Så var eg attende til heimen i Spania. Ei veke med arbeid, reise besøk til familie og vener. Det skjer mykje på kort tid. Var så heldig å få bu hos Dag Bjørnsen, kjekk kar med stort hjarte! Det er umåteleg ansleis på vere i sin eigen by når ein ikkje har nokon plass å bu for seg sjølv. Det skrev eg om sist. Det er og merkeleg å kjenne at dei ein høyrer til med (Unni og Kitty Karina) ikkje er der, men ein annan stad! Derfor føler eg meg heime att, no her med Unni Elisabeth og Kitty Karina. Herleg å vere heime att! Trøytt, både Falke og eg. For Falke var med, det er eg frykteleg glad for. Det hadde ikkje gått utan!
Eg og Falke køyrde frå Stavanger kl halv to på fredag. Eg hadde pakka bilen, hadde faktisk god plass og kunne sikkert ha teke meir med meg. Ein nabo i Schancheholen kom med nokre smykke og papirer til ei jente i Valencia (skriv nok meir om ho seinare). Ein ekskollega frå Randaberg kom med nokre ting for huset hans i Spania. Fekk plass til dette og.
Så var det avgarde. Ferja gjekk frå Kristiansand kl. 16.30. Så me hadde kring 4 timer på oss. Det gjekk fint. I Hirtshals var me kl. 1945, så var det berre å køyre på!
Falke er klar for 3000 km på hjul gjennom Europa!
Danmark og Tyskland vart tilbakelagde på den fyrste kvelden. Me kom inn i Frankrike på morgonkvisten og var langt sørover mot Nancy på morgonkvisten. Magne hadde førebudd ei dame i Liege på ei overnatting, men me køyrde litt lengre aust og kom inn i Frankrike med Strasbourg. Det var lite trafikk på ein laurdag, så me hadde ikkje problem av noko art. Og Falke han imponera som ein svært stødig og roleg sjåfør.
Fersk sjåfør med 14dagars sertifikat, imponera med kjøyringa si!
Den store elddåpen kom for Falke! Det skjedde i Barcelona, klokka halv ni på kvelden laurdagen. For dei som kjenner byen og vegane og trafikken der veit kva eg meiner. Ta rushtrafikken i Stavanger og gang opp med 10 i mengd, i kaos ig tempo og i temperament! Dette tok Falke med stoisk ro! Me kom oss gjennom byen og for mot Valencia og Alfaz dei neste timane! Unni sov på sofaen i heimen då me kom fram klokka 01.35 på sundag morgon!
Falkemat
Skjalg sin mat
I dag har Falke og eg sove ut. Men eit bad vart det tid til. Og eg måtte eg jo filme Falke og Kitty Karina som traff kvarandre i morges før frukost. Kitty Karina har snakka mykje om at Falke skulle komme og gledd seg valdsamt den siste veka. Kitty Karina hadde og funne ei gåve til han (se bilete).
Kitty Karina vil gi Falke ein våt klem
Like attmed vårt hus ligg det eitt stort symjebasseng. Kitty Karina ville sjølvsagt vise Falke dette og det var ikkje han imot som den sjøløva han er! Framleis varm i vatnet etter norske tilhøve, men me synes de vert kalt eitter kvart. tippar 22-23 grader etter ein dag og to med regn og overskya ver. Her det det sola som varmer bassenget, så dårleg ver eit par dagar senkar temperaturen.
Vatn er kjekkt. Bade, symje, dukka!
Falke, Kitty Karina og Skjalg kosar seg i bassenget ved huset vårt i Alfaz.
Behagelig arbeidsantrekk!
Falke har eitt kjekkt kamera som tåler vatn!
... og slik ser Falke ut under vatn!