Playa del Mal Pas, finaste staden i byen.
Så er eg attende i Spania. Nøyaktig to år etter at Kitty Karina og eg var her sist i fjorten dagar. Aleine denne gongen for å gjere noko er har tenk på lenge. Eg vil fiksa på tanngarden min 🙂
Antonio og assistent set inn titanskuer!
Dette er ei omfattande sak som eg nok vil bruke eit halvt års tid på med fleire turar til Spania dei neste månadene. Eg fann Clinica Dental Costa Blanca på nett og tok kontakt med dr. Anton, ein tysk lege med lang fartstid i Spania. Dei såg ut til å ha eit godt omdøme. Som alle veit, så er det dyrt med tannrøkta i Noreg, eit av dei dyraste landa i verden har eg høyrt – då skulle det ikkje så mykje hovudrekning til å sjå at eg ville spare mykje på ein slik operasjon i Spania. Dei er like dyktige som i Noreg, så det er det ikkje noko å uroa seg for.
Dette er innsida av meg.
Eg reiste til Benidorm på tysdag og har vore her sidan for å førebu innsetting av implantatar. I dag, torsdag er fyrste steg ferdig, der eg har fått sett inn fire skruer i titanium.
Antonio og Anton. Dyktige folk!
Sara og Lisa, kjekke damer som tek god vare på pasienten.
Det tok Antonio under ein time å sette dei 4 skruene inn. Han er ein sers flink ekspert og hadde sett inn 5 stk hos ein 80åring rett før eg kom. Han har så langt nærmare 3000 implantatar i sin 15 årige karriere!
Hotellet Celyman i Benidorm.
Mens eg er hos tannlækjaren her her i Benidorm, har eg teke inn på eit billeg og bra hotell, i gå-avstand til tannlækjar og til stranda. No har eg ikkje hatt tid til ta meir enn ein einaste strandpromenade, men det vil det vel bli tid til, eg reiser attende til Stavanger på laurdag. Skal og til Albir i morgon. Byen der me budde eitt år i 09/10. Kanskje eg ser på billege leiligheiter og?
Dagleg inntak av medisinar og føde dei neste dagane!
16. mai i dag. Går og spis på det du ser på bilete. Det er blitt berre det, og mykje vatn. For det er varmt etter kvar. 23-24 grader og sola varmar den skrale skrotten 🙂 Har sett på 4 leiligheiter i dag. alle 3 roms med 2 bad, 2-3 etsje, 200-300 meter fra stranda i Albir. Det er god kvalitet på dette, skulle vere greit å leige ut til nordboarar, tenkjer eg. Prisane er ikkje vonde. Dei har gått jamt nedover her som andre delar i Spania.
Kjekt å promenere langs Middelhavet igjen 🙂
Her i Albir har prisane halde seg jamt høge, på grunn av det kjøpesterke skandinaviske (norske) publikum. Det er fart i omsetninga seier meglarane, prisnergangen har flata ut og no er det berre vegen opp att…. Skal sjå på fleire i morgon. Har kontakta to meglarar som begge har vært i markedet i minst 15 år.
Her er ein av dei fire eg såg på i dag.
Flott uteanlegg! Like i Albir sentrum. Utgang til Middelhavet til høyre.
Stuge i den fyrste leiligheit eg såg på