¡La historia cinematográfica hoy noruega encontró en Bennys Dormitorio! .. Det betyr noko som dette: Norsk filmhistorie møtes i Bennys dorm. Kva er så meininga bak denne tittelen? Det får du lesa litt seinare!
No er me i nytt hus! Herleg å bu sentralt og nær skulen. Det er to min til skulen og 8 minutt til sentrum! Herleg! I går hjelpte eg avgarde CS-Silje til Benidorm, ho skulle til Granada og skulle reise i området før ho dreg tilbake til Noreg om to veker. Rydda ut av restane i huset og i går – slik at dagen i dag har gått med til å støvsuge og vaske. 3 timar med fysisk arbeid…puh. Dokumentera med ein liten video som eg legg ut så fort eg får han inn på maskina…..
Eitt anna filmprosjekt eg arbeider med er jo filmen om Kitty Karina i Spania. Det går framover her og, men eg er ennå ikkje sikker på om det vert noko som når offentlegheita gjennom TV eller liknande distribusjonskanalar.
Huset me nå lever i heiter Bennys Dorm. Det er oppkalla etter ein viss Benny i Olsenbanden. Eitt viss ordspel med nabobyen Bennidorm les me og. Det er faktisk karakteren Benny, alias Sverre Holm som budd i huset her frå det var nytt for 16-17 år sidan. Litt interessant at det skulle kome ein filmmann frå Noreg her no …..i dette huset igjen.
Som om ikkje det var nok, så fekk eg og ein epost i går om dei kunne syne eit utdrag frå filmen «Stå på!» som er var med å laga i 1976 samen med kolleger frå Oslo. I e-posten frå NB heiter det mellom anna:
Vi ønsker gjerne å ha med et utdrag fra "Stå på!" i denne sammenheng, og håper på et ja fra deg/dere. Du/dere vil selvsagt bli behørig kredittert og invitert. Utstillingen vil være åpen for alle (gratis) her på NB, Solli plass (januar-mars 2010).
«Stå På» er den fyrste versjon av filmen «Tvers igjennomen Lov til Seier» og handla om Hammerverk-konflikten på syttitalet og filmen skal brukast i ein 100års kavalkade om den norske filmhistorien. Dette synes eg var gjevt!