Me kjem frå Alicante til Stavanger den 19. desember. Ankomst til Sola kl. 22.05. Me reiser tilbake Spania den 2. januar 2010. …Og me bur på Stavanger Brygge, Verven 50 B204. Det er andre etasje i lavblokka. Velkommen på besøk. For dei som ikkje kan ta turen så er Odin flinkt til å vere oppdatera på kva som skjer i Stavanger!
Month / desember 2009
Uvér – Tormenta
Å ta vare på minne – El cuidado de los recuerdos
Kanskje det viktigaste innlegget mitt dette:
Denne sia les du frå din datamaskin, men ho ligg eigentleg på ein maskin i USA. Det skal vere ein trygg måte å lagre sine digitale dokument og bilete. Dei som passar på servaren I USA tar stendig (fleire gonger til dagen) kopi av dine data og kan om ynskjeleg gje deg kopi av alt du har der (ord og bilete) når du treng det. Dei vil sjølvsagt og legge alle dine ting på plass att om det skulle skje noko med maskinane deira (straumbrot, harddisk-krasj, hacking osb).
Fleire av dykk tar digitale bilete. Det er ei utvikling som det er vanskeleg å stå i mot. Me er derfor meir og meir avhengige av datamaskinane våre, og at dei til ei kvar tid virkar! Det er ikkje alltid dei gjer! Ein gjennomsnittleg datamaskin har ein harddisk som varer i 4-5 år. Det er ikkje lenge! Dersom du samlar alt du skriv og alle bilete på denne kan du rekne med at det forsvinn i løpet av nokre år! OM DU IKKJE TAR KOPI! Dette har gjeve mange negativ oppleving og ein dyrkjøpt røyndom!
Vår son Odin, skulle ha ei god rutine på desse aktivitetane med hans studier og arbeid i dataverden. Men det er diverre slik som med skomakaren og sonen sine sko, dei er ikkje av beste sort… Odin har mista mykje av sine datafiler i haust. I oktober byrja Acona, den sentrale servaren vår i Schancheholen å skranta.
Det var houvud-platelageret (hardisken) som song på siste verset! Odin hadde ikkje tatt kopi av denne på lang tid! Her var det mykje som fór sin veg. Odin skriv sjølv om det ….«Acona hev vore tenaren min sidan eg gjekk på ungdomsskulen, og det er difor ikkje reint lite som er å finna der. Dessutan hadde eg heile økonomien til firma mitt der, dvs. alle fakturaane eg hev sendt sidan eg uppretta firma mitt. Alt vekk no.» … . Eg (Skjalg) hadde og mykje liggande der, det meste eg har lagra av dokument sidan 1988. Men eg hadde teke kopi av alt saman i august 2008. Og dette ligg på ei anna maskin heime i Schancheholen! Odin kan kanskje redde noko frå den øydelagt disken, det var det er prøvde å hjelpa ham med då eg var i Noreg sist. Her er eg ved saka si kjerne. Kopiering av verdfulle data. Backup som det heiter på dataspråket. Det må ein berre lage seg rutinar på! Det er igjen veg utanom! Ellers så gjeng det veldig gale. Det er fleire måtar å gjere dette på. Eg skal gje dykk nokre tips etter eigen røyndom. Eg har 4 eksterne harddiskar. Dei fleste av desse brukar eg arbeide mitt som filmarbeidar. Eg har lagra dei hos syster mi no. Desse diskane er kopi av filmfiler som allereie er laga og kopiert til DVD, eller andre diskar. Det er kopi over alt. Sikkert.
Dei private bileta mine som eg har teke sidan 2004 (då me fekk fyrste digitalkamera i hus) er lagra på Unni si maskin og på maskina heime (den om ikkje er øydelagt) Bileta er og lagra på fleire diskar og DVDar. Slik har me og gjort for Unni sine 5000 bilete frå 2004 og mine siste 2876 bilete frå Spania. For å vera heilt sikker så har eg laga eit par til Unni som ligg her, og eit par som ligg på DVD i Schancheholen.
