14 dagar i Noreg har eg vald å fortelje med bilete. Det skjedde så mykje, så derfor vert det mest interessant for dykk å sjå bileta. Håper dykk vert nøgd med det! Desse strekkjer seg frå 19. desember til 23. desember. Resten kjem til veka.
14 dagar i Noreg har eg vald å fortelje med bilete. Det skjedde så mykje, så derfor vert det mest interessant for dykk å sjå bileta. Håper dykk vert nøgd med det! Desse strekkjer seg frå 19. desember til 23. desember. Resten kjem til veka.
Tilbake i Spania. Veldig mange opplevingar rikare. Meir om dette i dagane som kjem. Nå nyt me frukost på terrassen i 20 grader. Kontrasten er stor mellom desse bileta!
Handyman er eit ord som gjev visse assosiasjonar. Ein praktisk mann som kan det meste. Ein mann som nokon og ein kvar skulle hatt i sin nærleik…. Handyman kan skru i skruer, skifte dekk på bilen, reparere lekkasje i røyr på badet og han er god på det meste. Eg har budd her i Spania no ei stund. Eg har ikkje det vanlege arbeidsforhold som dei fleste har. Eg er friarbeidar. Det har eg faktisk vore i nær 40 år! I 1986-87 og 2001-2002, altså 2 år av i alt 40 var eg tilsett i eit firma. Men no er eg i Spania og er friarbeidar. Eg jobbar med film, men har og mange andre oppgåver. Eg må passe på hus både her i Spania, heime i Schancheholen, på Stavanger Brygge og huset vårt i Kviteseid (ser og stundom til gardsbruket til Unni Elisabeth i Sauherad – der eg vil skifte nokre vatnfjøler til sumaren).
På trass av mykje aktivitet vil eg nok ikkje trone høgt på inntektssida i Noreg dette året. Her i Spania har eg ikkje noko inntekt i det heile, det er Unni Elisabeth som er forsørgjaren her dette året. Men det er mykje eg kan gjere her! I fyrste rekkje skal eg gjere opphaldet her i Spania så behageleg som mogeleg for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har eit spesielt oppdrag: å sørge for at Kitty Karina føler seg trygg, at ho har et bra, at ho likar seg. Noko av dette er kjende gjøremål me menn kjenner godt til i Noreg….
Lage mat, vaske golv, rydde i garasjen,
fiksa datamaskina, ordna øydelagde stikk-kontaktar, mala ein vegg, teikne julekort, henge opp klesvask, reie opp seng, vaske opp, gå i posten, kjøpe inn mat, drepe maur, brygge kaffi, rydde i stua, støvsuge… og alt det eg ikkje kjem på i farten! Det er verksemd som dette som kvalifiserer ti omgrepet handyman, eller?
Det er noko sexy over ordet, handyman, det er vel mannen som kvinner vil ha. Ein praktisk mann som og har andre føremoner. Jo for han må vel og ha ein fin veltrena kropp. Eg ser for meg ein kar med brunleg olje-glinsande overkropp, iførd ei olabukse og med ein skiftenykel i handa. Der har du mannen. Det er slik eg føler meg. Her i sola,i varmen i Spania!
No ventar eg berre oppdrag frå dei heimverande kvinnene i Spania! Eller….. stopp litt…. er det meir tid igjen når alle dagens oppdrag er gjennomførde…. Kanskje eg må byrja med nattarbeid?
Spania er Europas fremste ferieland. Det kjem 49,5 millionar turistar kvar tår her til landet. 800.000 av dei er frå Noreg. Spania sitt klima er ei av dei viktige grunnane til at så mange kjem hit. Eit anna viktig motiv er den spanske kulturhistorie.
Spania er og det landet der det bur flest norske, bufast. Dei held seg for det meste på solkysten Costa del Sol, Costa Blanca og Costa Brava.
I dette område seiest det at det bur mellom 60.000 og 80000 norske. Det kjennest ut som dei fleste bur her i Albir og Alfaz! Men statistikk seier at kring 5000 bur fast her i kommunen. akkurat her i er det er visst den 3. største utlendings-busetnaden utan om England og Tyskland. Over alt høyrer me norske stemmer- Det er pensjonistane som er her no. I dag då eg tok den vanlege turen til stranda, passera eg fleire kafear. Så godt som alle plassane var det norske tungemål i lufta. Eg er sikkert eg møtte 150 norske på dei 3-4 minuttane det tok meg å passera på veg til posthuset.
