Heimlege syslar på kjøkkenet – Cocinar

Small World er Unni og Skjalg sin favorittrestaurant når me ikkje lagar mat sjølv!

Det er så mykje kjekt ein kan gjera i heimen. Ein kan lesa, ein kan sova, ein kan se på TV og ein kan laga mat. Jo, det gjer jo eg kvar dag. Det er ei verksemd som eg set pris på og som andre og set pris på, det har no Unni Elisabeth sagt iallefall! Kitty Karina er ikkje så nøye med kvar ho et, men føretrekkjer å eta heime. Eg lagar middag mest kvar dag. Heime i Noreg gjorde eg det iallefall.

Appelsiner er det kjekkast å kjøpe på marknanden i dei enkelte byane, som her i Alfaz del Pi.

Her er me nok mykje meir ute og spis enn i Noreg. Nå kan ein jo lure på kva som er årsaka til det. No skal eg koma med nokre teoriar som dykk kan tenkje på:

  1. Det er kort veg til spiseplassar.
  2. Det er billeg å spise her.
  3. Det er god mat her.
  4. Me har ikkje godt nok kjøkken.
  5. Skjalg er ein elendig kokk.
  6. Unni Elisabeth er ein elendig kokk.

Ein eller fleire av desse kan vere riktige. Dykk får sende meg ei melding om kva dykk synest om spørsmålet.

Grundig vask av skal på appelsiner og sitroner

Her om dagen tok Unni over kjøkkenet og laga noko ho aldri har laga før. Appelsinmarmelade. Det måtte me jo gjere her i Appelsinlandet. Så ho laga åtte glas med syltetøy, så no er me sjølvberga for lange tider framover.

Kutte

Som i alt syltetøy, mykje sukker må til.

Fyrst kjøpte me 5 kilo appelsiner til 2 Euro. Dette er ikkje så dyrt. Dei beste appelsinene får me på marknaden. Her kan me smaka på varene – der er ikkje alltid så lett på supermarknaden (merkjeleg namn forresten). Så spiste me appelsiner i 4-5 dagar. Dei som var att skrelte me og kutta i småbitar. Så tok me sitron og koka saman med skal og sukker.

Me ville ha vanlijestang, men fann ikkje det. Kanelstang var like bra.

Os så skulle det heile koke ein times tid.

Som om ikkje marmelade var nok. Når Unni fyrst var i seget, så satte ho i veg med å baka bollar. Det har ho gjort mykje før, heime i Schancheholen. Det vart ei god slump med boller, så me måtte spisa og spisa boller i fleire timar, for dei er jo alltid best når dei er ferske og varme. Resten putta me i frysen.

Gjærbakst er greit. Gjær heiter levadura på spansk

Bolledeig rullast ut på steinbenken.

Og der var både bollene og marmeladen ferdig!

No er det påske. Det er blitt varmt i Albir. Dei siste dagane har det vore sol og 24-26 gradar. Eg målte vatnet i bassenget vårt i går til 16 gradar. Skal sjekke det igjen om ei veke.

Me dreg på rundtur i Spania frå i morgon mandag. Skal køyre sør mot Sevilla. Me skal vere borte ei veke. Om eg finn nett på hotella, så vert det kanskje ei eller to oppdateringar undervegs. Men no er vel alle som les sida mi på ferie! Men Falke og Odin er heime i Stavanger (og Bergen?), så eg får skrive for dei!

Hausting og vårbløming – La cosecha y la floración de primavera

Eg har barndomsopplevingar om appelsiner som eg hugsar godt. På femtitalet fekk me appelsinar til jul. Og berre til jul. Smaken og lukta av appelsinar er noko som eg alltid har opplevd som noko som berre høyrer jula til! Heime på Austrått fekk med dadler, appelsiner og rosiner til jul.

Appelsiner spiser vi året rundt i Noreg no!

Eg huskar me hadde nellik som me trykka inn i skalet. Appelsina hengte me opp i vinduet og det lukta så godt! Eg ser at det nokon som framleis brukar å lage slike pynte/lukte-appelsiner.

Nå bugner trærne av appelsiner

Spania er verdas 6. største eksportør av appelsinar. Dei fraktar ut omkring 2,5 millionar tonn kvart år, og litt av dette kjem til Noreg. Eg ser at prispresset i denne næringa er stort, slik at det blir det same tilhøvet som jordbærplukkarane i Noreg. Det er ingen norske ungdommar som vil plukke jordbær som ein del av sommarjobben. Nei dei er nok litt for kravstore! Ser at det er utlendingar som tek over her som i Noreg. I Noreg er det austeuropearar som plukkar. No er det folk frå dei baltiske statane og Romania som tek over.

Arbeidarar frå søramerika jobbar med å plukka appelsinar.

Mykje av appelsinane går til juiceproduksjon. Men det vett dykk sjølvsagt! For dei som er meir enn vanleg interesserte kan sjå her for meir opplysningar om APPELSINER.

Tunge bører for appelsinplukkarane!

Eg prøva meg på reine spansken då eg vitja appelsinfarmen. Me hender og munn, eg gestikulera medan eg sa gloser som quanta, plantas og abores… Eg nytta elles alt eg hadde lærd dei siste månadene og fekk fylgjande informasjon ut av dei som jobba der:

Mykje C-vitaminer her!

Bonden her hadde  3000 appelsintre på dette feltet…. Og dei dreiv og plukka appelsiner desse arbeidarane her…men det så eg trass alt dei gjorde…….

Det er arbeidarar frå søramerika som plukkar appelsiner i Alfaz.

Og så havnar ein liten del appelsiner på marknaden, som her i Alfaz del Pi

MANDELTREBLØMINGA ER I GANG

Blomsten frå mandeltreet trekk til seg bier no!

Det var fantastisk å se, høyre og lukte bløminga. Jo alle sansar er i akt når me opplever dette. Du høyrer biene, su ser blomane og du kjenner den søtlege lufta frå nektar…. Dette er berre starten. Det er kun einskilde tre som blomar no, men det skjer mykje i dagane og vekene som kjem.

Mandeltrea blømer no