I 10 månader har eg hatt ynskje om å kome meg opp på Puig Campana (1408 meter over havet). Det var ein god moglegheit då Olav Petter kom hit i forrige veke. Me rusta oss godt til turen, det var varmt, omkring 30 grader då med reiste frå bilen.
Me fylde instruksjonar frå eit turbok me kjøpte for ei stund sida. Det blei litt forvirrande, ettersom det som stod skrive var uklart og mangfullt. Etter å ha fylgd dei merka løypene, kom me opp til kring 950 meter.
Då hadde me gått i 2 timar og var halvvegs. I boka stod det at heile turen tok 4,5 timar, men då forstod me at det var noko som ikkje stemte. Turen rundt fjellet er på 14 kilometer. Det er mykje, når ein og skal stige 1000 meter. Varmen var intens. Me hadde med oss 4,5 liter vatn og det gjekk med – fort. Eg stogga fleire gonger for å taka bilete. OP og Unni gjekk vidare og då eg skulle sette opp tempo og ta dei igjen merka eg at eg ikkje er i så god form lenger …eller kan det vere varmen…hrmm…Jo – me seier det! Det er kanskje ein orsak til at det ikkje er nokon som går til toppen på denne tida av året.
Hjartebank og pustevanskar i 30 graders varme tvinga meg til å setje ned tempoet. Me kom oss opp til kring 950 meter då me innsåg at dette klara med ikkje denne dagen. Ein stor brønn vekte vår merksemd, ein steinsett konstruksjon som me undra oss svært over. Kunne det vere ein del av eit eldre vatnings-system høgt her opp rett under det bratte fjellet. Vel – me sette kursen heimover og bruka nesten to timar på å kome oss attende til bilen. Det var framleis varmt, så me tok oss tid til å sjå den flotte floraen. Mange fine fotomotiv. Om me ikkje nådde toppen så hadde det like fullt vore ein fantastisk tur med mykje flott natur.