Arbeid og Rutinar

Arbeid må ein ha. Mannen skal jo gjeve familien det daglige brød. Ikkje sant? Så derfor prøver eg å finne meg noko å gjere så eg kan legge nokre kroner (eller Euro) i skåla heime. Har nokre tankar og nokre konkrete idear. Skal jo lage ein film med KK som eg har skrive litt om før. Skal og skrive eit filmmanus, som og har nemnd tidligare.

Så er det å kome igang då. Ein må prøve å skaffa seg nokre rutinar. Det er det eg strevar med nå. Når var jo eit av føremonene med Spania-opphaldet å bryte opp kvardagen og dei daglege rutinane. Vel det har med jo gjort i Noreg, men må lage oss nye her i Spania. Det blir litt likt, men mykje blir ansleis. Magne Risa sende meg ein E-post i går. Han lever eit spanande liv den karen. For dei som ikkje veit kven han er så kan de jo takka ein kikke på http://la4bna.la1ona.com/ Det er ein blogg frå hans reiser på sjøen.  Magne seier i e-posten at det er spanande å sjå på dagen som kjem i morgon kvar han havnar i verda.

Det er mange som ynskjer å bryte kvardagen, om så aldri så lite for ei stund. Me har bestemt oss for Spania, ikkje akkurat det mest spanande valet, men trygt og godt for Kitty Karina.

Vel eg startar dagen med å lage frukost til alle oss. Legger ferdige brødskiver med pålegg på fat og så sit me ute på terrassen (det er kring 24-26grader om morgonen kl 0800 når me et). Så drar KK og Unni til skulen. Det er blitt mange gå turar. Det er 35 minutt å gå. Ein kan og ta buss, men me klarer ikkje å finne rett stoppestad og rett tid – ennå.

Her har eg arbeidsplassen min. Så lenge det er varmt så...

Her har eg arbeidsplassen min. Så lenge det er varmt så...

Etter at dei har gått sit eg og sjekkar E-post. Det har vore mykje praktisk å ordne med både opphaldet, husleige, og noko å ordne heime i Noreg og. Det har vore veldig mykje praktisk, så mitt eige arbeid har eg ikkje så mykje tid til enno.

Før ni blir det ein tur til byen, der eg brukar å spasere langs stranda og nyte varmen og duftene frå Middelhavet. I går blei mykje praktisk knytta til det huset med leiger. Dessutan fann eg ut korleis me skaffar oss busskort. Me har og snakka med ein nabo som gav oss råd med omsyn til opphaldsløyve, så det må eg omsette i praksis i dag.

Tidlig morgen. Til høyre bak står en gjeng og trener Tai Chi

Tidlig morgen. Til høyre bak står en gjeng og trener Tai Chi

Dagleglivet i Albir

Det er ikkje lenge sidan me kom hit. Me har treffe mange nye menneske, Kitty Karina har fått fleire nye veninner og kvardagslivet sig etterkvart inn over oss og, som kan kanskje gjer for dykk i Noreg.  Har noko ferieføling ennå, det trur eg heng saman med varmen og sola som steikar kvar einaste dag. Dvs me hadde den fyrste dagen med regn i går! Det var litt kaldt (26 grader) og det regna det meste av dagen. U  KK og eg skulle til eitt stort kjøpesenter her, men me havna i staden i Benidorm (den fryktelege byen eg ikkje ville attende til!). Det er litt vanskeleg å kome seg runt ikring utan bil. Det ser eg tydeleg.

Benidorm

Kk m parap

Kvardagen min her i Spania vil nok vere svært ansleis enn heime. Eg har ikkje nokon jobb og gå til.  Eg jobbar jo heime med det eg kan finne på.  Eg må jo skaffe meg nokre inntekter eg og (er det ikkje mannen som skal forsørgje familien – eller??). Har vore så heldig at eg har fått nokre pengar frå Psykopp i Stavanger.  Eg skal skrive eit filmmanus etter ei barnebok av Gerd Ragna Block Thorsen.  Det byrjar eg med om ei stund.  Eg vonar at eg kan laga filmen til sumaren neste år.  Ellers har eg jo denne filmen som me lagar med Kitty Karina.  Den kan bli arbeidsam den, men det er som med prosjektet me hadde i Vietnam (filmen To Barn – En verden),  me lagar det meste, så ser me om me får seld det til TV eller annan distributør.

Ellers så har eg ein del å ta meg til heime i Stavanger. Eg skal fylgje opp eit par filmprosjekt. Eg skal passe på eigedomar (!). Fekk nett epost frå leigaren (BP-Norge) vår på Stavanger Brygge at dei seier opp kontrakten to år før tida! Eg må få tak i ein ny leigebuar,  inntektene frå utleige er ein del av vårt Spaniabudsjett! Heldigvis så kan Falke ta noko av dette arbeidet, men det blir nok ein del jobbing med dette frametter! Me leiger jo og ut heimen vår i Schancheholen (sjølv om Falke bur der fram til jul). Bustad og butikk  i Kviteseid er leigd ut til ein turnuskadidat og til Kviteseid Kunstlag. Unni fekk nett og spurnad om å leige småbruket ho eig i Sauherad.  Så her er ein del å fylgje opp (for ein vaktmeister….).

Test av epostsendt innlegg

Jo enklare det er å leggja ut eit innlegg på ein blogg, jo oftare vert
bloggen oppdatert. Difor her eg prøvd få til stønad for epostsende
innlegg. På den måten kan Unni Elisabeth, Skjalg og KK snøgt senda
oppdateringar frå telefonen sin eller liknande.

So, dette var berre eit lite testinnlegg frå epost.

Hei alle saman!

Her bur me. Er det ikkje flott? Skulen ligg opp under fjellet der bak.

Her bur me. Er det ikkje flott? Skulen ligg opp under fjellet der bak. Bilete er tatt frå gamlebyen Altea.

Velkommen til Spania-sia til Skjalg. Eg har ikkje sånn Fjesbok eg så eg tenkte nokre av mine vener ville lese denne i staden for å tvangsmelde seg inn i eit overvåka komersiellt system! Skriv gjerne ein kommentar i på den lenkja som er kalla comments.  Kvar av mine rapportar har denne lenkja på botn.