Så har me tatt oss ein fyrste langtur med bilen. Me drog sør i nærleiken av Agulias de me sko besøka Einar Eide, ein tidligare kollega på Randaberg Vgs. Han og kona Ingunn har kjøpt eit hus i den lille byen San Juan de les Terreros. Der blei me ein dag, overnatta og fekk svert så gjestfri mottaking. Det blei ei nokre lengre tur enn me hadde sett føre oss! GPS, som førte Falke og meg nærast problemfritt frå Noreg til Spania, var ikkje snill med oss!
Etter ein tur innom Cartagena med eit lengre stopp med lunch og storhandling på Carrefour la me inn adressa til målet vår: San Juan de les Terreros. Ut frå byen ana me urå, men me stoppa ikkje før me hadde kjøyrt inn i eit djupt elveleie med Peugeoten vår! Då forstod me at Gabriella hadde leia oss på ville vegar! Me missa vel ein time og måtte kjøre 40-50 km tilbake til Cartagena. Me hadde med oss eitt Spaniakart, men der stod ikkje dei små vegane! Bilen fekk seg ei hard prøve, men det tålar den jo (den har no passert godt over 260.000 kilometer!).
Einar og Ingunn viste oss omkring i eit område der det var mindre utbygd med turistindustri enn der me bur på Costa Blanca. Fine naturområde med sjøen. Me fekk bada i Middelhavet (berre Unni Elisabeth av oss denne gongen!) på ei strand langt vekke frå folk. Her traff me på dykkarar som tok fisk på den spannande måten, med harpun (noko for deg Falke!)
Det var eit noko kort opphald denne gongen, men det er jo ikkje så langt å kjøyre, så me tar oss nok ei tur til i løpet av opphaldet her i Spania. Kjekt for Kitty Karina med eit symjebasseng like utanfor terrassen! Der boltra ho seg som ein delfin, seint og tidlig!
Flotte vegar tilbake til Alfaz. Denne gongen leia GPS oss nesten rett… Me var heime på 2,5 time – dei 235 km føyk avgarde…