Tag / høstvær
Escape de agua – Vannlekkasje
No har det skjedd noko ubehageleg med huset me bur i! Som nokon av dykk mogeleg veit så har me fått mykje styr med vatn i Schancheholen og i Kviteseid dei siste 10 åra. Det ser ut til å forfylgje oss her i Spania!
Fylg med så skal eg gjere greie for kva eg meiner – med bilete seinare!
Vatn inn i huset. Lekkasje frå veranda, i kjøkken og i stue!
Som eg nemnde, me vert forfylgd av vatn og lekkasjar kor me snur oss! Huset me bur i er bygd i 82-83 medan den ists store byggestormen her i Spania. Mykje slett arbeid og dårlege hus. Me ser det nå. Vatnet treng gjennom taket i stua og kjøkken, for det er ein utett veranda over begge rom. Då vatnet styrta ner så klarte ikkje avlaupet ta av for dei stor vatnmengdene så det såg som små symjebassen der oppe.
I dag rann det vatn ner ved sia av bordet eg sit kvar dag på ute plassen, i kveldinga byrja det å drypa frå taket på kjøkken. Det vart ein liten vasspytt. Endå seinare byrja det å drypa på TV og Kabelboksen framføre oss i stua! Au då… då ringte me til dei me leiger av!
Unni og eg fann fram reiskap, knivar, pinnar og eit kosteskaft og fekk trykt ut tette avlaup. då var det rett føre det rann inn på Kitty Karina sitt rom!
Som om ikkje dette var nok denne dagen..så gjekk straumen resten av kvelden. Men det var jo litt koseleg…