Det blir mykje mat her i Spania. Mykje forskjellig mat, frå alle verdas hjørne! Det er ein sers internasjonal stad Altea/Albir. Her finst svært mange nasjonalitetar, men dei engelske, hollandske, tyske og norske dominerer saman med dei innfødde spanjolane. Me har ikkje bil. Så med tek bussen til supermarknaden, Mercadona eller Comsum som ligg vel 15-20 min gange frå huset der me bur. Å dra på 6-8 bereposar med varer er ein stor prøvnad på tolmodet og fysikken. Me prøver å handle litt kvar dag, så slepp me dei store byrdene!
Me har gått på restaurant i 3 veker snart!! Det er ikkje så veldig dyrt, omlag halve prisen av det dei tar på norske spisestadar. Det er jo litt dyrare nett no i sesongen, og det er dyrare her i denne delen av Valencia. Det bur jo så mange med pengar her…Me har merkt pengebruken og nå er det slutt på dei daglege restaurantbesøk!
Det er ikkje mykje mat eg har laga heime i bustaden. Førebels. Eg starta forsiktig med ein liten lunch til meg sjølv på måndag. På tysdag laga eg pannekaker til oss. Greitt. Igår avanserte eg til kjøttkaker med brun saus – skikkeleg norsk middag! Ein rett eg sjeldan gjer heime! I dag blir det kylling -eller pollo som det heiter her. Om det blir spansk, indisk, kinesisk eller norsk – det ser er fyrst når eg er ferdig!