Handyman er eit ord som gjev visse assosiasjonar. Ein praktisk mann som kan det meste. Ein mann som nokon og ein kvar skulle hatt i sin nærleik…. Handyman kan skru i skruer, skifte dekk på bilen, reparere lekkasje i røyr på badet og han er god på det meste. Eg har budd her i Spania no ei stund. Eg har ikkje det vanlege arbeidsforhold som dei fleste har. Eg er friarbeidar. Det har eg faktisk vore i nær 40 år! I 1986-87 og 2001-2002, altså 2 år av i alt 40 var eg tilsett i eit firma. Men no er eg i Spania og er friarbeidar. Eg jobbar med film, men har og mange andre oppgåver. Eg må passe på hus både her i Spania, heime i Schancheholen, på Stavanger Brygge og huset vårt i Kviteseid (ser og stundom til gardsbruket til Unni Elisabeth i Sauherad – der eg vil skifte nokre vatnfjøler til sumaren).
På trass av mykje aktivitet vil eg nok ikkje trone høgt på inntektssida i Noreg dette året. Her i Spania har eg ikkje noko inntekt i det heile, det er Unni Elisabeth som er forsørgjaren her dette året. Men det er mykje eg kan gjere her! I fyrste rekkje skal eg gjere opphaldet her i Spania så behageleg som mogeleg for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har eit spesielt oppdrag: å sørge for at Kitty Karina føler seg trygg, at ho har et bra, at ho likar seg. Noko av dette er kjende gjøremål me menn kjenner godt til i Noreg….
Lage mat, vaske golv, rydde i garasjen,
fiksa datamaskina, ordna øydelagde stikk-kontaktar, mala ein vegg, teikne julekort, henge opp klesvask, reie opp seng, vaske opp, gå i posten, kjøpe inn mat, drepe maur, brygge kaffi, rydde i stua, støvsuge… og alt det eg ikkje kjem på i farten! Det er verksemd som dette som kvalifiserer ti omgrepet handyman, eller?
Det er noko sexy over ordet, handyman, det er vel mannen som kvinner vil ha. Ein praktisk mann som og har andre føremoner. Jo for han må vel og ha ein fin veltrena kropp. Eg ser for meg ein kar med brunleg olje-glinsande overkropp, iførd ei olabukse og med ein skiftenykel i handa. Der har du mannen. Det er slik eg føler meg. Her i sola,i varmen i Spania!
No ventar eg berre oppdrag frå dei heimverande kvinnene i Spania! Eller….. stopp litt…. er det meir tid igjen når alle dagens oppdrag er gjennomførde…. Kanskje eg må byrja med nattarbeid?