Fleire minner frå siste Noregs-tur

Det er mange minne eg ikkje får skrive om og mange bilete er aldri får bruka. Det er litt dumt, men det er berre å skrive og leggje dei ut. Lage ei interessant soge og lage eit innlegg. De får eg gjere…dette er mest for dei nærmaste vener og familie, berre så det er nemnt.

Eg fekk henta Åsne, Siv, Steinar og Gry på flyplassen. Dei kom frå Rita i California.

Eg ser det er ein fast skare av brukarar som les sida mi det er desse er eigentleg skriv for. Nokre få slengarar kjem det utanfrå, men dei fleste kjenner jo meg, Unni eller Kitty Karina.

Eg sit og ser på NRK. Me har faktisk NRK-kanalar her. No sender dei ein fersk dokumentar om vulkanen Eyjafjallajökull. Den siste turen blei mykje lengre enn planlagt. Alle veit vel grunnen til det. Eg var i Noregs frå 8. april til 23. april, ei veke lengre enn planlagd.

Cate snakkar med Unni

56-årsfeiring

Ringdans OP og Oy

Olav Petter skulle vere med ,men han måtte avlyse turen sin til Spania fordi han ikkje var sikker om han kom seg heim att til arbeidet sitt i Nordsjøen. Me var i Kviteseid på hans 57.årsdag  Ti år sidan OP var der sist. Eg feiraåremålsdagen min den 19. april saman med Todd, Oy og OP. Koseleg det. Noko eg og sette veldig pris på var kinoturen eg hadde med søstrene mine. Eg trur det må vera fyrste  gong at me alle har gått på kino saman! Me såg den morosame filmen «Ein ganske snill mann». Magne Risa, den kjende globetrottaren var og heime og eg vitja han den 20. april.  I den lille raude bua si viste eg han den nye datamaskinen eg kjøpte dagen før. Jo, eg måtte jo ha meg ei bursdagsgave og det vart ein ny berbar maskin som eg sjølvsagt har installera Linux Ubuntu på.  Det var berre surt å måtte betale 1000 kroner ekstra for eit OS (Windows Vista) eg berre skulle sletta!  Magne han var og ramma av flystansen. Magne han venta på fly til Chengdu i Kina. Ein spanande by Unni eg, Falke og Kitty Karina vitja i 2004. Han ville vidare til Tibet på denne nye jernbanen over tundraen, 3500 meter over havet… Den jernbanestrekninga som ligg høgast i verda. Unni vert nok «misunneleg» når ho les det!

Mange sitt kontor

Bua til Magne

Kjekt å vere på besøk hos han igjen, i det litle huset på Risa. Etter nokre dagar på overtid begynte eg å bli rastlaus. Eg nytta høve til å gjere litt arbeid og,  finne på noko eg kunne tene pengar på – og det gjorde eg. Det blei ein månad ekstra til Spaniabudsjettet det…

Aasny, Gry, Skjalg og Siv såg Ein ganske snill mann. På kino saman alle sysken for fyrste gong!

Hanna og Skjalg. Ho vert 92 på måndag den 26. april og held seg godt!

Det er ny veke snart. Men fyrst vert det helg. Me ser fram til laurdag. Då får me besøk frå Stavanger. Det er Eimund og Åshild som kjem. Det gler me  oss mykje til. Dei skal vere her hos oss i 4 dagar, så skal dei ta resten av veka i Alicante. Og på onsdag kjem det nok eit besøk som me alle tri har venta lenge på…

8 Comments

  1. Eg såg og det programmet fra Island igår! Håpe ikkje at nytt askeskystøv lage problem for MIN Istanbul-tur 20. mai!!! Rita kjem heim 21.mai og eg vil prøve å fjerne mest mulig av hundestøvet m.m. i leiligheten.

    Svar

  2. Kjempekoseleg bilete av fire sysken 😀 Det må Hanna få sjå.

    Nettopp no har me fått melding på nyhende at nye askeskyer er på veg innover Europa frå eit nytt stort utbrot på Island. Me venta vitjing frå Åshild og Eimund i morgon, og Falke på tirsdag. No er det berre å krysse fingrane for at askeskyene ikkje stansar turen deira. Eg håpar du og Siv, kjem deg avstad til Istanbul.

    Svar

    1. Reine thrilleren dette! Kikker på storm.no sine sider som har fin oppdatering med askeskya. Kjem gjestene våre i morgon, kjem Falke på onsdag, då det er venta endring i vinden! Kjem gjestene seg heimatt? I morgon blir flyplassar i Nordspania kanskje stengde!

      Svar

  3. Ser på tekst-TV at vindretningen fremdeles er positiv for Europa , noen dager til.. Falke er observert i Stavanger 🙂 Odd Rune reiste til London i kveld, får håpe han kommer seg hjem til rett tid… Forresten, dere kan sette av lørdag 07.05.2011, Steinar og Åsnes konfirmasjon.

    Svar

  4. Vivild og Ole ble rammet av askeskyen, på Lørdag skulle de til Barcelona og landet i Alicante en omvei til Barcelona som gjorde reisa til 16. timer inkludert buss. De kom seg allikevel til Formel 1 tribunen søndag morgen. I alle tilfeller har dere varmen, her snødde/haglet det imorges.

    Svar

  5. Interessant! Me var på Alicante flyplass kl. 10-11 på laurdag…Nå kjem skya frå Island til å liggja rett over søraust Spania i morgon. Reknar med at Falke må reise til Madrid eller Malaga?? Me får sjå. Han reiser frå Haugesund kl. 11.00 i morgon.

    Svar

  6. Aasny: Eg og Helene køyrde Albir-Barcelona på 5 timar. Rett tek det ca ein 40 minutt ekstra til flyplassen, men det burde gå an å få det til på 6 timar. Men truleg ikkje med buss…

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *