Spania er som nokre av dykk veit inne i ei økonomisk krise. Det er vel det landet som har høgast arbeidsløyse i vesteuropa. Over 20 % seiest det. Det er kva femte spanjol det! Eller nærare 4 millionar, omtrent så mange som bur i Noreg. Og økonomien er venta å sykne med over 3 prosent i 2009.
Eigedomsmarknad ligg med brokken rygg. Byggeverksemda har stoppa opp. Ein byggmeister me snakke med for litt sidan ville ganske enkelt ikkje ta mot oppdrag, for all bygging nå ville gå med tap. Bustadprisane fell som stein til bakken. På to år er ein gjennomsnitts-bustad blitt 12.000 EU billigare. Den er attende på 2007-nivå.
Nå kan ein gjere gode kjøp! Det ser me overalt i byen her. Det er sikkert 50 meklarhus berre i Alfaz/Albir. Vindaugene er proppfulle av bilete av hus til sals. Einskilde er sett ned med 100.000 Euro!
Det er 1 million leilegheiter til salgs i Spania! Det er ikkje så mange så får seld til dei prisane som var for nokre år sidan. Derfor prøver mange å leige ut. Det er eitt stort press på prisane, og me går ner 200 EU frå det med betalar i dag. Rett nok ein mindre plass, men meir sentral og betre standard.