Det er mange minne eg ikkje får skrive om og mange bilete er aldri får bruka. Det er litt dumt, men det er berre å skrive og leggje dei ut. Lage ei interessant soge og lage eit innlegg. De får eg gjere…dette er mest for dei nærmaste vener og familie, berre så det er nemnt.
Eg ser det er ein fast skare av brukarar som les sida mi det er desse er eigentleg skriv for. Nokre få slengarar kjem det utanfrå, men dei fleste kjenner jo meg, Unni eller Kitty Karina.
Eg sit og ser på NRK. Me har faktisk NRK-kanalar her. No sender dei ein fersk dokumentar om vulkanen Eyjafjallajökull. Den siste turen blei mykje lengre enn planlagt. Alle veit vel grunnen til det. Eg var i Noregs frå 8. april til 23. april, ei veke lengre enn planlagd.
Olav Petter skulle vere med ,men han måtte avlyse turen sin til Spania fordi han ikkje var sikker om han kom seg heim att til arbeidet sitt i Nordsjøen. Me var i Kviteseid på hans 57.årsdag Ti år sidan OP var der sist. Eg feiraåremålsdagen min den 19. april saman med Todd, Oy og OP. Koseleg det. Noko eg og sette veldig pris på var kinoturen eg hadde med søstrene mine. Eg trur det må vera fyrste gong at me alle har gått på kino saman! Me såg den morosame filmen «Ein ganske snill mann». Magne Risa, den kjende globetrottaren var og heime og eg vitja han den 20. april. I den lille raude bua si viste eg han den nye datamaskinen eg kjøpte dagen før. Jo, eg måtte jo ha meg ei bursdagsgave og det vart ein ny berbar maskin som eg sjølvsagt har installera Linux Ubuntu på. Det var berre surt å måtte betale 1000 kroner ekstra for eit OS (Windows Vista) eg berre skulle sletta! Magne han var og ramma av flystansen. Magne han venta på fly til Chengdu i Kina. Ein spanande by Unni eg, Falke og Kitty Karina vitja i 2004. Han ville vidare til Tibet på denne nye jernbanen over tundraen, 3500 meter over havet… Den jernbanestrekninga som ligg høgast i verda. Unni vert nok «misunneleg» når ho les det!
Kjekt å vere på besøk hos han igjen, i det litle huset på Risa. Etter nokre dagar på overtid begynte eg å bli rastlaus. Eg nytta høve til å gjere litt arbeid og, finne på noko eg kunne tene pengar på – og det gjorde eg. Det blei ein månad ekstra til Spaniabudsjettet det…
Det er ny veke snart. Men fyrst vert det helg. Me ser fram til laurdag. Då får me besøk frå Stavanger. Det er Eimund og Åshild som kjem. Det gler me oss mykje til. Dei skal vere her hos oss i 4 dagar, så skal dei ta resten av veka i Alicante. Og på onsdag kjem det nok eit besøk som me alle tri har venta lenge på…