Kitty Karina tel ned til heimreisa den 19. desember. No er det med andre ord snart juleferie og me gler oss alle til eit 12 dagars opphald i Stavanger. Me veit ikkje heilt ennå kor me skal bu, men det ordnar seg nok!
Her i Albir er det framleis varmt. Det er lite som minner om jul og vinter. Rett nok så må me ta på oss jakke om kveldane (og eg må alltid skifte til langbukse kl 18). Eg har ennå igjen å ta på meg sokkar og sko – der går grensa. Eg har gått uten sokkar sidan 24. mai og har som mål å gjere det til me er heime i Noreg til neste år.
Eg meiner det er sunt å gå utan sokkar. Det styrkjer immunforsvaret og gjer ein vel. Eit godt middel mot svineinfluensa!
I fjor var eg barføtt i sandalane mine til den fyrste frosten kom. Då var det kaldt å sykle til jobb på Randaberg vgs.!