Me har fått vårt fyrste besøk av vener frå Noreg (dei frå familien har vore her før). Det er Jan Erik og Signe frå Våland som har teke turen her og nyt varmen, fin natur, godt venskap samt god mat og vin i 4 dagar.
Nokre tankar om å bu og leve på ein ny stad
Nok ei vitjing er over for denne gong! Det er alltid noko trist når folk reiser heim att. Me har ikkje så mange vener her i Spania. Det tek tid å byggje seg eitt nytt liv ein annan stad. Me har jo ikkje akkurat tenkt på det, me er liksom meir på ei lengre reise, der med ikkje bevegar oss så mykje! Slikt følast det. Eg vert rastlaus og litt nedstemt somme tider. Då må eg finna på noko, ta meg sjølv i nakken og då går det jo godt! Me er svært glade i venene våre i Noreg og vil nok setje ennå meir pris på desse og opplevingar med gode vener i framtida.Vitjing av vener slik som Jan Erik og Signe no sist, betyr mykje for oss, me ser korleis det er å ha god og nære vener. Opplevingane mine på dei to korte turane i Noreg har og synt meg kor verdfulle menneskje er for kvarandre, det er fantastisk å bli teken imot med hus og seng slik eg har opplevd, takk til dykk for det!! Ein føler seg kanskje ekstra «heimlaus» når ein ikkje kan bu i eige hus i eigen by, i eige land….
Vel, det var nokre personlege synspunkt eg ville dele med dykk som les på sia mi.
Og her nokre kvardagsbilete frå den ny bustaden vår.
APPELSINHAUSTEN!
Hallo igjen! Kjekt å lese og se bilder på bloggen din!
Rart at me må vekk for å se det nære. Eller kanskje ikke……
Uansett, de små ting i livet, er jo livet, hverdagen. Og dere er jo unektelig annerledes.
Håpe dere kan komme på besøk her en dag i jula!!!!!
Ha det så lenge.
Klem fra Merete
Merete! Det er sant at det nære vert sett i perspektiv når du bur vekke som oss no. Etter snart tri månader merkast det at me bur ein annan stad. Me veit me skal heim att, det gjør det annsleis. Skulle ein bu her på ubestemt tid hadde me sjølvsagt følt det annsleis.