Falke har vært her i nesten to veker. Men han er reist nå. Han dro den 22. mai og er attende i Skjold på militærbrakka no. Det blir alltid mykje aktivitetar når han er i nærleiken! Me har bevega oss høg og lågt, bokstaveleg tala! Me har ikkje klart å kome oss opp på Puig Campana enno (1408m høgd – 14km tur) Hadde konkrete planar med Falke, men det blei ikkje tid. Me kom oss rundt omkring i området saman med han, men me som bur her har ennå nokre veker igjen før me sett nasen heimover til Noreg (eg og KK iallefall). Det blir varmare og varmare for kvar dag no. Den siste tida har det vore 26 grader det meste av dagen.
Etter dykkinga for to veker sidan har er gjort lite som der er verd å skrive om, men noko har me gjort, forskjellig laust og fast om ein kan sei det sånn..Me var ein tur til Polop og Callosa de Sarria. Den fyrste plassen som heiter Polop, har eg har vitja mange gonger gjennom dei siste månadene. Har fått mange fine fotomotiv herfrå. I Polop henta me 20 liter med drikkevatn. Me fekk eit tips om at vatnet her smaka så godt, så det ville me prøva! Den andre plassen, Callosa de Sarria var ute på landsbygda der me henta Kitty Karin, Sandra og Sara hos veninna Sofia. Familien hennar kjøpte huset for sju år sidan og har bygd det om til eit spanande bustad og atelier. Dei hadde 5 mål med frukttrer. Mest niespros trur eg. Me smaka på nokre av desse gode fruktene som me ikkje har sett noko til i Noreg. Dei smaka ein mellomting mellom fersken og aprikos, men kanskje litt meir søte.
Ellers så har eg og Falke køyrd rundt om kring, til Altea for ein knivbutikk, kjøpt nokre datadingsar og Falke har fått med seg Denia. Her har eg ikkje vært før. Denne byen ligg 50 minuttar køyring nord frå der me bur. Stor by med 40.000 innbyggjarar. Det fins ei middelalterborg (Castillo de Denia) sentralt i byen, og ein koseleg gamal bydel ned mot sjøen. Falke vill undersøkje leige av firehjuls motorsykkel, for terrengkøyring. Eg trur han vart litt skuffa, det var ikkje akkurat den store utfordringa for han som ville ha hard kjøring med flyging på bakketoppane og ikkje ein «sundagstur for pensjonistar» som dei la opp til her.
Alt i alt ein fin tur for Falke. Neste vitjing frå Noreg blir Sally som kjem i slutten av juni. Det er ein månad til det. Stille og rolege dagar for meg frametter. Kanskje eg kan skrive mykje no, sjølv om det er hard å jobbe i varmen … 😎 Det hadde jo vært fint om det kom nokon, sånn heilt overraskande no i juni! Me kan jo håpa……
Dei siste dagane har det vore verkeleg varmt her. Det er norske sumar-temperaturar! Då har det hendt fleire gonger at me har teke ein natt eller to på taket! Her i Tita har me ein takterrasse som det er fint å sole seg på om dagen, og fredeleg og avkjølande å sove på om natta! Den som kjem på vitjing kan få prøva!
Neste oppdatering frå oss kjem den 31.5 og 4.6., for dei som venter på det 🙂