Me har hatt planar om å dra til Valencia heilt sidan me kom til Spania. Odin og Helene var her for nokre månader sidan, eg hadde tenkt å vitja Cristina, men ho har vært svert opptatt med arbeid, sjukdom i familien osb. Derfor bestemte me oss for ein dagstur, drog kl 12 og var attende kl 22 i Albir. Det er berre 153 kilometer, så me må ta ein eller fleire turar seinare. Me MÅ jo dra dit 20.mars! Då har me 4 dagar med FALLAS. Den kan me ikkje gå glipp av…..
Galeria L» Oceanogracico
Akvariet var det flottaste eg har vitja. Dei underjordiske anlegga var imponerande, akvaria var store og romma mykje eg aldri har sett før. Litt spesielt, anlegget ligg faktisk i ei gammal elvelei. Valencia vart råka av ein kraftig flaum i 1957 og som følgje av dette valde ein å drenere og lage ei ny elvelei. Den nye leia, der elva Turia no går, ligg utanfor byen.
Alt i alt ein innhaldsrik ettermiddag i ein særs spanande by som eg vil skriva meir om neste gong me vitjar Valencia! t.d. i slutten av mars.
Det er det mest imponerande arkitektur du kan tenkje deg! Har du mogeleghet til å ta turen til Valencia, så må du berre gjera det. Men ein ting er sikkert,- ein dag er for lita tid for då får ein berre ein bitte liten smakebit, og det vert ein jo ikkje mett av!