Eg har noko redusert kapasitet for tidi. No meiner eg ikkje mi mentale tilstand, sjøl om den kan vere låg somme tider. Nei her er det dei ytre omstende som har teke tak. Ein kan jo diskutera om det er min reduserte kapasitet som har ført meg hit, det får dykk vurdere! Det har seg nemleg slik at eg er utan min datamaskin og KAMERA for tidi. Begge ligg i Noreg, hos syster mi Siv i Breivik. Eg klara å gløyme ei veske med maskina og fotoapparatet i bilen, då Kitty Karina og eg hasta ut til flyplassen den 14. februar!
Me har vore 7 dagar i Noreg den andre veka i februar. Dette var ei julegåve frå Unni og meg til Kitty Karina. Ho gjekk i den gamle klassen sin på Auglend Skule og der var mange som blei «øvegidde» då de såg Kitty Karina der! Me var sers seine denne morgonen me reiste heim att, klokka var faktisk 05.40 då me sprang inn dørene på flyplassen og skulle dra tilbake til Spania. Me skal visst vere 1 time før, men me fekk plass på flyet 4 minutt før dei stengde utgangen. No sit eg altså med Kitty Karina sin Mac og skriv, men alle dei viktige filene ligg på min maskin i Noreg! Sidan eg har vore så påpasseleg med å ta kopiar av det eg skriv på (filmmanus og rekneskap) så har eg klara å fortsette dette arbeidet. Eg kopiera og alle bileta eg tok i Noreg på Altibox sin tjenar, så der har eg alle mine 4720 bilete frå Spania liggande! Derfor kan eg vise dykk eit bilete frå turen i Noreg på sia mi. Det har ikkje vore særleg med andre aktivitetar, så det er ikkje blitt tatt så mykje bilete som vanleg. Eg tar normalt mellom 50 og 100 bilete til dagen. Eg brukar Unni Elisabeth sit kamera, men det er ikkje godt nok for meg… Og no dreg me til Marocco i dag! Eg får gjere det beste ut at det med hennar kamera.
Eg har som nemnt fått skrive på manuset mitt med arbeidstittelen «Ville Venn». Ei ungdoms-soge som eg skal fortelje meir om seinare i vår. Den 2. mars kjem datamaskin og kamera attende saman med Odin og Helene. Dei kjem på ny vitjing og blir hos oss i 10 dagar. Det ser me veldig fram til!
Sånn kan det gå. Godt du har kontroll på teknikk og back-up og slikt.
Merete