Eg tok óg ekstra kopi av hennar bilete på ei anna datamaskin i 2008. Ein anna lagring som er sikker er å leggje bileta ut på offentlege servarar. Det gjorde eg (i tillegg) her om dagen på Altibox heime i Noreg. Dei tek godt vare på dine bilete (se øverst). Det er gratis opp til 5GB (ca 2500 bilder). Alle bileta frå websia mi ligg der (270 bilete). Eg har planar om å legge opp alle dei 2876 bileta der og men det tar mange timar med opplasting frå ei treg internettline her i Spania. Fleire nettstadar (t.d. fotobutikkar på nett) har tilbod om lagring av dine bilete. Trygdingsselskap har og tilbod om dette. Det er mykje skrive om desse tinga på internett. VG har ein fin artikkel om dette. Og Tv2 hjelper deg har gode råd om lagring av bilete.
Og neste gang blir det eit innlegg om kvinner! Eller meir – spanske kvinner….. Følg med!
En handymans betroelser – las confidencias un hombre práctico
Handyman er eit ord som gjev visse assosiasjonar. Ein praktisk mann som kan det meste. Ein mann som nokon og ein kvar skulle hatt i sin nærleik…. Handyman kan skru i skruer, skifte dekk på bilen, reparere lekkasje i røyr på badet og han er god på det meste. Eg har budd her i Spania no ei stund. Eg har ikkje det vanlege arbeidsforhold som dei fleste har. Eg er friarbeidar. Det har eg faktisk vore i nær 40 år! I 1986-87 og 2001-2002, altså 2 år av i alt 40 var eg tilsett i eit firma. Men no er eg i Spania og er friarbeidar. Eg jobbar med film, men har og mange andre oppgåver. Eg må passe på hus både her i Spania, heime i Schancheholen, på Stavanger Brygge og huset vårt i Kviteseid (ser og stundom til gardsbruket til Unni Elisabeth i Sauherad – der eg vil skifte nokre vatnfjøler til sumaren).
På trass av mykje aktivitet vil eg nok ikkje trone høgt på inntektssida i Noreg dette året. Her i Spania har eg ikkje noko inntekt i det heile, det er Unni Elisabeth som er forsørgjaren her dette året. Men det er mykje eg kan gjere her! I fyrste rekkje skal eg gjere opphaldet her i Spania så behageleg som mogeleg for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har eit spesielt oppdrag: å sørge for at Kitty Karina føler seg trygg, at ho har et bra, at ho likar seg. Noko av dette er kjende gjøremål me menn kjenner godt til i Noreg….
Lage mat, vaske golv, rydde i garasjen,
fiksa datamaskina, ordna øydelagde stikk-kontaktar, mala ein vegg, teikne julekort, henge opp klesvask, reie opp seng, vaske opp, gå i posten, kjøpe inn mat, drepe maur, brygge kaffi, rydde i stua, støvsuge… og alt det eg ikkje kjem på i farten! Det er verksemd som dette som kvalifiserer ti omgrepet handyman, eller?
Det er noko sexy over ordet, handyman, det er vel mannen som kvinner vil ha. Ein praktisk mann som og har andre føremoner. Jo for han må vel og ha ein fin veltrena kropp. Eg ser for meg ein kar med brunleg olje-glinsande overkropp, iførd ei olabukse og med ein skiftenykel i handa. Der har du mannen. Det er slik eg føler meg. Her i sola,i varmen i Spania!
No ventar eg berre oppdrag frå dei heimverande kvinnene i Spania! Eller….. stopp litt…. er det meir tid igjen når alle dagens oppdrag er gjennomførde…. Kanskje eg må byrja med nattarbeid?
Endeleg!
Jul i Spania – Navidad en España
¡FELIZ NAVIDAD!
Så nærmar me oss jul og her i Spania. Sjølv om det kjennest ut som me er langt vekke frå denne høgtida, se er det vel like kort tid til jul her som heime vil eg tru… Det har vært fleire tidlege teikn til dette og her. Matbutikkane var dei fyrste til å sette fram julekake og julegodt. Det skjedde for ein månad sidan. No i dei aller siste vekene har dei fleste kome etter, klesbustikkar, nipsbutikkar, fotobutikkar og blomsterbutikkar. Me er jo dagleg og svinsar rundt i byen, stikk innom butikkane, og somme gonger og kafear og restaurantar. Det har ikkje vært så mykje spising ute i det siste, me har ikkje så god råd lenger etter at Stavanger Brygge blei oppsagt. Nå vert det nok smalhans med vassgraut, neversuppe og regnvatn! Om nokon har ei lita halv-spist julepølse dei kan avsjå, så tek me mot den!