Me vitja den spanske sjokoladefabrikanten Valor i Vila Joyosa, like sør for Benidorm. Vila Joyosa er jo ein gamal kystby med flotte fargerike hus. Den har me vitja fleire gonger med vener.
Me hadde omvising av ei dame i eit museum for fabrikken. Den hadde nett 125-års jubileum og hadde ein flott ny fabrikkbygning like ved museet. Det var diverre seint på dagen, så produksjonen hadde stoppa. Det var noko spesielt å kome inn på område til fabrikken og kjenne det søte lukta av kakao.
Det var ikkje til å unngå, men me måtte jo tenke på Sjokoladepiken i Stavanger då me gjekk rund og kikka på dei forskjellige maskinane og all den sjokoladen dei har laga i museet. Sally, som var med oss på omvisinga, hadde med seg ein artikkel frå Stavanger Aftenblad der Dag Bjørnsen vart intervjua. Ei utmerkt reportasje som rørde meg og Unni! Familien vår er jo stamgjester hos dei og eg har vitja Sjokoladepiken kvar gong eg har vore heime i Stavanger det siste året. På sjokoladefabrikken Valor fekk me spise så mykje sjokolade me bare ville, men det var det ingen som våga å gjere! Me har magemål, næringsvit og moralske standardar me kan handheva. Eg må jo understreka til sist at det var ingenting som me smaka som kunne måle seg med noko som helst me har smaka heime i Stavanger hos Dag Bjørnsen og dotter Elise – og Eivind. Deira sjokolade er laga for hand, med pasjon og personlegheit.