I dag er det opning av det gamle butikklokalet vårt i Kviteseid – Port Arthur. Det er rett nok pussa opp mykje. Me har sørga for eit heilt nytt toalett midt i lokalet og måla alle vegger. Medlemmer i laget har stått for mykje arbeid, fiksa lys og lagd golv, pussa vinduskarmar, montert vedovn osb. Lokalet er no ferdig og det vert opning av kunstutstilling med mellom anna Heidi Naper, Hilde Sundt og Gunnar Torvund. Synd eg og Unni Elisabeth ikkje kan vere der! Det er skrive om hendinga i NRK Telemark og Varden. OG dykk må ikkje gløyme å sjå på bileta mine i MITT GALLERI. Send meg gjerne nokre kommentarer på bileta. Det set eg veldig pris på! Om eitt år, kan hende eg stiller ut bileta mine i Kviteseid Kunstforening sine lokale i huset vårt i Kviteseid!?!
OPPDATERA: Bjørgulv, vår snille nabo og ven har sendt desse MMS-bileta frå laurdag:
Opningstider for Kunstforeningen finn du på: sida til Kviteseidbyen.