Heimlege syslar på kjøkkenet – Cocinar

Small World er Unni og Skjalg sin favorittrestaurant når me ikkje lagar mat sjølv!

Det er så mykje kjekt ein kan gjera i heimen. Ein kan lesa, ein kan sova, ein kan se på TV og ein kan laga mat. Jo, det gjer jo eg kvar dag. Det er ei verksemd som eg set pris på og som andre og set pris på, det har no Unni Elisabeth sagt iallefall! Kitty Karina er ikkje så nøye med kvar ho et, men føretrekkjer å eta heime. Eg lagar middag mest kvar dag. Heime i Noreg gjorde eg det iallefall.

Appelsiner er det kjekkast å kjøpe på marknanden i dei enkelte byane, som her i Alfaz del Pi.

Her er me nok mykje meir ute og spis enn i Noreg. Nå kan ein jo lure på kva som er årsaka til det. No skal eg koma med nokre teoriar som dykk kan tenkje på:

  1. Det er kort veg til spiseplassar.
  2. Det er billeg å spise her.
  3. Det er god mat her.
  4. Me har ikkje godt nok kjøkken.
  5. Skjalg er ein elendig kokk.
  6. Unni Elisabeth er ein elendig kokk.

Ein eller fleire av desse kan vere riktige. Dykk får sende meg ei melding om kva dykk synest om spørsmålet.

Grundig vask av skal på appelsiner og sitroner

Her om dagen tok Unni over kjøkkenet og laga noko ho aldri har laga før. Appelsinmarmelade. Det måtte me jo gjere her i Appelsinlandet. Så ho laga åtte glas med syltetøy, så no er me sjølvberga for lange tider framover.

Kutte

Som i alt syltetøy, mykje sukker må til.

Fyrst kjøpte me 5 kilo appelsiner til 2 Euro. Dette er ikkje så dyrt. Dei beste appelsinene får me på marknaden. Her kan me smaka på varene – der er ikkje alltid så lett på supermarknaden (merkjeleg namn forresten). Så spiste me appelsiner i 4-5 dagar. Dei som var att skrelte me og kutta i småbitar. Så tok me sitron og koka saman med skal og sukker.

Me ville ha vanlijestang, men fann ikkje det. Kanelstang var like bra.

Os så skulle det heile koke ein times tid.

Som om ikkje marmelade var nok. Når Unni fyrst var i seget, så satte ho i veg med å baka bollar. Det har ho gjort mykje før, heime i Schancheholen. Det vart ei god slump med boller, så me måtte spisa og spisa boller i fleire timar, for dei er jo alltid best når dei er ferske og varme. Resten putta me i frysen.

Gjærbakst er greit. Gjær heiter levadura på spansk

Bolledeig rullast ut på steinbenken.

Og der var både bollene og marmeladen ferdig!

No er det påske. Det er blitt varmt i Albir. Dei siste dagane har det vore sol og 24-26 gradar. Eg målte vatnet i bassenget vårt i går til 16 gradar. Skal sjekke det igjen om ei veke.

Me dreg på rundtur i Spania frå i morgon mandag. Skal køyre sør mot Sevilla. Me skal vere borte ei veke. Om eg finn nett på hotella, så vert det kanskje ei eller to oppdateringar undervegs. Men no er vel alle som les sida mi på ferie! Men Falke og Odin er heime i Stavanger (og Bergen?), så eg får skrive for dei!