han hadde ikkje slått på blinklysa så eg visste jo ikkje at han hadde parkera der!

Parkering for den avanserte!

3 Comments

  1. Minner meg om mitt møte med den Parisiske trafikken/parkering i 1969 – kunne ikke tro det jeg så. Men jeg kjørte faktisk Morris mini rundt Triumfbuen med ett års overmodig sertifikat følelse – hadde ikke gjort det nå!

    Svar

  2. Den lukeparkeringa di var imponerande! Det var lurt av meg å ta bilete der, og så fekk eg jo også eit blinkskot av han som stod på snuten i grøfta også. Du er heldig som har med deg ein slik dugande fotograf gitt ;-D

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *