Me skulle finna eit ridesenter og køyrde oss vekk i skog og fjell og hamna inne i eit høgst privat gardstun. Det var ein fin tur med mykje flott natur. Tilbake gjennom den fine dalen stoppa me i Polop, ein liten fjelllandsby med intime tronge gater og og stor sjarm.
Polop er ein by som ikkje mange besøker. Det er synd, for den fortener betre der ein kan få ei oppleving av ro i sjela utan den turistpresset det er i andre byar her. Små murhus med fine fargar. Hus som er bygde inn i fjellveggen er spesielt for fleire gamle byar i denne delen av Spania.
Å gå rundt i desse små byane, sitte på kafe og nyte det nære og folkelege, vekke frå biltrafikk og masseturisme er balsam for sjela. Det meiner iallefall eg. Det kan vere ei prøve å ha med seg ein 12åring på dette, det må eg leggje til! Kitty Karina ville helst heim att til datamaskinen ho! Nokon som kjenner seg att?
I byen Polop hadde dei denne dagen skipa til feiring av den katalanske nasjonaldagen. Som fleire av dykk veit så er Catalonia ein autonom region i Spania med eige indre sjølvstyre. Dei har og sin eigen nasjonaldag som er den 9. oktober. I byen hadde dei gjort klart til folkefest med den største Paellaen eg nokon gong har sett!
Resten av helga var me i Sant Juan de les Terreos, som me og vitja førre helg! Me blei så glade i denne plassen og landskapet kring byen, at me reiste likebeint attende. Me tok inn på Calypso Hotel, som me fekk anbefala av Einar då me var hos dei sist. Staden var eit inspirerande kjennskap, me flotte strender og annleis natur og gamle sære bygningar i strandkanten! Sjå bilete.
Hotel Calypso er ein koseleg stad å bu. Det vart bygd i 1960 for den spanske gryande turismen. I dag var det omtrent som den gong. Lite hadde endra seg. God sjarme, gamalt og slitt, to stjerner – nett som me likar det.
Hotellet låg rett på stranda. Rommet var likeeins rett med sjøen. Palmebladene sveipa golvet på terrassen. Her kunne me sitje og lese i bøkene vår med palmesus og bølgebrus!
På veg heimover på sundagen køyrte med innom Elche, som mellom anna er kjend for alle sin palmeskog. Faktisk ein av kun to slike i Europa! Palmeskogen vart planta av fønikarane i år 300 Fkr og vatningssystemet er det same som blei bygd av maurarane omkring år 900.