Me har vore ei veke i Albir. Kitty Karina ville gjerne vitja sine gamle vener her og eg og Unni ville gjerne vere med. Turen blei tinga i vinter, som dei fleste gjer for tida. Ingen viste at me skulle få Spania-sumar i år ;-).
Ei veke med sol og varme, etter ein sumar med sol og varme. Godt for kroppen, godt for sjela! Skjalg fekk fiksa litt meir på tennene sine, så no er vel alt klart for å sette krona på verket, neste gong i september!
Me måtte ta oss ein kikk på kva som var på eigendoms-marknaden i Albir. Me har jo snakke lenge og vel om å kjøpe ein bustad, no når det er prisar som ligg 25-30% under det me såg for nokre år sidan. Etter å ha sett på fleire leiligheiter, la me inn bod på to – og fekk ein til ein god pris. Bodrunda sikra oss ein gevinst på 172-tusen euro, og ho hadde stått i ein pris på Eu 215 i mai.
Det var ikkje andre på bodrunden. Det er kjøper sin marknad. Så lenge det varar. Om nokre veker ber det attende til Albir for å overtaka leiligheita.