Den fyrste bilen eg hugsar eg køyrde i var ein 2 CV (deux chevaux, fransk for to hestar). Det var min onkel Eldar Omdal og kona hans Bodil som kjøpte denne i 1958-59. Har nokre vage minne frå desse turane. Det var noko med den spesielle mjuke rørslene i bilen. Setene var enkle, med tydelege metallfjører i og bilen sine rørsler var mjuke og me dansa bortetter vegen i bilen til onkel. Eg hugsar me var fleire turar med han til Omdal i Eigersund, innover vegen til heimstaden til bestefar, Ingvald. Vegen var smal og svinget, det var helst ein kjerreveg, ikkje laga for bilar. 2CV smaug seg fin over bakkane, over den smale grusbanen med høge midtlina av små og store steinar. 2CVen var jo sers høg under og kunne køyre der andre ikkje kom fram.
Her i Spania har eg møtt mange 2cvar. Så mange at eg har byrja snuse på dei for kanskje å ta med heim til Noreg! At Unni Elisabeth og alltid har hatt ynskje om ein slik bil har jo ikkje lagt ein dempar på kjøpelysten. Kunne tenkt meg ein som var eldre enn 1980-modell, då slepp ein unna me avgifter for veteranbil. Me har jo ein garasjeplass i Kviteseid som passar ypperleg! Fint å kunne køyre langs Telemarksvegane i ein sånn flott doning!! Noko og buse seg etter mellom alle dei store AMcar-veteranane i Vest-Telemark, tenkjer eg!
Overalt kor me har reist har er sett bilen køyre eller stått parkera. Det er tydeleg at bilen held seg godt, i alle fall her i varme tørre Spania. Her om dagen eg var ute å sykla traff eg på ein kvit, som eg berre måtte ta bilete av. Den fyrste eg fekk avfotografere i fart, for å sei det sånn. Det vise seg seinare at det faktisk var ein norskregistrert bil! Eg vitja og ein bruktbilselgar i september då Jan Erik og Signe var på vitjing.
Under ein av våre mange reiser omkring i Communidad Valencia kom med over ein interessant stad. Der var det samla minst 150 2CVar i forskjellig alder og utsjånad. Her var det bilar attende til den fyrste tida i 1948 då Citroen byrja å laga den populære bilen. Det blei laga ialt 3.8 millonar av denne, men og varebilar og små lastebilar. På staden me stoppa var varebilar, og personbilar i alle utgåver. Nokre såg ut som dei kunne køyrast rett ut porten. Her var og andre Citroenmodellar, ja til og med ein Trabant frå Aust-Tyskland. Den kan eg tenke var frå kring 1980. Eigaren av plassen hadde spesialisera seg på delar til 2CV og det kan jo trengast, så mange 2cver som rullar rundt i Spania i dag.
Vitjinga på denne plassen ga meg eit skikkeleg nostalgi-oppleving som nok kjem til å påverke meg i om eg vel å kjøpe ei slik eller ikkje. Dagane og vekene som kjem (+ UnniElisabeth og Eurokursen) avgjer dette….
Ei lita melding til dykk som kjenner Odin… Han er på ei 60dagers reise i USA og skriv blogg frå turen. Ta ein kikk!