Nok eit lengre opphald frå skriveverksemda mi! No har det skjedd ein del som er verd å ofre nokre ord på. Det har vore travle dager i det siste!
1. Me har feira eit 26års jubileum.
2. Me har vore på tur igjen.
3. Me har hatt overnattingsbesøk (fleire faktisk).
4. Nye opptak til filmen.
5. Me har startar flyttinga – igjen.
For dei som lurde på kva som var så spesielt med 22. oktober 1983, så var det dagen då eg og Unni Elisabeth møtte kvarandre. Ein fin middag vart det i Alfaz del Pi, sjølv om eg nok kunne ha funne ein stad med litt betre mat…
I helga var med på tur. Me køyrde Kitty Karina og ei venninne (Silje går i 6 kl på den norske skulen) til Terra Michica. Dette er ein fornøyelsepark på line med Kongeparken, men tre gonger større. Her sette av jentene kl. 12, så sette me nasen mot fjella bakføre.
Koselege Finestrat openbara seg i eit mektig fjelllandskap. Som fleire byar i området, mellom anna Polop og Guadelest er og Finestrat verd eit besøk om du vil se flott natur, gamal spansk arkitektur og oppleve noko anna enn shopping, strandliv og bading. Finestrat ligg like bak (vest) for det store Puig Campana som me etter oppmoding frå ein ven (Richard Steffensen) har planar om å bestige! Det er 1408 meter høgt. Den er snøkledd somme tider på vinteren, men me må prøva å kome oss opp ein dag utan snøver! I Finestrat fann me ein brukt butikk…. Der blei me ei lita stund.
Etter eit par timar i fjella, køyrde me til Benidorm, der me ikkje gjorde anna enn å ligge på stranda til sola forvann bak skyskraparane. Då var jentene klare for å bli henta med Tacos og privat skodespel i heimen!
Dei siste to dagane har me og hatt ei norsk jente frå Larvik på besøk i huset. Silje Jacobsen heiter ho, er 28 år utdanna lærer og reiser Spania rundt for å lære seg språk folk og kultur. Eg invitera henne via Couchsurfing. Det er et sosialt netteverk for folk som liker å reise og oppleve folk der dei bur. Dette ville eg og gjerne prøve, og har allereie fått kontakt med spanske vener som eg skal halde kontakten med framover. Magne Risa er ein ihuga CS-mann! Han har mange spanande reise-erfaringar. Les kommentarfeltet hans på denne lenka.
No har eg pakka igjen. Me er på flyttefot til nok ein bustad. For dykk som har lese bloggen min jamt og trutt vil veta at med har fått oss ein mindre bustad. Me leiger av eit par frå Skien, eit hyggeleg tannleikar/sjukepleiarar som har dette huset i omlag 10 år. Huset er tidlegare eigd av ein norsk skodespelar. Han er kjend for ein av de mest namngjetne filmroller i norsk filmhistorie. Kan nokon gjette det? Skal skrive om han seinare når er syner fram huset for dykk. Eg fekk og ei spesiell e-post i dag som knyter meg og til norsk filmhistorie! Fylg med seinare!
På måndag hadde med og opptak av Kitty Karina sin klasse på skulen. Dei hadde eit prosjekt i samband med FN-dagen og hadde mellom anna framføring av dette for SFO-elevar. Kitty Karina si gruppe hadde eit sers kreativt innslag!
I dag tyrsdag slengde inn eit par koffertar og ryggsekker med eigendelar. Trur eg blir ferdig til torsdag, då kan eg vaske ut huset. Eg reknar med å gjere dette aleine, ettersom Unni Elisabeth og Kitty Karina er på skulen…
Odin, kan du gjere kommentarlenkja meir synleg? Eg trur ikkje alle finn det slik den no er plassera og forma…
Og hjarteleg velkomen til deg og Helene på sundagen!!
Eg gler meg verkeleg stort! Men utruleg irriterande og synd at du ikkje er der. :-/
Oooh, kul OpenID-sak du hev fengje her. Ajaxy greidor 🙂