Kafeane ber jo preg av dette. Dei har norske menyar og fleire av dei tilsette snakkar og norsk. Det er eit merkeleg samfunn, me er i eit spansk miljø men høyrer mest norske stemmer. Det er ikkje så påfallande om sumaren, då kryr det av turistar overalt. Dei norske forsvinn i mengda. No er de berre pensjonistar her, og oss, og nokre få andre. Me har møtt nordmenn som har vore her i nesten 30 år. Den norske busetnaden blei for alvor markant på syttitalet, etter at Spania var blitt det fyrste store ferielandet med reiseselskap som Spies, Tjæreborg og Saga Solreiser som pionerane rundt 1960-65.! På syttitalet busette dei fyrste seg her i Alfaz. Den fyrste busetnaden var eit 150 hus store Foia Blanca like ved Alfaz by. Sidan er det mange som meiner det er blive ein norsk koloni her. Dagsavisen laga i 2004 ei reportasje som vekte mykje harme her blant fastbuande nordmenn.
I fylgje husverten vår, Kalve, som har 20 års fartstid her i Spania, så var det ein entreprenør frå Bergen som bygde dei fyrste bustadfeltet i området. I 1974-75. Område var tidlegare appelsinplantasjar, det har nok vært ei svær næring i området før.
Entreprenøren gjorde gode pengar og kjøpte fleire område. Det gjekk godt i mange år, men me veit jo at det som gjeng opp ein gong kjem ned att. Nedgangstider og konkursar fylgde på som bølgjer på havet. No er me der att, nede i bølgjedalen.
Dei einaste som kan sitte og gjere som ingenting er dei norske pensjonistane. Dei har betalt sitt hus og si gjeld og kan berre gje eigedomane til sine barn eller barnebarn.
Sit roleg og nyt sola på terrassen. Det er varmt i sola, kring 30 grader tenker eg. Høyrer suset frå trer, fuglekvitter. Den fine blomsterbusken over inngangen her trekk til seg fine fuglar.
Eg såg for fyrste gong i livet mitt ein Kolibri. det er verdas minste fugl…
Men attende til det eg byrja med…Stillheit…
Så høyrer eg plutseleg ein hund, lang vekke. Bjeff bjeff , så vidt eg kan merke det. Så kjem ein til, og sa ein og etter nokre sekundar med hundeglam… 10-15 hundar snakkar med kvarandre, for det er vel det dei gjer, ikkje sant?
Det er frykteleg mange av dei her i Spania. Det er nett som i Sørøstasia der med var i 86-87. Men her er dei fleste innesperra eller går i band med eigaren sin. Ser at det er mange som nyttar hundane som vaktbikkje. Dei vaktar store og små eigendommar – anten eigaren er her eller ikkje… Det er ikkje få gonger me blir vettskremte av store bikkjer som plutseleg hoppar opp på grind elle port når du går forbi.
Det ser mest ut som om dei ventar stille for så å skremme maksimalt med å hoppe og bjeffe idet du går forbi…. Ikkje kjekt. Ser det er vanleg med slike hundar hos både spanjolar og utlendingar. Men ein blir vel vande med det. Det er ikkje som den fryktelege støyen frå Motorvegen i Stavanger! Den kan ingen bli vant med. Ei anna detalj som kanskje ikkje så mange i Noreg er klar over, er den lette måten hundeeigarar tek seg av driten! Dei let han ganske enkelt ligge! Det er ein frykteleg dårleg vane som me heldigvis er betre skåna for i Noreg…
Dagar kjem og dagar gjeng. Den eine dagen tek den andre. Ordspråk som er blive flosklar. Men det er slik det følest. Me har budd i Spania i tri månader idag. Det er ikkje lengre enn ein lang ferie, men det er nok ansleis for Unni Elisabeth og Kitty Karina. Eg har som eg allereie har skrive fleire gonger ikkje noko normalt arbeid. Eg lagar mi eige arbeidstid der eg legg inn fleire aktivitetar, så som sykkeltur til stranda der eg hentar dagens post (om det er det då), ein tur i butikken, så kanskje ein tur innom ein kafe for ein kaffi.
Vel heime i Tita, parkerer eg sykkelen i bakgarden med sia av appelsintreet. I kjellaren tek eg ut vatnet frå den lille avfuktaren som står og sviv der. Dette tøymer eg ved rota til appelsintreet, som ikkje får så mykje vatn stakkar. Me har ikkje hatt regn sidan byrjinga av oktober. Eg planlegg ei oppfinning som gjer at eg kan gløyme denne tøyminga. Eg vil laga ein innretning med slange som kan ta vatnet rett i sluken. Me skal jo vere i Noreg 12 dagar, så eg mo jo finne på noko her!
