Kanskje det viktigaste innlegget mitt dette:
Denne sia les du frå din datamaskin, men ho ligg eigentleg på ein maskin i USA. Det skal vere ein trygg måte å lagre sine digitale dokument og bilete. Dei som passar på servaren I USA tar stendig (fleire gonger til dagen) kopi av dine data og kan om ynskjeleg gje deg kopi av alt du har der (ord og bilete) når du treng det. Dei vil sjølvsagt og legge alle dine ting på plass att om det skulle skje noko med maskinane deira (straumbrot, harddisk-krasj, hacking osb).
Fleire av dykk tar digitale bilete. Det er ei utvikling som det er vanskeleg å stå i mot. Me er derfor meir og meir avhengige av datamaskinane våre, og at dei til ei kvar tid virkar! Det er ikkje alltid dei gjer! Ein gjennomsnittleg datamaskin har ein harddisk som varer i 4-5 år. Det er ikkje lenge! Dersom du samlar alt du skriv og alle bilete på denne kan du rekne med at det forsvinn i løpet av nokre år! OM DU IKKJE TAR KOPI! Dette har gjeve mange negativ oppleving og ein dyrkjøpt røyndom!
Vår son Odin, skulle ha ei god rutine på desse aktivitetane med hans studier og arbeid i dataverden. Men det er diverre slik som med skomakaren og sonen sine sko, dei er ikkje av beste sort… Odin har mista mykje av sine datafiler i haust. I oktober byrja Acona, den sentrale servaren vår i Schancheholen å skranta.
Det var houvud-platelageret (hardisken) som song på siste verset! Odin hadde ikkje tatt kopi av denne på lang tid! Her var det mykje som fór sin veg. Odin skriv sjølv om det ….«Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.» … . Eg (Skjalg) hadde og mykje liggande der, det meste eg har lagra av dokument sidan 1988. Men eg hadde teke kopi av alt saman i august 2008. Og dette ligg på ei anna maskin heime i Schancheholen! Odin kan kanskje redde noko frå den øydelagt disken, det var det er prøvde å hjelpa ham med då eg var i Noreg sist. Her er eg ved saka si kjerne. Kopiering av verdfulle data. Backup som det heiter på dataspråket. Det må ein berre lage seg rutinar på! Det er igjen veg utanom! Ellers så gjeng det veldig gale. Det er fleire måtar å gjere dette på. Eg skal gje dykk nokre tips etter eigen røyndom. Eg har 4 eksterne harddiskar. Dei fleste av desse brukar eg arbeide mitt som filmarbeidar. Eg har lagra dei hos syster mi no. Desse diskane er kopi av filmfiler som allereie er laga og kopiert til DVD, eller andre diskar. Det er kopi over alt. Sikkert.
Dei private bileta mine som eg har teke sidan 2004 (då me fekk fyrste digitalkamera i hus) er lagra på Unni si maskin og på maskina heime (den om ikkje er øydelagt) Bileta er og lagra på fleire diskar og DVDar. Slik har me og gjort for Unni sine 5000 bilete frå 2004 og mine siste 2876 bilete frå Spania. For å vera heilt sikker så har eg laga eit par til Unni som ligg her, og eit par som ligg på DVD i Schancheholen.
Eg tok óg ekstra kopi av hennar bilete på ei anna datamaskin i 2008. Ein anna lagring som er sikker er å leggje bileta ut på offentlege servarar. Det gjorde eg (i tillegg) her om dagen på Altibox heime i Noreg. Dei tek godt vare på dine bilete (se øverst). Det er gratis opp til 5GB (ca 2500 bilder). Alle bileta frå websia mi ligg der (270 bilete). Eg har planar om å legge opp alle dei 2876 bileta der og men det tar mange timar med opplasting frå ei treg internettline her i Spania. Fleire nettstadar (t.d. fotobutikkar på nett) har tilbod om lagring av dine bilete. Trygdingsselskap har og tilbod om dette. Det er mykje skrive om desse tinga på internett. VG har ein fin artikkel om dette. Og Tv2 hjelper deg har gode råd om lagring av bilete.
Og neste gang blir det eit innlegg om kvinner! Eller meir – spanske kvinner….. Følg med!