Tru det eller ikkje, dette er altså ingen aprilspøk! Eg er invitera til å vise bilete i galleriet i huset vårt i Kviteseid. Det er Kviteseid Kunstforening som har invitert fotografane Harald Naper, Ståle Lindheim, En New zealender, Kristoffer Rønneberg og meg. Alle har ei eller anna tilknyting til Kviteseid. Dette er ein av fleire grunnar til at eg er i Noreg ein liten tur, igjen. Dei tri ungdomane har sagt opp leigeavtalen i huset vårt i Schancheholen (..) Eg har nye leigetakarar for dei siste 3 1/2 månadene me har att i Spania. Kjekke folk, fire (to par) universitetsstudentar i slutten av tjueåra. Eg har mala litt og hadde elektrikar til å sette opp nokre kontaktar. Utafor huset måtte eg rydde vekk ein haug med ved, og ta vekk trampolina, som har stått i heile vinter. Falke hadde lagt igjen ein diger haug med kler, så den måtte eg vaske, må veta.. Ellers så gjekk det med ein del tid til å gjere ferdige bileta til utstillinga, eg fer til Kviteseid på den 14. april for å sjå til huset og levere bileta. Eg har og planar om å løyse eit dataproblem der… har nemleg hatt kollaps på min berbare maskin, skal no ha tak i ein Linuxmaskin som er operativ, og den står i Kviteseid…. Så det så.. Eg har forresten oppgradera ei gamal Windowsmaskin (Siv/Åsne si) med siste Ubuntu, det er denne eg skriv på no. Etter eit besøk hos Jan Morten fekk eg med ei berbar som eg kanskje og skal legge Ubuntu på. Kjekt å vere med på å spreie fri programvare til vener og familie…Her fylgjer eg i Odin sine fotspor! Når eg kjem tilbake til Stavanger reiser eg attende til Spania den 17. april. Då blir Olav Petter med på flyet. Det blir kjekt med vitjing igjen! Så neste månad kjem Eimund og Åshild for nokre dagar og så kjem Falke for andre gong, no for 11 dagar ! Me har kjekke dagar/veker foran oss!
Oppdatering! Eg fekk tak i alle opplysningane er trengde på harddisken til min berbare – via den gamle maskina til Siv/Åsne…som no er ei Linuxmaskin. Har fått tak i heile rekneskapen for 2009, som eg skal levera til likningskontoret. Puh!. I går henta eg Siv, Åsne, Gry og Steinar på flyplassen etter deira rundtur i California. De som har Facebook veit vel det. Ventar nett no på leigetakarane som skal skrive kontrakt no kl 11.00.