Av praktiske gjeremål er det ein del som høyrer heimen til. Det er t.d. å halde køyretøy i stand! Her om dagen måtte eg vaske bilen og skifte to lyspærer samstundes! Begge frontlysa forsvann her om dagen, midt på svarte kvelden! Det var nifst!!! Då er det ikkje fullt så farleg når bremsene forsvinn…. På sykkelen vel og merke. Det skjer jo, men ein har jo praktiske hender som fikser slike bagatellar! Og slike bagatellar oppstår støtt og stadig.
Eg skriv nokre timar på manuset kvar dag. Tek meg ein kaffi, og i dag måtte eg klargjere HD kamera mitt med å formatera minnekorta på 64GB. No er dei klar til å ta mot nye 60 minuttar med opptak. Ellers så sit eg mykje her i sofaen og jobbar på maskina. Legg ut nye tekstar og bilete på bloggen min. Det er kjekt å gjere det spesielt når vener les denne. Eller er det nokon som gjer det framleis? Eg har ikkje fått noko respons eller kommentar sidan 17. november då Merete invitera oss på besøk i juleferien (takk Merete!). For dei som ikkje finn kommentarfeltet så er det her. Ellers så skal me jo heile familien (med Odin og Falke) feire julekvelden med Siv og di….
Kitty Karina tel ned til heimreisa den 19. desember. No er det med andre ord snart juleferie og me gler oss alle til eit 12 dagars opphald i Stavanger. Me veit ikkje heilt ennå kor me skal bu, men det ordnar seg nok!
Her i Albir er det framleis varmt. Det er lite som minner om jul og vinter. Rett nok så må me ta på oss jakke om kveldane (og eg må alltid skifte til langbukse kl 18). Eg har ennå igjen å ta på meg sokkar og sko – der går grensa. Eg har gått uten sokkar sidan 24. mai og har som mål å gjere det til me er heime i Noreg til neste år.
Eg meiner det er sunt å gå utan sokkar. Det styrkjer immunforsvaret og gjer ein vel. Eit godt middel mot svineinfluensa!
I fjor var eg barføtt i sandalane mine til den fyrste frosten kom. Då var det kaldt å sykle til jobb på Randaberg vgs.!
Me har fått vårt fyrste besøk av vener frå Noreg (dei frå familien har vore her før). Det er Jan Erik og Signe frå Våland som har teke turen her og nyt varmen, fin natur, godt venskap samt god mat og vin i 4 dagar.
Nokre tankar om å bu og leve på ein ny stad
Nok ei vitjing er over for denne gong! Det er alltid noko trist når folk reiser heim att. Me har ikkje så mange vener her i Spania. Det tek tid å byggje seg eitt nytt liv ein annan stad. Me har jo ikkje akkurat tenkt på det, me er liksom meir på ei lengre reise, der med ikkje bevegar oss så mykje! Slikt følast det. Eg vert rastlaus og litt nedstemt somme tider. Då må eg finna på noko, ta meg sjølv i nakken og då går det jo godt! Me er svært glade i venene våre i Noreg og vil nok setje ennå meir pris på desse og opplevingar med gode vener i framtida.Vitjing av vener slik som Jan Erik og Signe no sist, betyr mykje for oss, me ser korleis det er å ha god og nære vener. Opplevingane mine på dei to korte turane i Noreg har og synt meg kor verdfulle menneskje er for kvarandre, det er fantastisk å bli teken imot med hus og seng slik eg har opplevd, takk til dykk for det!! Ein føler seg kanskje ekstra «heimlaus» når ein ikkje kan bu i eige hus i eigen by, i eige land….
Vel, det var nokre personlege synspunkt eg ville dele med dykk som les på sia mi.
Og her nokre kvardagsbilete frå den ny bustaden vår.
APPELSINHAUSTEN!
Etter hektiske dagar, endeleg ein komplett roleg og avslappa dag med FLOTT ver, 25-30 grader meste av dagen og roleg sykkeltur til Altea, der eg hadde forskjellege gjøremål. Blant desse var : Sjå etter dipedutter i bruktbutikk, Ordne med fast-abonnement i Telefonselskap, sjå etter hengehylle og hyller på hjul til kjøkken, bad og stue.
Eg måtte ta meg ein tur å sjå på dei fine bruktbilane på veg til brukbua! Fristande! Men glad eg har ein god sykkel som eg kjem fram over alt med! Og så koster det ingen ting – samstundes som eg held meg i form.
Og i morgon må eg stålsetje meg for
5-8 grader og regn.. Huttetu Brr. Brr..