No har det skjedd noko ubehageleg med huset me bur i! Som nokon av dykk mogeleg veit så har me fått mykje styr med vatn i Schancheholen og i Kviteseid dei siste 10 åra. Det ser ut til å forfylgje oss her i Spania!
Fylg med så skal eg gjere greie for kva eg meiner – med bilete seinare!
Vatn inn i huset. Lekkasje frå veranda, i kjøkken og i stue!
Som eg nemnde, me vert forfylgd av vatn og lekkasjar kor me snur oss! Huset me bur i er bygd i 82-83 medan den ists store byggestormen her i Spania. Mykje slett arbeid og dårlege hus. Me ser det nå. Vatnet treng gjennom taket i stua og kjøkken, for det er ein utett veranda over begge rom. Då vatnet styrta ner så klarte ikkje avlaupet ta av for dei stor vatnmengdene så det såg som små symjebassen der oppe.
I dag rann det vatn ner ved sia av bordet eg sit kvar dag på ute plassen, i kveldinga byrja det å drypa frå taket på kjøkken. Det vart ein liten vasspytt. Endå seinare byrja det å drypa på TV og Kabelboksen framføre oss i stua! Au då… då ringte me til dei me leiger av!
Unni og eg fann fram reiskap, knivar, pinnar og eit kosteskaft og fekk trykt ut tette avlaup. då var det rett føre det rann inn på Kitty Karina sitt rom!
Som om ikkje dette var nok denne dagen..så gjekk straumen resten av kvelden. Men det var jo litt koseleg…
Og her i Oslo er det framleis t-skjorte-vêr som det hev vore lengje… ;]
Vonar det nye huset er tett då 😛
Så kjekt – nå vett dokker koss me har det her oppe på berget!!
Jan Morten!
Ja, det skifte fort! Nå e det sol og 26 grader. Har nettopp tatt meg ein 10 km lang spasertur for å bli ennå betre kjend i omgivnaden. Måtte ta av meg skjorta B-)
Hei, du oppfordrar oss te å skriva om/til nettsiden, men det ser ut til at vi kun kan kommentera saker som allerede er kommentert, til høyre. Når jeg trykker «kommentar» på diverse saker så kommer det ikke noe kommentarfelt. Stemmer dette? En lærevillig nordmann fra Stavanger.
Hei!
Samme erfaring som forrige kommentator..
Men her regner det og, i strie kraftige strømmer! Og Aasny og Stein regnet nesten bort på Sicilia (er nå på Malta).
Jeg kjørte Anders og Mette på fest i går, og da fortalte Mette at hun var på siden her nesten hver dag, for å følge med og repetere litt nynorsk.
Steinar og jeg har vært hos Edna og spist deilig lammemiddag i kveld, riktig triveligt. 🙂
*Jan Morten* og *Gry*: Sant-sant. Det er adressa til dei sidene som var øydelagd av di pappa hadde putta inn %23%42%43%05%43%095 elder noko liknande inn i dei… :S
Det heng saman med at nokre bokstavar (som ø og é) ikkje vert teken vekk i URL-en (ein feil i WordPress). Eg hev fiksa alle innleggi som er slik no. 🙂
Bra Odin! Godt å ha ein doktor som kan hjelpe med influensa og sånt. Håper du også kan ta hjarteinfarktet hos Acona…
[…] eg ved rota til appelsintreet, som ikkje får så mykje vatn stakkar. Me har ikkje hatt regn sidan byrjinga av oktober. Eg planlegg ei oppfinning som gjer at eg kan gløyme denne tøyminga. Eg vil laga ein innretning […]